Qawwali eller qawali er ein religiøs musikktype frå Sør-Asia knytt til sufismen. Han blir framført av ein songar akkompagnert av ei gruppe musikarar, og inneheld gjerne lovprisingar til Gud, profeten Muhammad og andre religiøse leiarar.

Sjeik Salim Chishti frå Chisthi-brorskapen med musikarar. Bilde frå 1800-talet

Qawwalimusikk oppstod rundt sufiskrin, og blir framleis framført på slike stader. Med grunnlag i samatradisjonen frå persisk sufisme blei han særleg utvikla av den indiske Chishthi-brorskapen frå 1200-talet. Sufihelgenen Amir Khusro (1253–1325) er ofte omtalt som far til qawwali. Musikken er i dag særleg utbreidd i områda Punjab og Sindh i Pakistan, Nord-India og Hyderabad i India og i Chittagong og Sylhet i Bangladesh.

Musikken blir framført av små ensemble som består av ein hovudsongar og ei gruppe musikarar som omfattar ein eller to akkompagnerande songarar. Tradisjonelle musikkinstrument brukt til qawwali er perkusjonsinstrument som tabla, dholak, ghara og khartal, strengeinstrument som sarangi, sarod, santur eller rabab, og tangentinstrument som harmonium. Instrumentbruken er ikkje avgrensa til dei tradisjonelle typane, og ein kan også framføra qawwali med instrument som keyboard, saksofon, fiolin og så bortetter. Rytmisk klapping er også ein viktig del av akkompagnementet.

Nokre kjende qawwalisongarar er Nusrat Fateh Ali Khan, som gjennom konsertar og musikalsk samarbeid blei verdskjend, Sabri-brørne, Aziz Mian og Rahat Fateh Ali Khan. Tradisjonelt framførte ikkje kvinner denne typen musikk, men i nyare tid er Abida Parveen blitt ein respektert qawwalisongar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Qawwali
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.