Puertoricotanagar
Puertoricotanagar (Nesospingus speculiferus) er ein mellomstor, altetande fugl med uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Han er endemisk for øya Puerto Rico.
Puertoricotanagar | |
Puertoricotanagar øvst på teikninga | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Puertoricotanagar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Nesospingus |
Art: | Puertoricotanagar N. speculiferus |
Vitskapleg namn | |
Nesospingus speculiferus |
Som namnet ymtar om har han vore rekna som medlem i tanagarfamilien, men frå 2017 lista som ein ny familie Nesospingidae i EBird/Clements Checklist.[1]
Skildring
endrePuertoricotanagaren er 18 til 20 centimeter i kroppslengd. Kjønna har lik fjørdrakt: hovudet og oversida er mørk gråbrun til olivengrøn, strupen er kvit og resten av undersida nær kvit med lys grålege område. Nebbet er kort og kraftig. Dei lever helst i fuktige skogsområde og i plantasjar mellom 200 og 1330 moh. Her beitar dei på både frukter, leddyr og virveldyr som små øgler og froskar. Dei kan beite høgt i trekroner og flyg sjeldan.[2]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 649, Nesospingidae (Puerto Rican Tanager) , Cornell Lab of Ornithology Henta den 8. oktober 2017
- ↑ Hilty, S. (2017) Puerto Rican Tanager (Nesospingus speculiferus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. oktober 2017
- ↑ BirdLife International (2017) Species factsheet: Nesospingus speculiferus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. oktober 2017