Rakia
Rakia, rakija eller raki er ein alkoholhaldig drikk som liknar brandy og blir framstilt gjennom destillasjon av gjæra frukter. Drikken er populær i Balkan, Tyrkia, tyskspråklege land, Ungarn, Italia og Frankrike. Alkoholinnhaldet er normalt 40 prosent, men heimelaga rakia kan vera sterkare, opptil 50–60 prosent. Prepečenica er dobbel-destillert, slavisk framstilt rakia, med eit alkoholinnhald som av og til overstig 60 prosent.
Rakia er rekna som nasjonaldrikk i dei slaviske og sørslaviske landa som Serbia, Montenegro, Slovenia, Slovakia, Bosnia og Hercegovina, Bulgaria, Makedonia og Kroatia. I Serbia og blant serbarar i Bosnia-Hercegovina og Kroatia er det vanleg at ein vinterstid drikk varm og søta rakija, denne drikken blir kalla vert kalla kuvana rakija ('tillaga rakija').[1]
I Albania og Kosovo lager ein raki rrushi (rakia/raki) av druer eller av krike (av og til av morbær). Plommer og druer til drikken blir av og til blanda med andre ingrediensar, som urter, honning, sure kirsebær og valnøtter etter ein destillasjon.
Namn
endre- Albansk: raki rrushi
- Bosnisk: rakija / ракија
- Bulgarsk: ракия, rakija
- Gresk: ρακί, raki
- Kroatisk: rakija
- Makedonsk: ракија / rakija
- Montenegrinsk: rakija / ракија
- Rumensk: rachiu (reg. răchie)
- Serbisk: ракија / rakija
- Slovakisk: pálenka
- Slovensk: žganje
- Tysk: Obstler
- Ungarsk: pálinka
- Tyrkisk: rakı
Frukter | i tidlegare Jugoslavia | i Bulgaria |
---|---|---|
Vanlege typar | ||
plomme (slivovitz) | šljivovica, шљивовица,шљива | сливова (slivova), сливовица (slivovica) |
Vindruer | lozovača/loza, лозова ракија/лозовача/лоза | гроздова (grozdova)гроздовица (grozdovica)мускатова (muskatova) mrtina (med myrrh)анасонлийка (anasonliyka) (med anis) |
Vindruesider (kom) * | komovica, комова ракија/комовица | джиброва (dzhibrova)джибровица (dzhibrovica) |
aprikos | mareličarka, kajsijevača, кајсијевача | кайсиева (kajsieva) |
pære | kruškovača/vilijamovka, крушковача/виљамовка,крушка | крушева (krusheva) |
eple | jabukovača, јабуковача | ябълкова (jabylkova) |
kvede | dunjevača, дуњевача | дюлева (djuleva) |
fiken | smokvovača, смоквача | смокинова (smokinova) |
Med tillegg | ||
med roser | - | гюлова (gyulova) |
med urter | travarica, траварица/pala | билкова (bilkova) |
med valnøtter | orahovača, ораховача/orahovica | орехче (orehche) |
med honning ** | medovača, медовача/medenica, medica - veldig populær i Istrien - ein region i Kroatia | греяна (grejana) |
med kirsebær | višnjevac/višnjevača, вишњевача | вишновка (vishnovka) |
Kjelder
endre- ↑ «Kuvana Rakija». Opusteno.rs. Henta 8. mars 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Rakia» frå Wikipedia på svensk, den 2. september 2021.