Koparslagarar
Koparslagarar (Pogoniulus) er ei biologisk slekt innanfor afrikaskjeggfuglfamilien. Artane i slekta høyrer heime i Afrika og nokre har store utbreiingsområde på kontinentet. Alle er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion IUCN.
Koparslagarar | |
Raudpannekoparslagar, P. pusillus, Foto: Alan Manson
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Lybiidae |
Slekt: | Koparslagarar Pogoniulus Lafresnaye, 1842 |
Skildring
endreKoparslagarar er blant dei minste skjeggfuglane i ordenen spettefuglar. Dei har rund, kompakt kroppsform med stutte halar, venger og nebb. Fargetonane i fjørdrakta er mest rundt olivengrønt frå gult til gulbrunt, tre artar har mørk eller svart overside.
Storleiken på artane varierer, frå omtrent som for gjerdesmett, 9 cm - den nest minste arten av hekkeartane i Noreg, opp til omtrent storleiken på lauvmeis, 13 cm. Venglengder ligg på rundt fem centimeter, halen er sjeldan lengre enn tre centimeter. Nebba er kraftige, vanlegvis mellom 1 og 1,5 centimeter lange. Kjønna har liknande kroppsdimensjonar. Det er ingen merkbar kjønnsdimorfisme.
Sju av artane har kvite eller gule linjer i ansiktet. Fregnekoparslagar har ikkje ein iaugefallande farga overgump slik dei andre artane har, han manglar også markeringane i ansiktet akkurat som grønkoparslagar gjer.
Koparslagarar har leveområdet sitt frå savannar til regnskog i Afrika sør for Sahara. Gullpannekoparslagar har det nordlegaste utbreiingsområdet og finst mellom anna i det sørvestlege Mauritania, Tsjad, Sudan og Etiopia. Det sørlegaste distribusjonsområdet er det for raudpannekoparslagar, som finst så langt sør som til dei sørafrikanske provinsane Natal og Kapp-provinsen. Gulnakkekoparslagar, som finst i tre åtskilde regionar i Afrika, har eit av dei minste og påfallande fragmenterte utbreiingsområda. Han finst frå austlege Nigeria til sørvest og sentrale Kamerun. Den lever også i det nordaustlege Den demokratiske republikken Kongo og tilstøytande vestlege Rwanda og sørvest i Uganda, og dessutan i Môco-høglandet i det vestlege Angola. Øya Bioko i Guineabukta husar tre artar av koparslagarar. Gulgumpkoparslagar, som har eit veldig stort utbreiingsområde, finst også på Zanzibar.
Koparslagarar lever først og fremst av frukt og et også insekt. Nokre gonger fangar dei insekt i flukt. Dei er holromshekkarar som hakkar ut hola inn i daude tre eller greiner.
Artsliste
endreKoparslagarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2] Dei norske artsnamna i denne gruppa er skildrande for fjørdrakta.
- Fregnekoparslagar, P. scolopaceus, Speckled tinkerbird, (Bonaparte, 1850), (LC)
- 12 cm, frå Sierra Leone til DR-Kongo, øya Bioko, gulbrun spraglete fjørdrakt
- Grønkoparslagar, P. simplex, Green tinkerbird, (Fischer, GA & Reichenow, 1884), (LC)
- 9 cm, frå Kenya til Mosambik
- Skjeggkoparslagar, P. leucomystax, Moustached tinkerbird, (Sharpe, 1892), (LC)
- 9,5 cm, frå Kenya til Malawi, overgump i klår gul farge, kvit skjeggstripe
- Gulnakkekoparslagar, P. coryphaea, Western tinkerbird, (Reichenow, 1892), (LC)
- 9-10 cm, tre distinkte leveområde: Nigeria-Kamerun, DR-Kongo-Uganda, Angola, gult vengband og gul krone
- Raudgumpkoparslagar, P. atroflavus, Red-rumped tinkerbird, (Sparrman, 1798), (LC)
- 12-13, Sierra Leone til DR-Kongo, svart overside, sterk raud overgump.
- Gulstrupekoparslagar, P. subsulphureus, Yellow-throated tinkerbird, (Fraser, 1843), (LC)
- 9,5 cm, frå Sierra Leone i vest austover til DR-Kongo, Angola og Uganda, øya Bioko
- Gulgumpkoparslagar, P. bilineatus, Yellow-rumped tinkerbird, (Sundevall, 1850), (LC)
- 10-12 cm, fragmentert utbreiing frå Senegal aust til Kenya og Tanzania, og sørover til austre Sør-Afrika
- Raudpannekoparslagar, P. pusillus, Red-fronted tinkerbird, (Dumont, 1805), (LC)
- 9,5-11,5 cm, Aust-Afrika frå Eritrea til Tanzania, austlege Sør-Afrika, slåande farger, gull-farga vengefjører, raud panne
- Gullpannekoparslagar, P. chrysoconus, Yellow-fronted tinkerbird, (Temminck, 1832), (LC)
- 10,5-12 cm, utbreiing i breitt belte over Afrika sør for Sahara og sørover til nordlege Sør-Afrika
-
Raudpannekoparslagar, P. pusillus
-
Gulgumpkoparslagar, P. bilineatus
-
Gullpannekoparslagar, P. chrysoconus
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zwergbärtlinge» frå Wikipedia på tysk, den 13. april 2024
- Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). African Barbets (Lybiidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lybiid1.01
- Referansar
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 13. april 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Koparslagarar hos Artsdatabanken
- (en) Koparslagarar i Encyclopedia of Life
- (en) Koparslagarar i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Koparslagarar hos ITIS
- (en) Koparslagarar hos NCBI
- (en) Kategori:Pogoniulus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pogoniulus – detaljert informasjon på Wikispecies