Peter
Peter, Petter og Peder er mannsnamn som kjem frå gresk Πέτρος «Petros» gjennom latin Petrus. Dette er ei omsetting av det arameiske Kefa, som tyder «stein» eller «klippe». Namnet blei gitt som tilnamn til apostelen Simon av Jesus.
I Noreg har namnet vore kjend sidan rundt 1120, vanlegvis på forma Pétr. Den latinske forma Petrus er også brukt, medan Per er ei velkjend kortform. Andre språk har former som til dømes Pierre (fransk), Piotr/Pjotr (russisk), Pekka (finsk, Pieter (lågtysk), Pietro (italiensk og Pedro (spansk og portugisisk).
Kjende kvinneformer som har vore brukte i Noreg er Petra, Petrea, Petrikke og Petrine.
Namnedagar er 22. februar (Festen for Peters stol) og 29. juni (Festen for Peter og Paul, i Noreg kalla persok eller petersmesse).
Kjende namneberarar
endre- Apostelen Peter
- Den heilage Peter, fleire helgenar
- Peder Claussøn Friis (1545-1614), norsk omsetjar
- Petter Dass (1647-1707), norsk prest og salmediktar
- Peter den store (1672-1725), russisk tsar
- Peter Wessel Tordenskjold (1690-1720)
- Peter I av Russland (1672-1725), russisk tsar
- Peter II av Russland (1715-1730)
- Peter III av Russland (1728-1762), russisk tsar
- Peder Cappelen (1863-1837), norsk stortingsmann
- Peder Bugge (1764-1849), norsk biskop
- Peder Balke (1804-1877), norsk kunstmålar
- Peter Andreas Munch (1810-1863), norsk historikar
- Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885), norsk eventyrsamlar
- Peter Tsjajkovskij (1840-1893), russisk komponist
- Peder Severin Krøyer (1851-1909), norsk kunstmålar
- Peder Kolstad (1878-1932), norsk statsminister
- Peter Wessel Zapffe (1899-1990), norsk filosof
- Peter Sellers (1925-1980), britisk skodespelar
- Peter Buck (f. 1956), USA-amerikansk gitarist i R.E.M.
- Petter Stordalen (f. 1962), norsk forretningsmann
- Petter Rudi (f. 1973), norsk fotballspelar
- Petter Solberg (f. 1974), norsk rallyførar
- Péter Lékó (f. 1979), ungarsk sjakkspelar
- Petter Vaagan Moen (f. 1984), norsk fotballspelar
- Petter Nordthug (f. 1986), norsk skilaupar
Anna
endre- St. Petersburg er kalla opp etter apostelen
- Petter Smart er ein oppfinnar frå Donald Duck-historiene
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Peter hjå Statistisk Sentralbyrå