Opna hovudmenyen
Phoebetria


Gråalbatross, Phoebetria palpebrata Foto: François Guerraz
Gråalbatross, Phoebetria palpebrata
Foto: François Guerraz
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Phoebetria
Artar
  • Phoebetria fusca
  • Vitskapleg namn
    Phoebetria
    L. Reichenbach, 1853

    Phoebetria er ei biologisk slekt av albatrossar. Slekta har to artar, sotalbatross, Phoebetria fusca og gråalbatross, Phoebetria palpebrata. Phoebetria-albatrossar har lenge vore rekna som ulike andre albatrossar, og har halde på statusen sin som ei distinkt slekt gjennom alle revisjonane av familien gjennom siste 150 år. Dei har tradisjonelt vore sett på som primitive, ved å dele nokre morfologiske eigenskapar med dei andre stormfuglfamiliar. Likevel har molekylære undersøkingar av mitokondrie-DNA vist at artane er knytt til Thalassarche, og at dei to taksona er ulikt frå dei store albatrossane i Diomedea-slekta og Phoebastria som lever i det nordlege Stillehavet.[1]

    SkildringEndra

    Begge har fjørdrakt med karakteristisk gråsvart hovud, venger og buk. Sotalbatrossen har mørk rygg og skulder i tillegg, medan gråalbatrossen har askegrå skulder, rygg og overgump. Sotalbatrossen har ei smal, gul linje lang begge sider av undernebbet, eit trekk som skil han frå gråalbatrossen som har ei kvit linje. Trass denne skilnadene mellom dei to artane kan dei vere vanskeleg å skilje frå kvarandre på sjøen, spesielt i dårleg lys. Begge artane har ein kvit, ufullstendig augering, mørke nebb og grå føter. Dei er blant dei minste albatrossane, med vengespenn på 200 cm og vengene er smale. Gråalbatrossen, på 2,5-3,7 kg og nokre gonger opp til 4,6 kg, er større enn sotalbatrossen, på 2,4-2,7 kg. Ulikt andre albatrossar, har Phoebetria lange, stive, kileforma halar, der funksjonen er uklår, men synest å vere knytt til evna dei har til å dukke etter mat.

    HekkingEndra

    Som dei fleste sjøfuglar, er begge artane i slekta kolonihekkarar, men dei er mindre koloniale enn andre artar av albatrossar. Faktisk, på nokre øyar, som Tristan da Cunha, kan dei hekke i svært små grupper eller klynger på to til fem par, og gråalbatross kan òg hekke einskildvis. Dette er delvis på grunn av innverknadar frå menneske, og dels på grunn av tendensen til å hekke i fjellsider, i motsetnad til flatare terreng føretrekt av andre albatrossar. Begge artane byggjer kjegleforma reir og leggje eitt egg. Rugetida er 70 dagar, og begge foreldra rugar, hannen tar det første vakta på 11 dagar etter egglegging, deretter vekslar foreldra med vakter på 7 dagar. Etter klekking må ungen ha varme i 20 dagar til han er i stand til å termoregulere på eiga hand, og begge foreldra ta oppgåva med å mate han, i gjennomsnitt bringer dei mat til ungen kvar tredje dag. Ungen blir mata i omtrent 160 dagar, då han blir flygedyktig. Etter det får han ingen omsut frå foreldra. Dei er i stand til å fullføre ein hekkesyklus på under eit år, men dei hekkar ikkje to år på rad, i staden tar dei eit friår og vender tilbake for å hekke kvart andre år. Rundt 22 % av sotalbatrossane overlever til vaksen alder, det finst ikkje tal for gråalbatrossen. Hos begge artane returnerer ungfuglane til kolonien etter 7-10 år med flyging, og byrjar å hekke nokre år seinare.

    Utbreiing og habitatEndra

    Sotalbatross hekkar på øyar i Sør-Atlanteren, Tristan da Cunha og Gough Island og øyane i sørlege Indiahavet, Crozetøyane til Kerguelen. Dei beitar i området frå Sør-Amerika til Australia, nokre få registreringar har nådd New Zealand.

    Gråalbatross har ei vidare utbreiing, hekkar på Sør-Georgia i Atlanterhavet, på mange av dei same øyane i Indiahavet, Macquarie Island og på New Zealands sub-antarktiske øyar. På havet beitar dei lenger sør enn sotalbatross, sør til Antarktis, og rundt Sørishavet så langt nord som til Chile, Tasmania og Sør-Afrika.

    Dei har større del fisk enn blekksprut i dietten i motsetnad til andre albatrossartar, og dei et òg åtsel og spesielt andre sjøfuglar. Dei er òg dei beste dukkarar av alle albatrossar, og kan ofte dukke ned til 5 meters djupne, og har ein gong blir registrert så djupt som 12 meter.

    VernEndra

    Dei to artane står ovanfor liknande truslar, introduserte artar som åtek ungar og egg, og dei er offer linefiske. Desse truslane, kombinert med historisk hausting av fuglar og ungar, har ført til anslagsvis 75 % bestandsnedgang blant sotalbatross over dei siste 90 åra, ned til rundt 40 000 individ, som har ført til at dei er oppførte som ein trua art av IUCN. Gråalbatross har ikkje vore like hardt ramma, og blir rekna som nær trua.

    KjelderEndra

    • Brooke, M. (2004). «Procellariidae». Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-850125-0. 
    • Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. The Auk 113 (4): 784–801. PDF fulltext
    • Tickell, W. L. N. (2000). Albatrosses. Robertsbridge, UK: Pica Press. ISBN 1-873403-94-1. 

    ReferansarEndra

    1. Nunn, G. B., et al. (1996)