Opna hovudmenyen

Regjeringa Knudsen II, Gunnar Knudsen si andre regjering var ei norsk regjering som sat frå 31. januar 1913 til 21. juni 1920.[1] Regjeringa var ei flertalsregjering frå Venstre.

Ved stortingsvalet i 1918 mista Venstre 22 mandat, og kom i mindretal i Stortinget. Regjeringa Knudsen søkte avskjed 4. februar 1919, men blei bedd om å halde fram av kong Haakon VII. Den 16. juni 1920 søkte regjeringa avskjed att, etter at ho ikkje hadde fått støtte i Stortinget for ein stram økonomisk politikk. Avskjed vart innvilga i statsråd 19. juni, med verknad frå 21. juni 1920.[1]

Regjeringa vart etterfylgt av Regjeringa Halvorsen I (H og FrV).

Namn Parti Frå Til
Statsminister
Sjef for Revisjonsdepartementet[2]
Sjef for Landbruksdepartementet
Sjef for Finansdepartementet[3]  
Gunnar Knudsen   V    
 
 
12. desember 1919  
 
 
1. juli 1918  
Utenriksminister
Sjef for Industriforsyningsdepartementet  
Nils Claus Ihlen   V    
5. juli 1918  
 
21. juli 1918  
Statsråd i Namn Parti Frå Til
Handelsdepartementet[4]   Johan Castberg   V      3. juni 1913  
Sosialdepartementet   Paal Berg   V   20. februar 1919     
   Lars Abrahamsen[5]   V   1. oktober 1916   20. februar 1919  
   Kristian Friis Petersen   V   22. april 1914   1. oktober 1916  
   Johan Castberg   V   3. juni 1913   21. april 1914  
Handels- og sjøfartsdepartementet[6]   Birger Stuevold-Hansen   V   20. februar 1919     
   Kristian Friis Petersen   V   1. oktober 1916   20. februar 1919  
Justisdepartementet   Otto Albert Blehr   V   1. mai 1917     
   Andreas Urbye   V   26. juli 1916   1. mai 1917  
   Lars Kristian Abrahamsen   V      26. juli 1916  
Kyrkjedepartementet   Jørgen Løvland   V   26. oktober 1915     
   Aasulv Olsen Bryggesaa   V      26. oktober 1915  
Forsvarsdepartementet   Ivar Aavatsmark   V   17. juni 1919     
   Rudolf Peersen   V   20. februar 1919   17. juni 1919  
   Christian Theodor Holtfodt   V   8. august 1914   20. februar 1919  
   Hans Vilhelm Keilhau   V      8. august 1914  
Finansdepartementet   Gunnar Knudsen (konstituert)   V   12. desember 1919     
   Otto Albert Blehr (konstituert)   V   23. april 1915   16. juli 1915  
   Anton Omholt[7]   V      16. juni 1920  
Arbeidsdepartementet   Ole Monsen Mjelde   V   10. mai 1920     
   Martin Olsen Nalum   V   26. juli 1916   7. mai 1920  
   Andreas Urbye   V      26. juli 1916  
Provianteringsdepartementet[8]   Haakon Five   V   20. februar 1919     
   Birger Stuevold-Hansen   V   28. november 1917   20. februar 1919  
   Oddmund Vik   V   26. juli 1916   28. november 1917  
Industriforsyningsdepartementet[9]   Haakon Hauan   V   21. juli 1918   1. mai 1920  
   Nils Claus Ihlen   V   5. juli 1918   21. juli 1918  
   Torolf Prytz   V   30. april 1917   5. juli 1918  

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Gunnar Knudsens andre regjering». Regjeringa.no. Henta 2. juli 2017. 
  2. Revisjonsdepartementet blei nedlagd 1. juli 1918.
  3. Gunnar Knudsen fungerte som sjef for Finansdepartementet under Anton Omholt sin andre permisjon frå 12. desember 1919
  4. Handelsdepartementet vart omorganisert som Sosialdepartementet frå 3. juni 1913. Sakene i Handelsdepartementet blei delt mellom det nye Sosialdepartementet og Utanriksdepartementet. Etter sterkt press frå handelsnæringa blei det oppretta eit nytt handelsdepartement under namnet Handels- og Sjøfartsdepartementet, frå 1. oktober 1916.
  5. Lars Abrahamsen blei utnemnd til sjef for Sosialdepartementet 26. juli 1916, og tiltredde 1. oktober.
  6. Handels- og sjøfartsdepartementet bleo oppretta 1. oktober 1916 (sjå over).
  7. Anton Omholt var permittert frå stillinga som sjef for Finansdepartementet i to peridodar, 23. april - 16. juli 1915 og frå 12. desember 1919 til han gjekk av 16. juni 1920
  8. Provianteringsdepartementet vart skipa 26. juli 1916
  9. Industriforsyningsdepartementet vart skipa 28. april 1917 og nedlagd 30. april 1920.