Runa Laila
Runa Laila (fødd 17. november 1952) er ein bangladeshisk playback-songar og komponist.[1][2] Ho byrja karrieren i den pakistanske filmindustrien på slutten av 1960-talet. Songstilen hennar er inspirert av den pakistanske songaren Ahmed Rushdi, og ho danna òg eit par med han etter å ha erstatta ein annan songar, Mala.[3][4][5] Songane hennar i filmar som The Rain (1976), Jadur Banshi (1977), Accident (1989), Ontore Ontore (1994), Devdas (2013) og Priya Tumi Shukhi Hou (2014) - har vunne henne sju Bangladesh National Film-prisar for beste kvinnelege songar.[1] Ho vann prisen for beste musikkkomponist for filmmusikken til Ekti Cinemar Golpo (2018).[6]
Runa Laila | |||
| |||
Fødd | 17. november 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sylhet | ||
Fødenamn | সাদিয়া ইসলাম | ||
Opphav | Bangladesh, Pakistan | ||
Aktiv | 1969– | ||
Sjanger | ghazal | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar | ||
Gift med | Alamgir | ||
Prisar | Independence Day Award, Nigar Awards, Bangla Academy Fellowship |
Bakgrunn
endreLaila blei fødd 17. november 1952 i Sylhet i Aust-Bengal i dåverande Dominion of Pakistan (i dag Bangladesh). Ho var dotter av Syed Mohammed Imdad Ali, ein embetsmann frå Rajshahi som var stasjonert i Karachi, og Amina Laila (fødd Anita Sen), ein musikar.[7][8][9] Morbroren hennar, Subir Sen, var ein kjend indisk playback-songar. Ho byrja ta leksjonar i dei klassiske dansane kathak og bharatanatyam. På denne tida var Ahmed Rushdi den leiande filmsongaren som introduserte rock and roll, disco og andre moderne sjangrar til sørasiatisk musikk. Etter suksessen til Rushdi byrja kristne musikkgrupper som spesialiserte seg innan jazz å opptre på ulike nattklubbar og hotell i Karachi, Hyderabad, Mumbai, Dhaka og Lahore.[10] Laila blei ein fan av Ahmed Rushdi, som ho rekna som guruen sin, og prøvde å etterlikna ikkje berre songstilen hans, men òg måten han pleidde opptre på scenen på.[2] Ho lærte så klassisk musikk saman med eldre systera si, Dina Laila (d. 1976).[2][11][12] Då ho var student ved Saint Lawrence Convent vann ho ein songkonkurranse mellom skular i Karachi i det dåverande Vest-Pakistan.[13] Saman med systera blei ho opplært av Ustad Abdul Kader Peyarang og Ustad Habibuddin Ahmed.[13] Kusina hennar, Anjumara Begum, var allereie ein kjend songar.[13] Då Laila var 12 år, opptredde ho playback-sanger for ein guteskodespelar i den urduspråklege filmen Jugnu.[13] Songen ho framførte heitte «Gudia Si Munni Meri».[14]
Karriere
endreI 1966 fekk Laila gjennombrotet sitt i den pakistanske filmindustrien med songen «Unki Nazron Sey Mohabbat Ka Jo Paigham Mila» til urdufilmen Hum Dono.[15][16] Ho brukte å opptre på den statlege fjernsynskanalen PTV.[17] I PTV hadde ho eit program som heitte Bazm E Laila.[13] Ho byrja å opptre på Zia Mohyuddin Show (1972-74), og song seinare songar til filmar på 1970-talet som Umrao Jaan Ada (1972) .
Laila flytta til Bangladesh i lag med familien i 1974.[13] Den fyrste bengalske songen hennar var «O Amar Jibon Shathi» til filmen Jibon Sathi (1976), komponert av Satya Saha.[13] Ei kort tid seinare hadde ho den fyrste konserten sin i India, i Mumbai i 1974.[18] Ho byrja i Bollywood med regissør Jaidev, som ho møtte i Delhi, og fekk høve til å opptre ved innviinga av kringkastaren Doordarshan. Ho arbeidde fyrst med musikkkomponist Kalyanji-Anandji på tittelsongen til filmen Ek Se Badhkar Ek (1976).[19] Ho fekk popularitet i India med songane «O Mera Babu Chail Chabila» og «Dama Dam Mast Qalandar».[20] I 1974 spelte ho inn «Shaadher Lau» i Kolkata.[21] Laila blei skriven inn i Guinness rekordbok for å ha spelt inn 30 songar på 3 dagar.[14] I 1982 vann ho Golden Disk-prisen då albumet Superuna, som var komponert av Bappi Lahiri selde over 1 lakh (100000) eksemplar den fyrste dagen det kom ut.[14]
I oktober 2009 gav Laila ut Kala Sha Kala, ei samling pandjabiske bryllaupssongar, i India.[22] I 2012 var Laila dommar på Sur Kshetra, eit indisk tv-konkurransshow for amatørsongarar.[23] Ho skildra sambandet sitt med dommarkollegaen Asha Bhosle som lik det systrer har.[24] I 2014 samarbeidde ho med Sabina Yasmin på ein song for eit TV-skodespel, «Dalchhut Projapoti», som det fyrste songsamarbeidet deira.[25][26] Laila har sunge på sytten språk, inkludert morsmålet sitt bengali. I tillegg har ho sunge på hindi, urdu, punjabi, sindhi, gujarati, pasjto, balutsji, arabisk, persisk, malayisk, nepalsk, japansk, italiensk, spansk, fransk og engelsk.[3]
Privatliv
endreLaila har vore gift tre gonger. Ho gifta seg fyrst med Khawaja Javed Kaiser, så med sveitsiske Ron Daniel og seinare med skodespelaren Alamgir. Ho har ei dotter, Tani. Barnebarna hennar Zain Islam og Aaron Islam kom inn på Arsenal sitt treningssenter.[27]
Veldedig arbeid
endreEtter at systera hennar døydde av kreft i 1976, heldt Laila fleire velgjerdskonsertar i Dhaka. Pengar som blei samla inn blei nytta til å byggja eit kreftsjukehus i Dhaka.[3] Laila blei utnemnd til SAARC sin goodwill-ambassadør for HIV/AIDS.[28] Ho var den fyrste bangladesharen i stillinga.[29] I 2013 drog ho til New Delhi på si fyrste vitjing som SAARC-ambassadør, og møtte utlendings- og helseministrane i India.[30]
Diskografi
endre- Sincerely Yours (1973)[14]
- Runa Laila Sings Songs Of Talib-Ul-Maulla (1974)
- Great Ghazals - Runa Laila (Style) (1981)
- Runa in Pakistan (Geet) and (Ghazals) (1980)
- Bappi Lahiri Presents Runa Laila - Superuna (1982)
- Runa Goes Disco (1982)
- Sings For Umrao Jaan Ada (Ghazals) (1985)
- Ganga Amar Ma Padma Amar Ma (1996)
- Bazm-E-Laila (2007)
- Runa Laila-Kala Siah Kala (2010)[14]
Prisar og utmerkingar
endre- Radio Mirchi Music Award gjeven av Radio Mirchi ved Nazrul Mancha i Kolkata (2015)[31]
- Sjølvstendedagsprisen i Bangladesh
- Bangladesh National Film Award for Best Female Playback Singer (1976, 1977, 1989, 1994, 2012, 2013 og 2014)[32]
- Sheltech-prisen, Bangladesh
- Lux-Channel I Lifetime Performance Award, Bangladesh
- Saigal-prisen, India
- Nigar-prisen, Pakistan (1968, 1970)
- Critics Award, Pakistan
- Graduate Award, Pakistan
- Firoza Begum Memorial Gold Medal, Bangladesh
- Bangladesh Music Journalists Association (BMJA) lifetime achievement award, 2020[33]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Many Happy Returns to Sadia a Islam». The Daily Star. 17 November 2016. Arkivert frå originalen 17 November 2016. Henta 17. november 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Sharma, Devesh. «Beyond borders Runa Laila». Filmfare (Times Internet Limited). Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 16. juni 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Sanskriti Website. «Runa Laila». Kashmiri Overseas Association (KOA). Arkivert frå originalen 18 April 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ Arnold, Alison (2000). The Garland Encyclopedia of World Music. Taylor & Francis. s. 420–421. ISBN 0-8240-4946-2.
- ↑ Gulzar; Nihalani, Govind; Chatterji, Saibal (2003). Encyclopaedia of Hindi Cinema. Popular Prakashan. s. 532–533. ISBN 81-7991-066-0.
- ↑ «National Film Awards for 2017 and 2018 announced». The Daily Star. 8 November 2019. Arkivert frå originalen 10 November 2019. Henta 19 December 2019.
- ↑ «রুনা লায়লা সম্পর্কে কতটা জানেন?». Banglanews24.com (på bengali). 17 November 2014. Arkivert frå originalen 7 April 2023. Henta 30 September 2023.
- ↑ ৬৭-তে রুনা লায়লা, জন্মদিনে ভারতে বিশেষ আয়োজন. Jugantor (på bengali). Arkivert frå originalen 20 October 2023. Henta 3. februar 2023.
- ↑ ৭১-এ রুনা লায়লা. Manab Zamin (på bengali). Arkivert frå originalen 3 February 2023. Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Socio-political History of Modern Pop Music in Pakistan». Arkivert frå originalen 23 July 2008. Henta 7 November 2015.
- ↑ Ali, Masum. «Runa Laila celebrates 50-year in music». Prothom Alo. Arkivert frå originalen 28 January 2016. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Ebong Runa Laila' this Eid». Prothom Alo. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 «The Nightingale Speaks». The Daily Star. 6. oktober 2018. Henta 6. oktober 2018.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Tasbir Iftekhar (6 October 2018). «Saga of the Melody Queen». The Daily Star. Arkivert frå originalen 16 October 2018. Henta 15 October 2018.Tasbir Iftekhar (6 October 2018).
- ↑ Jamil, Syed Maqsud. «Songs of the Sixties». The Daily Star. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 17 June 2015.
- ↑ Wahid, Shahnoor. «Runa Laila». The Daily Star. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ Akhtar, Aasim. «The PTV cadre maintained its character». The News International. Arkivert frå originalen 5 August 2015. Henta 17 June 2015.
- ↑ «When Runa met Lata». The Daily Star. 14 October 2011. Arkivert frå originalen 16 October 2018. Henta 15 October 2018.
- ↑ Sharma, Arun. «Like music itself, a singer has no boundaries: Runa Laila». The Times of India. Arkivert frå originalen 30 October 2017. Henta 16 June 2015.
- ↑ Ahmed, Afsana. «I had a crush on Shashi Kapoor but he was married: Runa Laila». Hindustan Times. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ Ferdous, Fahmim. «Shine bright like a diamond». The Daily Star. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Music Today present's Runa Laila's album Kala Sha Kala, A collection of Punjabi folk melodies» (Press release). Arkivert frå originalen 24 September 2015. Henta 17 June 2015.
- ↑ «Runa Laila». In.com India. Arkivert frå originalen 2 April 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ Chaturvedi, Vinita. «Ashaji and I have become like sisters: Runa Laila». The Times of India. Arkivert frå originalen 30 October 2017. Henta 16 June 2015.
- ↑ Shazu, Shah Alam. «Revisiting the music scene of '14». The Daily Star. Arkivert frå originalen 2 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Celebrating the legacy of Runa Laila». The Daily Star. Arkivert frå originalen 17 June 2015. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Runa Laila on cloud nine». The Daily Star. 3 May 2012. Arkivert frå originalen 20 October 2018. Henta 8 October 2018.
- ↑ «Ajay Devgn, Runa Laila named SAARC ambassadors for HIV/AIDS». Business Standard. Arkivert frå originalen 5 March 2016. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Runa Laila SAARC Goodwill Ambassador». bdnews24.com. Arkivert frå originalen 13 March 2016. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Runa Laila to tour New Delhi». bdnews24.com. Arkivert frå originalen 15 September 2016. Henta 16 June 2015.
- ↑ «Runa Laila receives Mirchi Music Award». Dhaka Tribune. Arkivert frå originalen 2 March 2016. Henta 16 June 2015.
- ↑ «PM distributes National Film Award». Dhaka Tribune. UNB. 4 April 2015. Arkivert frå originalen 16 October 2018. Henta 8 October 2018.
- ↑ «Runa Laila gets lifetime achievement award». Daily Sun (på engelsk). 3 October 2021. Arkivert frå originalen 4 February 2023. Henta 28 January 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Runa Laila» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2024.