- Sjå òg fylkesveg 78 (fleirtyding)
Fylkesveg 78 (Fv78) er vegstrekninga som går mellom krysset ved E6 på Kulstadsjøleira utanfor Mosjøen og krysset mot fylkesveg 17 ved Stormoen i Leirfjord kommune. Strekninga er eit tverrsamband mellom indre og ytre delar av Helgeland og er ca. 45 km lang. Vegen følgjer nordsida av Vefsnfjorden og er stadvis særs smal og svingete. Toventunnelen gjennom Tovenfjellet i Vegpakke Helgeland opna i 2014.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter forvaltingsreforma dette året fekk han status som fylkesveg.
Vegen mellom Kulstad og Rynes vart bygd før 1880. Mellom 1901 og 1908 vart vegen bygd vidare til Forsmo. Veganlegget frå Drevja til Leirfjord vart starta på 1930-talet og opna i 1962.
Tunnelprosjektet gjennom Tovenfjellet vart vedteke av fylkestinget Nordland i februar 2008[1] og i Stortinget 10. desember 2009[2]. Første entreprise på sprenging av den over 10 km lange Toventunnelen vart tildelt Hæhre Entreprenør med byggjestart i veke 3 2010.[3] Førebuande arbeid starta 4. januar. Toventunnelen vart opna 22. november 2014.[4][5]
Kommunar og knutepunkt
endre