Rosenmåse

fugleart
(Omdirigert frå Rhodostethia rosea)
Rosenmåse
Rosenmåse i hekkedrakt Foto: Dominic Sherony
Rosenmåse i hekkedrakt
Foto: Dominic Sherony
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av rosenmåse
Utbreiinga av rosenmåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Underfamilie: Larinae
Slekt: Rhodostethia
Art: Rosenmåse R. rosea
Vitskapleg namn
Rhodostethia rosea

Rosenmåse (Rhodostethia rosea) er ein svært liten måse som lever i avgrensa, høgarktiske område. Det norske namnet og den artspesifikke delen av det vitskaplege namnet rosea, er skildrande for fjørdrakta, det engelske artsnamnet Ross's gull, er etter den britiske oppdagaren James Clark Ross. Slektsnamnet Rhodostethia er frå gammalgresk rhodon, «rose» og stethos, «bryst».[1]

Skildring endre

Rosenmåsen er ein av dei minste måseartane, langt mindre enn krykkja som han kan likne, og han har ei terneliknande flukt. Han er kortare enn raudnebbterna, men er meir robust bygd med kortare hals, har opp mot det doble av kroppsmassen. Kroppslengda er 29 til 32 centimeter og han veg 120–250 gram. Han har lange, spisse venger og ein lang kileforma hale. Beina er raude. Vaksne i hekkedrakt er lysegrå på oversida og kvite under, med ein svak rosa stenk i brystet og buken, samt ein fin svart halsring som er breiast øvst oppe på nakken. Om vinteren går brystfargene og halsbandet tapt, og ein liten mørk halvmåne utviklar seg bak auget.

Unge fuglar liknar vaksne i vinterdrakt, men har eit mørkt «W» mønster på vengene i flukt, som små dvergmåsar. Til liks med hettemåsar har han berre to årsklassar med full vaksen fjørdrakt etter to år.

Hekkeplassar vart først oppdaga i 1905 av den russiske ornitologen Sergei Buturlin nær landsbyen Pokhodsk i nordaustre Sakha.[2] Det primære hekkeområdet er på dei sørlege delar av Tajmyrhalvøya og i nordaustlege Sibir. Det er òg kjent hekking langs nordaustkysten og langs sørvestkysten av Grønland, og enda meir avgrensa og sporadisk hekking i nordlegaste Canada. Han trekker om hausten, mesteparten av populasjonen overvintrar ved nordlege breiddegradar i utkanten av pakkisen i Beringhavet, frå nord for Alaska og så langt sør som mot sørspissen av Kamtsjatkahalvøya. Streiffuglar når meir tempererte område, både i Nordvest-Europa sør til Spania, samt i Nord-Amerika.[3]

Det finst lite informasjon om kosthald og beiting. Om sommaren er dei hovudsakleg insektetarar, om vinteren et dei marine virvellause dyr inkludert krepsdyr, blautdyr og jamvel plankton og småfisk. Kan beite på avføring frå kvalross og kan samlast rundt daude pattedyr. Dei kan beite einslege eller saman med andre artar som sabinemåse eller symjesnipe.[3]

Den totale globale populasjonen er estimert til 25 000-100 000. Utviklingstrenden er ikkje kjent og arten er klassifisert som livskraftig, LC.[4]

Streiffuglar i Noreg

Rosenmåse blir jamleg sett i Noreg i frå april til oktober, omtrent eit individ per år i gjennomsnitt sidan år 2000. Dei fleste i Finnmark, men òg så langt sør som til Fredrikstad 30. mai 2018.[5]

Kjelder endre

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 335, 337. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. E. Potapov. 1990. Birds and brave man in the Arctic (Explorers of Polar deserts, Russo-Japanize war and ever mysterious Ross's Gull). – Birds International, v.2 N°3, s. 72-83. [1]
  3. 3,0 3,1 Burger, J., M. Gochfeld, and E. F. J. Garcia (2020). Ross's Gull (Rhodostethia rosea), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rosgul.01 Henta den 13. september 2020
  4. BirdLife International (2020) Species factsheet: Rhodostethia rosea Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. september 2020
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 13. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rosenmåse