Preses i Bispemøtet

Preses i Bispemøtet leier Bispemøtet i Den norske kyrkja. Frå 2011 har kyrkja hatt ein fast preses, som samtidig er biskop i Nidaros domprosti. Preses har kontor og bustad i Trondheim.

Fram til 1998 var det tradisjon for at biskopen i Oslo vart vald til leiar for kollegiet. Funksjonen vart da som regel omtalt som primas (seinlatin frå latin primus inter pares = den fremste blant likemenn), sidan har bispemøtets preses blitt ein vanlegare nemning for funksjonen. Etter at Andreas Aarflot gjekk av som biskop i 1998 og Gunnar Stålsett vart neste Oslo-biskop, vedtok Bispemøtet at presesfunksjonen skulle gå på omgang blant biskopane, med nyval kvart fjerde år. Dei valde da Møre-biskopen Odd Bondevik til preses.

I vart 2010 biskop Helga Haugland Byfuglien i Borg bispedømme vald til preses. Den 25. mars 2011 vart ho utnemnd i statsråd som fast preses i Bispemøtet. Også den faste presesbiskopen vil vere «fremst blant likestilte», slik erkebiskopen er det i Svenska kyrkan og i Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland.

Liste over preses i Bispemøtet (1917-1932 formann) endre

Liste over preses endre

Kjelder endre