Raudbete

(Omdirigert frå Raudbetar)
Raudbete
Raudbete
Raudbete
Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Beteslekta Beta
Art: Raudbete B. vulgaris
Vitskapleg namn
Beta vulgaris

Raudbete er ei toårig plante i beteslekta i amarantfamilien, kjend for rotknollen sin som ofte er raudfiolett på farge og blir mykje brukt som grønsak. Planta er lettdyrka og hardfør og kan under gunstige tilhøve gro langt mot nord. Både rot og blad kan brukast til mat.

Botanisk skisse av raudbete.
Raudbeter til matlaging.

Skildring endre

Raudbete veks typisk over to år der planta dannar blad og opplagsnæring det første året og utviklar frøstengel det neste. Frøa heng saman i ei frukt på opptil fire frø.

Rotknollen kan ha ulike fasongar ut frå kva slag raudbete ho kjem frå. Han kan vera kulerund, oval, sylindrisk eller meir flattrykt. Raudbeteknollar inneheld ofte betalain-fargestoff som betacyanin og betanin. Desse kan gje knollane raudfiolett, gul eller kvitleg farge. I nokre typar er heile knollen éin farge heile vegen gjennom, i andre kan han til dømes ha sirklar i ulike fargar som raudt og kvitt. Lyse raudbetar er ofte søtare på smak enn dei mørkare typane.

Dyrking endre

Raudbete stammar frå strandbete, ein kystplante som veks vilt i middelhavslanda. Den eldste omtalen av raudbete er frå 200-talet. Grønsaken blei brukt av romarane, og blei tidlegare kalla «romarbete». Dyrking av rødbete spreidde seg nordover i heile Europa, og kom truleg til Noreg på 1400-talet. Han kan dyrkast i heile Noreg.

Planta kan ha kort vekstsesong, ofte ikkje meir enn knappe tre månader frå ein sår til ein haustar. Ein kan også hausta blad nokså kort tid etter såing. Raudbete er rekna som ei middels næringskrevjande plante. Ho treng ein god del kalium og bor.

Bruk endre

Raudbeta blir gjerne sylta, kokt eller bakt, og kan serverast varm eller kald, som siderett, pålegg eller i salat. Knollen kan også etast rå, då gjerne raspa.

Raudbete blir brukt i rettar som borsj, Biff à la Lindstrøm, polsk ćwikła og sylteprodukt som raudbetegg og raudbetsild.

Fargestoff frå raudbete (E 162) blir brukt ved farging av andre næringsmiddel.

Næringsinnhaldet i raudbete per 100 garm er rundt 8 mg vitamin C, 345 mg kalium, 2,6 g kostfiber, 88 % vatn, 0,1 g fett og 148 kJ tilført energi. Sylta raudbete inneheld meir energi, ca. 250 kJ eller 60 kcal/100 g.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raudbete
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.