Rosenvarslar

art av sporvefuglar
Rosenvarslar
Rosenvarslar Foto: Dûrzan cîrano
Rosenvarslar
Foto: Dûrzan cîrano
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av rosenvarslar
Utbreiinga av rosenvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Varslarfamilien Laniidae
Slekt: Lanius
Art: Rosenvarslar L. minor
Vitskapleg namn
Lanius minor

Rosenvarslar (Lanius minor) er ein mellomstor sporvefugl i varslarfamilien, Laniidae. Dette er ein insektetar som hekkar i sørlege til austlege Europa og Vest-Asia, alle trekker til vinterkvarter i sørlege Afrika. Han er ein streiffugl i Vest-Europa, inkludert Storbritannia og Skandinavia, vanlegvis spontant vår eller haust.

Skildring endre

Med kroppslengde på 19-23 centimeter og vekt på 41-61 gram ligg rosenvarslaren mellom den litle tornskata og arten varslar i storleik. Han kan minne om varslar og krattvarslar i utsjånad, med fjørdrakt i grunnfargene grått, kvitt og svart, men rosenvarslar skil seg frå dei andre med svart panne. Oversida av hovudet og ryggen er grå, overside av venger og halen er svart, strupe og hals under den svarte maska er kvit, og undersida hos vaksne fuglar har eit fargeskjær i rosa eller fersken. Dei ytre halefjørene er kvite og er mest synlege som kvite felt i kontrast til det svarte sentrale halefjørene når fuglen spreier fjørene i flukt. Den svarte augemaska er utvida til ei svart panne hos modne fuglar av begge kjønn. Hofuglar har bleikare farger i fjørdrakta enn hannar med grått i dei svarte områda. Vengene er relativt lange, halen relativt kort og nebbet er kort og kraftig med krok i enden.

Hekkeområdet til rosenvarslar er samanhengande frå Aust-Europa over sørvestlege Russland og Anatolia og austover til og med det mest av Kasakhstan, Usbekistan og nordlege Afghanistan. I nord inkluderer området heile Kviterussland. I sør strekker hekkeområdet seg vestover til Catalonia, middelhavskysten av Frankrike og over det meste av Italia inkludert Sicilia.

Han er ein streiffugl til nordlegare delar av Europa, vanlegvis om våren eller hausten. I Noreg er rosenvarslar registrert nær kvart år, og førekjem då frå mai til november månad.[1]

Dette er ein trekkfugl og alle overvintrar i eit breitt belte over det sørlege Afrika, med vidast utbreiing i Namibia, Botswana og Sør-Afrika.

Om sommaren lever rosenvarslarar i opne landskap, utkantane av dyrka område, område med spreidde buskar og tre, hagar, vinmarker og vegkantar. I Europa lever dei i lågland, i Kasakhstan opptil 2200 moh. I vinterkvarteret finst dei vanlegvis i krattland og blant tornetre. Rosenvarslarar føretrekk føde av store insekt, spesielt biller, sommarfuglar, møll og grashoppar. Små pattedyr og fuglar er berre sparsame byttedyr for rosenvarslar. Som andre varslarar i slekta Lanius jakter dei frå framstikkande greiner, eller leidningar og i sjeldne tilfelle spiddar dei byttedyr på tornar eller piggtråd som eit «spiskammer».

Storleiken på populasjonen er estimert til 1,2 til 3,3 millionar individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

Kjelder endre

  • Yosef, R. & International Shrike Working Group (2019) Lesser Gray Shrike (Lanius minor) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. desember 2019
Referansar
  1. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 1. desember 2019. 
  2. BirdLife International (2019) Species factsheet: Lanius minor. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. desember 2019

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rosenvarslar