Rusjnik (russisk рушник, ручник, ukrainsk рушник, kviterussisk ручнік, ručnik, rusinsk ручник) er eit rituelt klede frå den slaviske verda. Rusjnikklede er broderte med symbol og kryptogram av eldgammalt opphav.[1] Dei er blitt brukte i austslaviske rituale, religionsutøving og seremoniar som bryllaup og gravferder.[2] Kvar region har sine eigne mønster og design som er blitt overleverte frå generasjon til generasjon og studert av etnografar.

Rusjnikar frå Perejaslav u Ukraina.

Det finst mange rusjniksamlingar i etnografiske museum. Ukraina, har eit Rusjnikmuseum i Perejaslav som del av Museet for byggeskikk og levesetti sentrale Naddniprjansjtsjina. Russland har ei samling ved Eremitasjen.

Tyding endre

 
Rusjnikar frå Belgorod i Midt-Russland

Kledet er rektangulært og er laga av lin eller hamp. Ornamenteringa viser regionale overleveringar.[3] Den raude fargen som vanlegvis blir brukt til broderiet representer liv. Ein rusjnik kan gjevast til eit barn når det blir fødd, følgja personen gjennom livet og brukast ved gravferda deira.

Farge har ei svært viktig rolle i tradisjonelt slavisk broderi. Raudt er fargen til livet, sola, fruktbarheit og helse. Dei fleste rusjnikar er broderte med raud tråd. Ordet for 'raudt' tyder tilmed 'vakker' eller 'strålande' på gammalaustslavisk og rutensk.[4]

Rutemønster er vanlege på rusjnikar. Det er eit gammalt jordbrukssymbol som kan visa til ein åker eller til sola, og uttrykker ideen om fruktbarheit og vern mot det vonde. Ender i midten av rusjniken står for livgjevande vatn. I bryllaupsfolklore står ei and og ein andrik for brura og brudgommen, og er med andre ord eit symbol på familieliv. Andre fuglar er også vanlege symbol på rusjnikar.[5]

Bruk endre

 
Ein kan henga rusjnikar over ikon
 
Rusjnik-mønster på det kviterussiske flagget

Rusjnikar har mange bruksområde. Svært enkle versjonar kan ein kalla utyralnyk eller 'tørkar', og bruka som handklede. Utyralnyk har anten ingen pynt eller ei smal stripe ved kanten. Motsett har ein nabozhnyk mykje pynt, som broderi og blonder. Nabozhnyk blir også kalla nabraznyk og nakutnyk. Dei kan brukast til å pynta ikon eller ikonhjørne i heimar.

Rusjnikar har ei viktig rolle i samband med bryllaup. Under ein vigsel kan brura og brudgommen stå på ein rusjnik kalla pidnozjnik, som tyder 'stå på-klede'. Brur dreg med seg pidnozhniken, og brurejentene følgjer etter. Etter tradisjon vil dei som følgjer pidnozjniken følgja i fotspora til brura og også bli gifte.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. A Language of Their Own Rushnyky are mirrors of a nation's cultural ancestral memory. The ritual ornaments on rushnyky preserved archaic magical signs, symbolism of colors and artistic folk styles, Kozak baroque and rococo as well as classicism, all of which continue to amaze us and are cherished to this day. They have a language of their own — cryptograms that have been forgotten but not lost.
  2. Yakiv Bystrov , Marcin Kleban, Anna Niżegorodcew (2011). Developing Intercultural Competence through English: Focus. Jagiellonian University. s. 94. ISBN 9788323384366. 
  3. Rushnyky: Ukrainian Ritual Cloths, arkivert frå originalen 22. mai 2016 
  4. «Is red beautiful?». Grammarphobia (på engelsk). 2. januar 2017. Henta 5. november 2018. 
  5. «Рушники. Традиции русской народной свадьбы». document.wikireading.ru. Henta 8. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rusjnik