Sabinemåse

fugleart
Sabinemåse
Foto frå Island Foto: Ómar Runólfsson
Foto frå Island
Foto: Ómar Runólfsson
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av sabinemåse
Utbreiinga av sabinemåse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Larinae
Slekt: Xema
Art: Sabinemåse X. sabini
Vitskapleg namn
Xema sabini

Sabinemåse (Xema sabini) er ein liten måseart som lever pelagisk utanom hekketida og hekkar i høgarktisk område. Han har ei nær sirkumpolar hekkeutbreiing. Han er òg ein landistansetrekkfugl som migrerer til havet utanfor sørvestlege Afrika og nordvestlege Sør-Amerika. Arten er einaste (monotypisk) i slekta Xema. Den næraste slektningen til sabinemåse blir trudd å vere ismåse, ein annan arktisk art. Ein trur at dei to artane blei separerte for rundt 2 millionar år sidan, lengre tilbake i tid enn dei fleste andre grupper av måseartar.[2]

Slektnamnet Xema er trudd å vere eit konstruert namn utan meining. Det spesifikke epitetet sabini og det vanlege artsnamnet på norsk og engelsk heidrar den irske astronomen, geofysikaren og ornitologen Edward Sabine.[3]

Skildring endre

 
Egg

Sabinemåse er ein liten måse, 27 til 33 cm i kroppslengd og veg 155 til 213 gram.[2] Vengene er lange, tynne og spisse med eit spenn på mellom 81 og 87 cm. Han er mindre enn både hettemåse og krykkje, men litt større enn rosenmåsen.

Denne arten er lett å identifisere gjennom det slåande mønsteret på oversida av vengene og som liknar mykje på unge krykkjer. Vaksne fuglar har lysegrå rygg og vengedekkfjører, svarte primære flygefjører og heilt kvite sekundærar. Den kvite halen er gaffelforma. Vengene verkar store i høve til kroppen. Nebbet er svart med ein gul nebbspiss. Vaksne fuglar har mørkegrå hette i sommardrakt og drakta er til stades langt utover hausten. I vinterdrakt er dei mørke på nakken og bakissen.[4]

Unge fuglar har eit liknande trefarga vengemønster, men det grå er erstatta av brunt, og halen har eit svart endeband. Ungfuglar treng to år for å oppnå full vaksen fjørdrakt. Sabinemåsar har eit uvanleg mytemønster til måsar å vere. Årsungar held på ungfjørdrakta gjennom hausten og byrjar ikkje å overgangen til første vinterfjørdrakt før dei har nådd fram til overvintringsplassen. Vaksne har fullstendig myting om våren før vårtrekket, og har delvis myting om hausten etter retur til vinterområdet, ei reversering av det vanlege mønsteret for måsar. Dei har eit høgt og knirkande læte.[2]

Føde og beiting endre

Dietten og fôringsteknikken til sabinemåse varierer etter årstid og habitat. I hekkesesongen tar det ei rekke ferskvass og bakkelevande byttedyr på tundraen. Dette inkluderer insekt og sannsynlegvis vevkjerringar, vasslevende insekt og insektlarver, krepsdyr og fisk. Unge fuglar og egg blir tatt opportunistisk og sjeldan, men kan omfatte svartsteinvendar, lappsporv og til og med egga til andre sabinemåsar og gjæser. Insekt og insektlarver som er tatt inkluderer land- og vassbiller, springhalar, kranfluger, mygg og blomsterfluger, Syrphidae.[2]

Utbreiing og habitat endre

Sabinemåse hekkar i Arktis og har ein sirkumpolar utbreiing gjennom det nordlegaste Nord-Amerika og Eurasia. Han er kolonihekkar på tundra og dei legg to eller tre flekka olivenbrune egg i eit reir på bakken fôra med gras. Dei er veldig pelagiske utanfor hekkesesongen.

Han trekker sørover om hausten; det meste av populasjonen overvintrar til havs i Stillehavet utanfor det nordvestlege Sør-Amerika i det kalde vatnet i Humboldtstraumen, medan fuglar frå Grønland og austlege kanadiske fuglar kryssar Atlanterhavet og gjennom dei vestlegaste kystnære hav ved Europa for å overvintre utanfor Sørvest-Afrika i det kalde vatnet i Benguelastraumen.

I Noreg er sabinemåse ein fåtalig hekkefugl på Jan Mayen og nordvestlege Spitsbergen. Dei blir observerte på sørtrekk langs kysten. Dei siste ti åra er dei fleste observasjonar i september og oktober, langs heile kysten frå Finnmark og inn i Oslofjorden, gjennomsnittleg ca. 11 individ per år etter 2010. Høgste observasjonstala er i Troms og Finnmark og i Møre og Romsdal.[1][5]

Verdspopulasjonen er estimert til 330 000-700 000 individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sabinemåke Xema sabini for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Day, R. H., I. J. Stenhouse, and H. G. Gilchrist (2020). Sabine's Gull (Xema sabini), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sabgul.01 Betalingsteneste, henta 17. oktober 2020
  3. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 410. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 17. oktober 2020. 
  6. BirdLife International (2020) Species factsheet: Xema sabini. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. oktober 2020

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sabinemåse