Tiaradukkar

fugleart
Tiaradukkar
Foto: Juan María Raggio
Foto: Juan María Raggio
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Tiaradukkar
Utbreiinga av Tiaradukkar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Tiaradukkar P. gallardoi
Vitskapleg namn
Podiceps gallardoi

Tiaradukkar (Podiceps gallardoi) er ein middels stor dukkar som har leveområdet i den sørlege regionen av Argentina. Han har kroppslengde på omtrent 32 cm, og har ei kontrastfylt svart og kvit fjørdrakt. Han lever på isolerte innsjøar i dei mest avsidesliggande delane av Patagonia og overvintrar i to til tre elvemunningar ved atlanterhavskysten av same region. I 2012 opplista IUCN arten frå sterkt truga til kritisk truga.[1]

Skildring endre

Tiaradukkaren har ei karakteristisk fjørdrakt blant dukkarane i slekta si, Podiceps, og kan vanskeleg forvekslast med andre artar. Fjørdrakta er hovudsakleg kvit, men ryggen mørkegrå og han har ei mørk stripe opp nakken til hovudet. Hovudet med strupen er svart med ei kontrasterande kvit panne og ei gulbrun, toppa forkrone. Den korte halsen er kvit og kroppssidene, flankane, er vesentleg kvite. Sølvdukkar, Podiceps occipitalis, førekjem i same utbreiingsområde sør i Argentina, men han er mindre, har relativt lengre hals, har mindre kontrastfull fjørdrakt med lys strupe og har raudgul fjørpryd bak auga, som øyredekkarar, i staden for på krona.

Levevis endre

I hekkesesongen lever tiaradukkaren på innsjøar på dei patagoniske steppene i krevjande klima i høgder på 500–1500 moh. Habitata ligg mot austsida av Andes og mot grensa til Chile. Hekking føregår i koloniar på opptil 130 par frå oktober til mars. Dei store reira er bygde av flytande vassvegetasjon. Kullet er på to egg, men dei sedar aldri opp meir enn ein unge per år, og mislukkast ofte med hekkinga av årsaker, til dømes av kraftige vindar. Om dei mislukkast med første kull, kan dei gjere eit andre og opptil tre freistnader på hekking same året. Reproduksjonsrata er følgeleg låg. Trass i mangelen på hekkesuksess, er ressursane rikelege for at vaksne skal overleve, og dette har resultert i låg dødsrate for vaksne individ. Det er observert døme på at sølvdukkarar dannar hekkekoloniar saman med tiaradukkarar.

I hekkesesongen er snigelarten Lymnaea diaphana hovudingrediensen i føda til vaksne og ungfuglar av tiaradukkarar, anna føde inkluderer krepsdyr (tanglopper i slekta Niphargus) og leddyr.[2] Gjennom dei to første vekene etter klekking blir ungane mata med vasslevande biller og andre smådyr.

Etter hekking flyttar populasjonen austover til atlanterhavskysten, først og fremst i estuar og munningane av elvene Gallegos og Coyle, nokre år òg Chico, ei sideelv til Santa Cruz-elva. Her finst rikeleg med næring, truleg som resultat av ekstrem tidevasskilnad. Det er ikkje kjent kva føde dei tar vinterstid. Einskilde streiffuglar har blitt observerte i den chilenske nasjonalparken Torres del Paine, men det har ikkje blitt stadfesta hekking utanfor Argentina.[3]

Artssoge endre

Arten vart oppdaga og skildra i 1974 av den argentinske ornitologen Maurice Rumboll. Rumboll observerte hekking på èin innsjø, og basert på det blei populasjonen først estimert til 140-150 individ. Etter at funnet var publisert har det vore stor interesse for å undersøke utbreiinga av arten og utvikling av bestanden. Dei første åra gjorde mellom andre Jon Fjeldså søk etter fleire hekkestader, og tidleg på 1980-talet var fleire innsjøar med hekkande tiaradukkarar funne og estimata blei justert opp til 3000-5000 individ. Først i 1994 vart overvintringsstadene funne.

Tiaradukkaren har eit særs spesialisert levevis med liten kapasitet til å spreie seg. Det gjer utbreiingsområdet avgrensa og arten sårbar. Føda er einsidig, dei grunne innsjøane for hekking må vere djupe nok og med klårt vatn. Dukkaren krev òg ein spesiell vassvegetasjon i innsjøane dei hekkar ved, først og fremst Myriophyllum elatinoides i tusenbladslekta som dei brukar som flytande reirmateriale. Vegetasjonen er dessutan habitatet til dei akvatiske virvellause dyra som tiaradukkaren lever av.

Sommaren 2009-2010 gjorde eit forskarteam ei grundig undersøking på hekkeplassane og fann berre 535 individ av tiaradukkarar. Året etter blei det sett ut vakt ved ein hekkeplass og konstatert at det var mink, Neovison vison, som drap hekkande dukkarar i stort omfang. Minkane var etterkommarar av dyr som var flykta frå minkfarmar. Det vart òg konstatert at bestanden av taremåse, Larus dominicanus, var aukande. Måsen er ein predator på egg og dukkarungane og utgjer trugsmål mot bestanden av tiaradukkar.[4] Eit anna funn var utsetting og fiske av regnbogeaure, Oncorhynchus mykiss, ein invaderande art. Auren gjer skade på økosystemet i innsjøane og konkurrerer med dukkarane om føda.[5] Klimaendringa er eit signifikant trugsmål mot tiaradukkaren: stigande temperatur aukar fordampinga og tørkar ut innsjøane som tiaradukkaren nyttar til hekking.

Det er sett inn tiltak for å motvirke trugsmåla: Entusiastar arbeider som vaktarar i hekketida og fangar mink med feller, jaktar mink og taremåsar, og bidreg til fjerning av aure.[6] Styresmaktene har oppretta ein nasjonalpark som dekker det meste av hekkehabitatet. Det er starta eit oppdrettsprogram for kunstig ruging og klekking av egg.[7]

Per 2019 var talet på vaksne individ 782 og stabilt på 750-800 gjennom dei fire siste åra.[7][8]

Kjelder endre

Referansar
  1. IUCN Red list Table 7: Species changing Red List Category frå Summary Statistics, zip-fil med ei pdf-fil per år
  2. Imbertie et. al (2020)
  3. Ignacio Roesler, The status of Hooded grebe (Podiceps gallardoi) in Chile, Ornitologia Neotropical 26, 255–263, 2015, © The Neotropical Ornithological Society
  4. Ignacio Roesler et. al, Hooded Grebe Podiceps gallardoi population decreased by eighty per cent in the lasttwenty-five years Bird Conservation International (2012) 22:371–382. © BirdLife International, 2012 https://doi.org/10.1017/S0959270912000512
  5. Julio Lancelotti, María Cristina Marinone, Ignacio Roesler, Rainbow trout effects on zooplankton in the reproductive area of the critically endangered hooded grebe Aquatic Conservervation Vol 27, 2017, s 128-136, https://doi.org/10.1002/aqc.2629
  6. Ignacio Roesler et. al, Colony guardian programme improves recruitment in the critically endangered hooded grebe Podiceps gallardoi in Austral Patagonia, Argentina Conservation Evidence (2016) 13, 62-66
  7. 7,0 7,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps gallardoi. Henta den 26. mai 2022
  8. Emily Sohn (2019)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tiaradukkar