Stabbursdalen nasjonalpark

nasjonalpark i Finnmark fylke, Noreg

Stabbursdalen nasjonalpark, på nordsamisk Rávttošvuomi Álbmotmeahcci, er ein nasjonalpark i Finnmark fylke som har verdas nordlegaste furuskog. Parken vart oppretta i 1970 og utvida i 2002. Han omfattar areal i kommunane Porsanger og Hammerfest, og dekkjer ca. 746,9 km².[1]

Stabbursdalen nasjonalpark
Rávttošvuomi álbmotmeahcci
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Porsanger
Høgaste punkt Čohkarášša
 - høgd 1 139 moh.
Areal 747 km²
Oppretta 6. februar 1970
 - Utvida 20. desember 2002
Kart
Stabbursdalen nasjonalpark
69°59′00″N 24°29′00″E / 69.983333333333°N 24.483333333333°E / 69.983333333333; 24.483333333333
Wikimedia Commons: Stabbursdalen national park

Geografi endre

 
Reinsdyr i Stabbursdalen
 
Furutre i nasjonalparken
 
Stabburselva under Stabbursfossen

Sentralt i nasjonalparken ligg det høgaste fjellet i denne delen av Finnmark, Čohkarášša på 1139 moh. Det ligg også fire andre av dei 25 høgate fjella i Finnmark i eller på grensa av parken. Disse inngår i fjellgruppa gaissane (av nordsamisk gáissá).

Stabburselva renn gjennom Stabbursdalen i vestre og nordre del av nasjonalparken. Elva er drygt 60 km lang og få større vassdrag i Norge har eit så urørt preg som denne elva. Elva har atlanterhavslaks, sjørøye, sjøaure, brunaure og gjedde, og er kjend for å ha mange fiskeplassar. Stabburselva er ei av dei 10 viktigaste lakseelvene i Finnmark. Innanfor furuskogen snevrar dalen seg saman til eit juv med fossefall. Her er det mange stryk og store blankskurte overløp frå den tida elva tok smeltevatn frå heile indre Finnmark.

Nasjonalparken har verdas nordlegaste furuskog og vart først og fremst oppretta for å ta vare på denne skogen, anna planteliv i området, og mange karakteristiske landskapsformer for området: karrige høgfjell, opne vidder, trange elvegjel, fjellbjørkeskog og furumoer.

Området har eit rikt fugleliv, blant anna hekkar kvinand og laksand her. Bjørkefinken er typisk, det same er dvergsporv som har hovudutbreiinga si i Sibir. Fiskeørn og dvergfalk er vanlege, og verdas nordlegaste bestand av storfugl finst i parken. Elg, tamrein og jerv er vanlege. Stabbursdalen er det nordlegaste leveområdet for fleire dyre- og fugleartea.

Opphav og utvikling endre

Nasjonalparken har ein interessant kvartærgeologi som viser rørslene og effekten til innlandsisen over Skandinavia under siste istid. Stabburselva vart skapt av smeltevatn frå isbrear frå denne tida. Den nedre delen av dalen er eit platå som ligger 60–70 moh. Under nedsmeltinga av innlandsisen vart store massar av sand og grus flytta med elver av smeltevatn. Etter istida låg landet mykje lågare, og gjennom nokre tusen år har det då heva seg slik at det vart dette karakteristiske platået.

Furua breidde seg ut over store område for 7500-5000 år sida, i overgangen mellom eldre og yngre steinalder. Ho kom som eit resultat av m.a. ei klimaendring. Den årlege gjennomsnittstemperaturen auka med 2–3˚C. Rundt 450 f.Kr. sokk temperaturen til omtrent dagens nivå, og skogen trekte seg tilbake igjen. Etter kvart var han berre att i dei indre delane av Finnmark og inst i Altafjorden og Porsangerfjorden. At skogen vart att i Stabbursdalen, kan nok forklarast med topografien til dalføret. Porsangerfjorden ligg bortimot rett nord–sør, og Stabbursdalen nesten vinkelrett på, skjerma mot den kalde vinden frå havet av fjell i nord. Skogen ligg rundt eit våtmarksområde, Lompola, der elva er stilleflytande og dannar ein serie krokete sjøar. Dette flaummarkspartiet er det rikaste området i heile Stabbursdalen. Dei frodige våtmarkene i står i sterk kontrast til dei elles karrige fjellområda rundt.

Kulturminne endre

Fangstgraver er spor etter villreinfangst i eldre tider, som vart avløyst av reindrift på 1600-talet. Reinen har i dag vår-, sommar- og haustbeite i området. I den før-kristne samiske religionen hadde landskapet ein sentral plass i åndslivet. Enkelte fjell, innsjøer og offersteinar vart rekna som heilage. Stabbursdalen har også vore ein viktig del av næringsgrunnlaget for sjøsamar. Her er det lange tradisjonar for jakt og fiske så vel som fôrsanking. Starrbeltene i Lompola vart før i tida slått til vinterfôr, og lokale folk henta tømmer til båt- og husbygging frå Stabbursdalen ved å fløta tømmer ned Stabburselva. Den forsiktige, haustingsretta bruken har sett små spor i landskapet.

Vern og bruk endre

Formålet med vernet er å sikre eit område som er nært fritt for tekniske inngrep, og å sikre biologisk mangfald med økosystem, artar og bestandar. I dette inngår blant anna å bevare ein del av verdas nordlegaste furuskog, variert vassdragsnatur og karakteristiske høge toppar, i tillegg til geologiske førekomstar og kulturminne.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift, naturoppleving og tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Kjelder endre

Litteratur

Bakgrunnsstoff endre