Sáhkku er eit samisk brettspel. Spelet har tradisjonelt vore utbreidd mellom nordsamar, skoltesamar, Inari-samar og lule-samar, men det kan òg ha vore spela i andre delar av Sápmi.

Bilete av eit ovstort sáhkku-spelsett på Varanger Samiske Museum i Unjárga / Nesseby, 2018. Frå venstre til høgre: Rad med kvinnelege soldatar, mannleg soldat, dronninga til mennene, kongen, dronninga til kvinnene, kvinneleg soldat, rad med mannlege soldatar. I framgrunnen: Tre sáhkku-terningar. Settet er laga av Roger Persson. Foto: Mikkel Berg-Nordlie.

Spelet vart motarbeidd av kristne prestar og læstadianske misjonærar, som meinte at spelet var ei leivning av den før-kristne samiske religionen. Grunna fornorskingspolitikken fall sáhkku ut av bruk på 1950-talet, men sidan den gong har spelet fått ein oppsving, og nye spelsett har kome i bruk. Dei seinaste åra har ein også sett i gang eigne sáhkku-tevlingar i både Noreg og Sápmi.

Reglar endre

Sáhkku er eit eliminasjonsspel, der spelarane flyttar brikkene langs eit spor med mål om å eliminera brikkene til motspelaren. Mange ulike variantar av sáhkku har vorte spela i ulike delar av Sápmi. Munnleg overføring av sakku-reglane frå generasjon til generasjon stogga for det meste opp på 1900-talet (sjå Sáhkku i dag). Nokre av dei lokale variantane har overlevd fram til vår tid, medan andre har vorte rekonstruerte basert på ein kombinasjon av minner og skriftlege kjelder. Andre stader att har ein berre fragment av lokale reglar skildra i gamle dokument.

Brettet endre

Eit sáhkku-brett (sáhkkufiellu, bircunfiellu eller sahkkulávdi) kan tradisjonelt verta utforma på fleire ulike måtar. I den enklaste av dei er eit sáhkku-brett forma som tre parallelle rader med korte liner. Brikkene er plasserte på desse linene. Linene vert kalla sárgat (ein sárggis) på samisk.

Det er vanleg å teikna korte liner som er vertikalt bundne til kvarandre, slik at brettet ser ut til å innehalda ei enkelt rad med svært lange liner, men spelet vert likevel spela som om det var tre særskilte rader med liner. Slike brett har ofte tre horisontale liner som kryssar dei vertikale linene, for å illustrera at linene er delte i tre parallelle rader. Nokre brett har berre éi horisontal line i midten som kryssar dei samanbundne vertikale linene, men ein speler likevel som om det var tre rader av korte liner. Det såkalla Návuotna-brettet er ein særprega variant av sáhkku-brettet, og har tre rader med kvadratar (ruvttat, lanjat) i staden for liner.

Midtlina/kvadratet på mellomste rad, som til tider vert kalla «slottet», vert teikna med eit sáhkku-symbol («X»), eit solsymbol eller ein annan dekorasjon.

Brikker endre

Spelet har fleire gálgut (‘kvinner’) og olbmát (‘menn’), og ein gonagas (‘konge’). Mennene og kvinnene vert kalla «soldatar» i dei fleste variantar av sáhkku. Det vanlegaste talet på soldatar på kvar side er femten, men talet kan variera etter lengda på brettet. Det minste talet soldatar som vert skildra som brukande er åtte (Boris Gleb), og det høgste er tjue. Det siste er skildra som «nytta i fisket i Finnmark», utan at det ligg føre andre geografiske spesifikasjonar.[1]

 
«Isak Saba-settet» frå Unjárga, 1906.

Sáhkku-brikker som er produserte i samsvar med tradisjonelt samisk duodji (handarbeid) er ikkje disk-forma som brikkene i til dømes dam og trikktrakk, men ståande på ein måte som minnar om sjakkbrikker. I den enklaste uforminga munnar tuppen av kvar brikke ut i ei skarp pyramide-form. Kvinnebrikkene har dessutan eit skar i tuppen. Det er òg mogleg å kvessa til dette skaret slik at kvinnene får to horn som stikk ut på kvar side. Ein annan tradisjon er å kvessa tuppen etter forma på tradisjonelle samiske hovudplagg frå området der spelet vart laga, slik at mennene får ein kjegleforma tupp og kvinnene ein krokforma i samsvar med det tradisjonelle nordsamiske hovudplagget ládjogahpir eller hornlue. Dette hovudplagget forsvann på slutten av 1800-talet fordi kristne misjonærar og evangelistar rekna det for å vera eit symbol på «djevelens horn».[2]

Forma til kongen varierer mykje. I dei enklaste variantane er kongebrikken ein høg og slank pyramide med fire sider. I mange høve er sidene prydde. Mange av kongebrikkene er så rikt dekorerte at pyramide-forma snautt er synleg.[3]

OppstIlling endre

I byrjinga av spelet står rader av menn og kvinner overfor kvarandre på motsette rader av korte linjer (ein sárggis, fleire sárgát). Slottet er halde av kongen. Ein trillar terning for å avgjera kven som set i gang spelet. Spelaren som kastar sáhkku (X) fyrst får byrja.

 
Ein firkanta sáhkku-terning, rulla ut til høgre for å visa ein av fleire standardkonfigurasjonar.

Terningen som vert nytta i sáhkku er firkanta og noko avlang med korte endar som er kvessa til spissar slik at dei berre kan landa på fire sider. Ei av sidene har teiknet «X», sáhkku-symbolet. Tala på dei andre terningsidene kan variera. Ein vanleg kombinasjon er X-II-III-0, men mange andre kombinasjonar er også kjende.[4] Talet på terningar som vert nytta har òg variert, men det er ganske vanleg med tre terningar.[5] Dei vert tradisjonelt kasta i ei skål heller enn på bordet.[6]

Brikkerørsler endre

Brikkene vert flytta i samsvar med verdiane som er viste på terningen etter eit kast. Nokre regelsett krev at spelaren nyttar desse verdiane i ei viss rekkjefylgje, til dømes som X-III-II-0, medan andre regelsett ikkje nemner ein slik regel. Ein spelar kan velja å flytta ei brikke fleire gongar i løpet av ein tur, eller å nytta verdiene til ulike terningar for å flytta fleire soldatar.[7] I nokre variantar er det lovleg at fleire brikker inntar same sjarggis (korte line), medan det i andre regelsett er uklart eller beint fram forbode.[8]

Soldatane endre

Når spelet startar, er soldatane stilleståande. Det vil seia at dei ikkje kan flytta på seg. Spelaren kan igangsetja ein soldat ved å kasta ein sáhkku. Fyrst når soldaten er igangsett, kan han flyttast ein sárggis fram.

Lokale reglar skil på om igangsetjing er tvungen eller fri – altså om soldatar må setjast i gang etter tur, fyrst den fremste soldaten til spelaren og så vidare bakover, eller om ein soldat i heimerada kan setjast i gang uavhengig av kva plass han har i rada. Etter at soldaten er sett i gang, vert terning nytta til å avgjera kor mange sárgát soldaten kan gå fram under turen.[9] Soldatane flyttar seg i eit fastsett mønster eller over brettet. Rørsle-mønsteret er ulikt frå variant til variant.[10]

Kongen endre

Reglane for bruk av Sáhkku-kongen kjem an på dei lokale variantane av spelet. I alle variantar byrjar kongen nøytralt, og er ikkje under kontroll av nokon av spelarane.

Rekruttering av kongen endre

I nesten alle variantar vert kongen rekruttert av ein spelar som flyttar ei av brikkene sine over på den sjarggis som kongen står på. Det finst òg nokre kjende historiske variantar der kongen kan rekrutterast på andre måte.[11]

Flytting av kongen endre

Det finst fleire ulike reglar for korleis ein flyttar kongen. Skildringa nedanfor er ikkje fulldekkande.

  • (A) Kongen flyttar seg som soldatane til spelaren som for tida kontrollerer han.[12]
  • (B) Kongen går bakover eller framover.
  • (C) Kongen kan flytta seg ortogonalt til høgre, til venstre, oppover og nedover.[13]

Kongens lagnad endre

Det finst òg lokale variasjonar i høve til kva som skjer med kongen i løpet av ein spelomgang. I dei fleste variantar av sáhkku kan lojaliteten til kongen skifta undervegs. Spelaren som ikkje speler med kongen, kan til dømes rekruttera han ved å flytta ein soldat inn på den sjarggis han står på. Kongen vert då ein del av hæren til den andre spelaren, til dess han vert rekruttert av den andre spelaren igjen. I nesten alle variantar av spelet, kan kongen ikkje sjølv verta fanga, berre rekruttert.[14]

Å fanga soldatar endre

Målet med spelet er å fanga alle soldatane til motstandaren inntil ein har fjerna dei frå brettet. Soldaten til ein motstandar vert fanga når ein spelar flyttar ein soldat, eller den rekrutterte kongen, på ein sjarggis som motstandaren står på. Dersom ein sjarggis vert okkupert av fleire fiendesoldatar (i dei variantane der slik «sambruk» er lov), vert alle soldatane tekne til fange. Ein fanga soldat vert fjerna frå brettet, og kan ikkje koma inn att. På samisk vert det å fanga ein soldat kalla goddit - ‘å drepa’.[15]

I nokre område er det ikkje lov å ta stilleståande soldatar til fange, medan det i andre område er tillate å fanga også dei stilleståande soldatane. Somtid har reglane på dette punktet vore uklare.[16] Ein veit ikkje kva som har vore den mest vanlege, eller opphavlege, regelen.[17]

Tredje brikker endre

Nokre variantar av spelet har fleire brikker enn berre soldatane og kongen. I den einaste overlevande varianten som har slike brikker - Lágesvuotna-sáhkku - er desse kalla dronningar.

Forskarar har tidlegare kalla slike «tredje brikker» i sáhkku-spel for «kongens born», og har gjort framlegg om at at desse brikkene moglegvis vart importerte frå eit anna samisk brettspel, dablo, som har slike brikker.[18][19] Dette trass i at dronningane i Lágesvuona sáhkku har ein heilt annan funksjon enn kongebarna har i dablo-spelet.

Variantar endre

Lágesvuotna-sáhkku endre

 
Vegen til soldatane i Lágesvuotna sáhkku. Brettet som er vist her er utforma slik at dei tre parallelle radene av korte liner (sárgát) er tilslutta vertikalt, og krysset av ei horisontal line i midten. Dette er eit reint estetisk val som ikkje påverkar gangen i spelet.
 
Ein Lágesvuotna-sáhkku. Áltá, 2018.

Lágesvuotna-sáhkku er ein rekonstruksjon av sáhkku-varianten som vart spela i området Lágesvootna/Laksefjorden. Edmund Johansen stod for rekonstruksjonen av denne varianten.[20]

Navuotna-sáhkku endre

 
Navuotna-typen av sáhkkubrett erstatter den relativt standard oppsetningen av 3×15 sárgát med 3×13 kvadratar.Alle Návuotna-stil sáhkku-speler vert spelae med soldatveien som er vist på dette diagrammet. Ráisa sáhkku og Máze sáhkku vert spela på ein Návuotna brett.

Denne varianten av sáhkku er heimehøyrande i Navuotna-fjorden i Nord-Troms. Det finst i to undervariantar, den eine er kjend som Ráisa-sáhkku og den andre som Máze-sáhkku. Reglane vart skrivne ned på 1950-talet av forskaren Yngvar Mejland frå Ráisa.[21] På 1980-talet vart ein lokal variant utvikla i bygda Máze i Finnmark.[22]

Historie endre

Namn endre

Det nordsamiske ordet «sáhkku» er namnet på både spelet og kastet «X». Det tyder «bot», som i «mulkt» eller «straff». Forskarar har dokumentert at i eit lulesamisk distrikt (Huhttán), var verbet for å spela sáhkku «sakkotet». Dette liknar sakkkudit i moderne lulesamisk staving, som tyder ‘å bøteleggja’.[23] På den andre sida er verbet frå nordsamisk for å spela sáhkku sahkostallat, som ikkje har noko anna tyding.[24]

Namnet har vore gjenstand for spekulasjonar. Edmund Johansen har fortald den franske forskaren Alan Borvo at «bot» i denne samanhengen er ein eufemisme for «offer», som vart nytta for å unngå sinne hjå kristne prestar og misjonærar. Av desse vart «sáhkku» rekna som eit syndig spel, fordi dei meinte å kunne sjå spor av den førkristne samiske religionen i det. Blant desse vart sáhkku omtalt som «spelet åt djevelen». Ifylgje teorien til Johansen stemmer det at konge-brikken vart rekna av spelarane for å vera ein ikkje-kristen guddom, og at rekruttering av dei kvinnelege og mannlege soldatane skjer implisitt gjennom ofringar:

...this king may perfectly well have meant god with the signification the Sámit give to that word, i.e. a natural power, neither good nor bad, with whom one has to deal anyway by making offerings. In our language sáhkku means ‘penalty’. You may know the Sámit often give things new names just to avoid the minister’s wrath, so they could say penalty while they really thought of offering.[25]

Borvo har argumentert for denne teorien ved å syna til likskapar mellom nokre samiske sieidi av trevyrke, og utforminga av einskilde kongebrikker i sáhkku.[26] Spelet vart òg kalla å spela birccut, som tyder å spela terning på nordsamisk. Eit alternativt namn for spela på skoltesamisk, percc, har same tydinga.[27] Ordet sáhkku er ikkje relatert til det vagt liknande sjakk, som kjem frå gamalpersisk.

Nærskylde spel endre

 
XII Scripta, ein mogleg forgjengar til sáhkku.

Sáhkku høyrer til blant ei gruppe eliminasjonsspel med røter som kan sporast attende til det austlege Middelhavet, og har vorte spela i minsto sidan 1300-talet. Desse spela har slåande likskapar med det romerske spelet tabula (stamfar til trikktrakk), og spelbretta minnar i mange tilfelle om brettet til tabula-spelets sannsynlege forgjengar, det romerske spelet XII scripta. Det har vore mykje diskusjon blant forskarar, men ein har ikkje greidd å finna eit svar på korleis desse spela har spreidd seg frå dei romerske områda til Nord-Europa.[28]

Afrikanske og asiatiske slektningar endre

 
Tâb-brett frå boka Mandragorias seu Historia shahiludii (1694) av Thomas Hyde.

Tâb er eit spel som vert spela i Nord-Afrika og Sørvest-Asia. Eit liknande spel, tablan, er kjend frå India. Samanlikna med sáhkku har tâb noko forskjellige reglar for flytting av brikker, og nyttar pinnar heller enn terningar. Brettet er i mange tilfelle større, med fire rader heller enn tre, jamvel om det heller ikkje er ukjend med tre rader. Brikkene kan leggjast oppå kvarandre og flyttast i lag, med den risiko at alle unnateke ein brikke går tapt dersom dei flyttar seg til eit punkt der ein av brikkene har stått før. Det finst ingen kongar eller kongebarn i tâb - det elementet er særskilt for sáhkku.[29]

Den fyrste skildringa av eit spel som ein er sikre på at må vera tâb, stammar frå 1694. Dette var berre nokre tiår etter at Schefferus skildra bruken av sáhkku-terningar i Sápmi i boka Lapponia (sjå lenger nede). Men eit spel rekna som forgjengaren til tâb er nemnd i eit dikt allereie i 1310.[30] Forskaren Thierry Depaulis hevdar at spelet vart spela «iallfall i det tiande hundreåret».[31]

Europeiske slektningar endre

Spelet daldøs, spela i delar av Danmark og Sør-Noreg, er ein openberr slektning av sáhkku og tâb. Daldøs nyttar terningar som er meir eller mindre identiske med sáhkku-terningar. Reglane ligg nærare Ráisá-sáhkku samanlikna med korleis sáhkku vanlegvis vert spela, men er også såpass annleis frå Ráisá-sáhkku at det må kunne seiast å vera eit sjølvstendig spel. I staden for flyttbare brikker på korte liner eller kvadratar, nyttar daldøs ein pinne som vert flytta frå hol til hol på brettet. Fleire pinnar kan ikkje stå i det same holet, og pinnane som tilhøyrer den same spelaren kan ikkje gå forbi kvarandre. Pinnane går i same retning, slik at den eine spelaren nærmar midten frå venstre, medan den andre nærmar seg midten frå høgre. Raden i midten er også eitt hol lengre enn radene på spelaren si side. Dette er identisk med ein variant av tâb som vert spela i Algerie. Men daldøs har korkje ein konge, ei dronning eller kongebarn.[32]

I tillegg til sáhkku og daldøs, overlevde eit anna tradisjonelt eliminasjonsspel i Nord-Europa: det islandske spelet ad elta stelpur. Dette spelet skil seg frå dei to andre ved blant anna å ha berre to rader. Brikkene går i same retning, og spring etter kvarandre rundt brettet.[33]

Stamtavle-spørsmålet endre

Generelt reknar ein med at tâb, daldøs og sáhkku ikkje har vorte utvikla kvar for seg, men at dei er i slekt, og at spelet har sitt opphav i Midtausten. Det finst fleire teoriar kring korleis tâb-tradisjonen spreidde seg frå sør til nord.[34] Borvo peiker på tre ulike scenario, omtalt som «pomor-sporet», «kven-sporet» og «viking-sporet». Depaulis argumenterer på si side for eit «væring-spor», attåt eit hypotetisk «vandal-spor».[35][36]

Austlege spor endre

«Væring-sporet», som Depaulis fester mest lit til, går ut på at vikingar som reiste i austerled i det 9. og det 10. hundreåret kan ha lært eit spel av tâb-familien i det bysantinske imperiet og teke det med seg heim, og at daldøs og sáhkku utvikla seg or denne kontakten. Depaulis legg til at det ikkje finst prov på eksistensen av eit slikt spel i Midtausten på dette tidspunktet. Dessutan kom hovudbolken av vikingane som reiste i austerled frå det som i dag er Sverige, medan daldøs og sáhkku berre er kjend frå Noreg og Danmark. Ein har elles berre funne spor av spelet i dei delar av Finland og Russland som låg nært den samiske kysten av Noreg.[37]

«Pomor-sporet» føresteller seg at eit tâb-liknande spel vart introdusert til samane av russiske handelsmenn via pomorhandelen (ca. 1740-1917). «Kven-sporet» seier derimot at kvenene, som immigrerte frå Finland på 1700- og 1800-talet, tok spelet med seg derfrå. Utbreiinga av Sáhkku var mest utbreidd langs den nordlege kysten av Sápmi, og overlappar med dei områda der samane var mest delaktige i pomorhandelen. Dette området vart dessutan busett av kvenske innvandrarar. Borvo poengterer derimot at fråværet av eit tâb-liknande spel i Russland talar imot pomor-sporet, og at det same gjeld for kven-sporet, sidan heller ikkje finnane hadde eit eige tâb-liknande spel.[38] Depaulis tvilar også på desse to spora, fordi han ser det som usannysnleg at nordmenn og danskar baserte daldøs-spelet på det samiske sáhkku-spelet, men han framfører ingen argument for kvifor dette skulle vera meir usannsynleg enn det motsette; ei heller tek han føre seg moglegheita for at daldøs og sáhkku kan ha vorte utvikla kvar for seg, men med røter i ein sams forgjengar frå Midtausten.[39]

Vestlege spor endre

 
Spelbrett, manuskript frå Cerne Abbey i Dorset (1250-1300). Mogeleg sáhkku-slektning til venstre.

«Viking-sporet», som Borvo har mest tru på, ser for seg at norrøne vikingar lærte spelet i sør, utvikla det til daldøs, og introduserte spelet for samane, som i sin tur skapte sáhkku. Viss ein tenkjer seg at dette skjedde i vikingtida, må tâb-liknande spel vera eldre enn skriftlege kjelder indikerer.[40] Til støtte for denne teorien har Depaulis peikt på sambandet mellom vikingar frå Danmark og Noreg og den islamske delen av Spania på 800-talet. Borvo meiner på si side at fråværet av sáhkku og daldøs langs den lange kyststrekninga mellom Jæren og Lyngen svekkjer denne teorien. Slik han ser det, gjeld dette også alle teoriar som føreset at tâb-liknande spel på eitt tidspunkt har vore vanlege langs den skandinaviske vestkysten. Borvo spekulerer på om innovasjonane som vart gjorde med spelet i dei samiske områda frå Lyngen og nordover kan ha gjort at det var interessant nok til å overleva gjennom hundreåra. Ein slik konklusjon vil samstundes pressa fram spørsmålet om korleis daldøs likevel overlevde i delar av Sør-Skandinavia.[41]

Ideen om at spelet har spreidd seg langs vestkysten av Europa, har ei viss støtte frå funn avdekte i maritime miljø i det sørlege England: Noko som ser ut til å vera eit tâb-liknande spel har vorte funne i vraket av det engelske krigsskipet Mary Rose, som sokk i 1545.[42] Likeeins finn ein ei teikning av eit brettspel i eit manuskript datert til 1300-talet frå Dorset. Dette funnet er eldre enn den fyrste tekstlege nemninga av eit spel ved namn tâb, og båe funna er eldre enn den fyrste skildringa av spelet. Båe funna har, nett som daldøs og sáhkku, eit ekstra punkt i den midterste rada.[43]

Det nordlege sporet endre

I tillegg til teoriane ovanfor, har Depaulis lansert eit spekulativt spor som går i motsett lei, det såkalla «vandal-sporet», som går ut på at eit tre-raders eliminasjonsspel vart førd frå Norden og til Nord-Afrika, og spreidde seg vidare til Midtausten derfrå. Jamfør denne teorien har tâb-spela eit nordeuropeisk opphav. Ein slik konklusjon vil innebera at sáhkku og nærskylde spel er direkte etterkomarar av endå eldre nordeuropeiske brettspel.[44]

Manglande kjelder og gjenstandar endre

 
Mor og barn i Finnmark med dei få eigedomane dei har att etter øydinga av landsdelen (1944).

Alle desse teoriane har sams at dei manglar støtte både frå tekstlege kjelder og fornfunn. Dette har si forklaring i at tâb-liknande spel som sáhkku gjerne vart laga av lett nedbrote trevyrke.[45] I Midtausten har spelet gjerne vorte teikna i sanda, og greiner og steinar nytta som brikker og terningar.[46]

For sáhkku sin del vart dette problemet forverra av tyskarane si nedbrenning av Finnmark og Nord-Troms i 1944-45. Dei tyske styremaktene nytta den brende jords taktikk, og øyda dimed mesteparten av den materielle samiske kystkulturen frå førkrigsåra. Wehrmacht hadde elles gått fram på same viset i Finsk Lappland i forkant av nedbrenninga i Nord-Noreg. Ein råka med andre ord nett dei områda der sáhkku var i bruk. Difor er det lite sannsynleg at ein kjem til å finna spelsett som er eldre enn 1944, omframt dei som vart tekne vare på i museum utanfor kjerneområdet for sáhkku.

Utvikling og spreiing av sáhkku endre

 
«Lappane tilverkar desse kubane av tre. Dei er av vanleg type.Dei har tala innskrivne på kvar side, eller bokstaven X». - Lapponia (1673), s. 277-278.

Ein veit ikkje kor lenge sáhkku har vorte spela av samar. Den tidlegaste skriftlege omtalen av det som kan vera sáhkku vart gjord av Johannes Schefferus i boka Lapponia (1673). Der fortel han at samane nytta terningar som passar overeins med terningane ein kjenner frå moderne tid. Han oppgjev Olaus Sirma som kjelde for desse opplysningane. Samstundes skildrar ikkje Schefferus eit spel som liknar på sáhkku.[47] Fyrst i 1841 talar ei skriftleg kjelde om eit spel ved namn sáhkku som på den tida vert spela i i lulesamiske distrikt. Ein går ut frå at dette er det same spelet me i dag kjenner som sáhkku, trass i at det ikkje vart gjeve noko fullgod skildring av spelet.[48] Den fyrste utvitydige skildringa av sáhkku vart gjeve av J.A. Friis i 1871, og omhandla ein variant av spelet frå Finnmark (sjå teikning nedanfor).

Innføring av kongen og andre brikker endre

 
Diagram av sáhkku-brett og brikker av J.A. Friis (1871).

Detaljane Friis gjev om spelet viser at kongebrikka var oppfunnen på dette tidspunktet, men han gjev ingen vitnesbyrd om korkje dronningar eller kongebarn. Kor som er, har det eldste eksisterande sáhkku-brettet markeringar som indikerer plasseringa til dronningane i Lágesvuotna-sáhkku, trass i at spelsettet ikkje inkluderer desse brikkene.

Det eldste eksisterande komplette sáhkku-settet, som vart donert til eit museum av Isak Saba i 1906 (vist i toppen av artikkelen), inkluderer soldatar, kongen, tre terningar og eit brett der plasseringa til kongen og moglegvis også dronninga er markert. Det finst også ukomplettte spelsett med soldatar, konge og tredjebrikker, som er daterte til 1800-talet.[49]

Michaelsen og Borvo argumenterer for at innføringa av kongen i sáhkku kan ha vore inspirert av det samiske brettspelet tablut, som har ein kongebrikke forma på ein måte som minner om utforminga av somme kongebrikker i sáhkku.[50]

Likeeins ser Michaelsen for seg at tredjebrikkene i nokre variantar av spelet ikkje nødvendigvis var dronningar, men kongebarn inspirert av det samiske brettspelet dablo, som har slike brikker. Tablut vart dokumentert på 1700-talet, medan dokumentasjonen av dablo stammar frå 1800- og tidleg på 1900-talet. Båe desse samiske brettspela høyrer til ein større familie av brettspel: Tablut er ein medlem av den nordeuropeiske tafl-familien, medan dablo soknar til alquerque-familien, som kan sporast attende til Midtausten, og kom til Europa via Spania.[51]

Den geografiske utbreiinga av spelet endre

Medan tablut og dablo stort sett har vorte spela i Jamtland og Lappland i Sverige, har sáhkku såvidt ein kjenner til vore spela langs kysten og det austlege innlandet i nord- og skoltesamiske område, i ein region som strekkjer seg frå Lyngen til Petsjenga.[52] Ifylgje Anders Larsen vart spelet også kjend lenger sørover, i Nordland fylke.[53] Sáhkku har i alle høve vorte spela i kjerneområda for samisk kultur dei siste to hundreåra. Det lyt også nemnast at spelet har vore kjend i nordlege delar av finsk Lappland, og mellom skoltesamar i dagens Noreg, Finland og Russland.

Utanfor dei samiske områda har ein gjort funn av ei spelbrikke på Spitsbergen som kan vera ein sáhkku-konge, jamvel om dette også kan vera ei sjakkbrikke.[54] Det høyrer med til dette at Vilhelm Carlheim-Gyllensköld (sitert av Peter Michaelsen) har dokumentert at russarar på Spitsbergen spela sáhkku på 1890-talet.[55] Denne varianten nytta 2*13 soldatar og ein konge, på eit brett med 3*13 liner. Dei brukte òg sekssidige terningar. Ei av sidene var merkt med «X», ei var tom, og dei resterande sidene var merkte med slag (I-II-III-IIII). «X» vart referert til av russarar som sakko, eit namn som vitnar om at russarane hadde lært spelet frå samane, eventuelt at dei sjølve var russiske samar.

Sáhkku i dag endre

 
Trofé på Oslo Sáhkku Cup 2018.
 
Semifinalistar på den fyrste opne sáhkku-cupen, Oslo 2018.

Kristne misjonærar og læstadianarar såg på sáhkku som eit syndig spel.[56] Denne motbøren - i kombinasjon med fornorskingspolitikken – medførte at samar la vekk delar av kulturen og identiteten sin, inkludert sáhkku. Dei materielle øydelegginga av samiske samfunn i krigsåra gjorde ikkje stoda betre, og sáhkku-spelet tok til å forsvinna frå samiske miljø på 1950-talet. I nokre distrikt var spelet framleis utbreidd på 1960-talet (det var ikkje uvanleg at ein spela det i løynd for å unngå reaksjonar frå religiøse krefter), men med tid og stunder gjekk spelet ut av bruk.[57]

Då samisk kultur fekk ein ny oppsving på 1970- og 80-talet, vart nye kopiar av gamle spelsett produserte. Gjennom 80- og 90-talet var spelet i sporadisk bruk i Masi i indre Finnmark, og i Lágesvuotna på austkysten av Finnmark.[58]

I tida rundt tusenårsskiftet vart sáhkku og spelets forhistorie møtt med internasjonal interesse frå forskarar, og fleire vitskaplege artiklar om emnet vart skrivne på engelsk og fransk. Sidan den gong har nettbaserte aktørar byrja å selja spelsett, men spelet er ikkje ålment tilgjengeleg på verdsveven.

I 2018 gjekk fleire sáhkku-tevlingar av stabelen i Sápmi og Sør-Noreg, blant anna ein open cup heldt av samiske organisasjonar i Oslo. Cupen vart spela i samsvar med reglane i Lágesvuotna-sáhkku.[59]

Sjå også endre

  • Daldøs, ein sør-skandinavisk slektning av sáhkku.
  • Tâb, ein mogleg slektning i Midtausten av sáhkku.
  • Tablut, den samiske versjonen av det skandinaviske tafl-spelet, som reglane for det moderne hnefatafl er henta frå. Jamvel om namnet er likt, er tablut ikkje slektning av tâb.
  • Dablot Prejjesne, eit samisk spel som liknar alquerque og dam.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Borvo 2001, s. 43
  2. Borvo 2001, s. 43
  3. Borvo 2001, s. 44
  4. Borvo 2000, s. 42
  5. Friis 1871: 164-167; Borvo 2001: s. 49-52
  6. Michaelsen 2000, s. 25
  7. Friis 1871: 164-16; Borvo 2001: s. 49-52; Mejland 1953
  8. Friis 1871; Borvo 2001; Michaelsen 2000, s. 22-24
  9. Friis 1871; Borvo 2001; Michaelsen 2000, s. 22-24
  10. Friis 1871: s. 164-167; Borvo 2001: s. 49-52
  11. Borvo 2001, s. 44, s. 49-52; Friis 1871: s. 164-167
  12. Michaelsen 2001, s. 22-24
  13. Borvo 2001: s. 49-52
  14. Borvo 2001: s. 49-52; Michaelsen 2000, s. 22-24
  15. Friis 1871, s. 167
  16. Borvo 2001, s. 34
  17. Borvo 2001: s. 49-52
  18. Michaelsen 2000, s .28
  19. Michaelsen 2010, s. 218-221
  20. Berg-Nordlie, Mikkel (2018) "Ná sáhkostalat! Vuonnamárkanat 2018".
  21. Michaelsen 2000
  22. Berg-Nordlie 2018b
  23. Michaelsen, s. 19
  24. Larsen 1950, s. 171. Til samanlikning er det moderne nordsamiske ordet for ‘å bøteleggja’ sáhkkohit'.
  25. Johansen sitert i Borvo, s. 45
  26. Borvo 2001, s. 46
  27. Borvo, s. 42, 48
  28. Depaulis “Arab game”, 2001, s. 82
  29. Depaulis “Arab game”, 2001
  30. Depaulis "Jeux" 2001, p 54
  31. Depaulis “Arab game”, 2001, s. 82
  32. Østergaard & Gaston 2001; Michaelsen 2001, s. 24-25
  33. Bell 1979, s. 37-38
  34. Depaulis “Arab game”, 2001, s. 82
  35. Borvo 2001, s. 46-47
  36. Depaulis “Arab game”, 2001, s. 82
  37. Depaulis “Arab game” 2001, s. 78-80
  38. Borvo 2001, s. 46-7
  39. Depaulis “Arab game” 2001, s. 77
  40. Depaulis “Arab game” 2001, s. 81-
  41. Borvo 2001, s. 46
  42. «Daldøs in 16th century England». Henta 8. desember 2015. 
  43. Borvo 2001, s. 46
  44. Depaulis 2001 «Arab game», s. 81-82
  45. Jamvel om kongar kunne gjerast meir slitesterke med til dømes reinsdyrhorn, og i eitt kjend tilfelle med bly. Sjå Michaelsen 2000 s. 26 (som siterer Mejland)
  46. Depaulis “Arab game” 2001, s. 79
  47. Borvo 2001, s. 37; Casaux, s. 90; Depaulis “Arab game” 2001, s. 80
  48. Borvo 2001, s. 42; Michaelsen 2000, s. 19
  49. Borvo 2001, s. 35
  50. Borvo, s. 44; Michaelsen 2000, s. 28.
  51. Michaelsen 2010
  52. Jamvel om Anders Larsen skildra eit spel kalla cuhkkálávdi, i røynda dablo utan offisersbrikker og på eit mindre brett, som vart spela i samiske område på kysten av Nord-Troms, jf. Michaelsen 2010, s. 218, 220; Larsen 1950, 171
  53. Larsen 1950, s. 171.
  54. Borvo 2001, s. 42
  55. Michaelsen 2003, s. Legg merke til at artikkelen seier «Siberia» i staden for «Spitzbergen», men dette er ein skrivefeil. Boka av Carlheim-Gyllensköld som Michaelsen viser til, dreier seg spesifikt om Spitsbergen.
  56. Borvo 2001, s. 33
  57. Borvo 2001, s. 39-40
  58. Michaelsen 2000, s. 20; Hansen 2013
  59. Brenli, Erik: "Verdenspremiere". Ságát 19.10.2018; Brenli, Erik: "Verdens første sáhkku-cup i Oslo: Furuly til topps"

Samiske endre

  • Larsen, Anders (1950), Mearrasámiid birra. In Mearrasámiid birra - ja eará čállosat / Om sjøsamene - og andre skrifter. Redigert av Ivar Bjørklund og Harald Gaski (2014). 4, Karasjok: ČálliidLágádus SÁMIacademia 
  • Berg-Nordlie, Mikkel (2018), Ná sáhkostalat!, Daabloe/Vuonnamárkanat 

Danske og norske endre

  • Berg-Nordlie, Mikkel (2018b), Hvordan spille dablo og sáhkku. Mer om samiske brettspill., Daabloe 
  • Friis, J. A. (1871), Lappisk mytologi. Eventyr og folkesagn., Christiania: Alb. Cammermeyer 
  • Hansen, Jostein (2013), "Samisk avdeling og samiske studenter på Lærerutdanninga i Alta" i Lund, S. "Samisk skolehistorie 6", Karasjok: Davvi Girji 
  • Mejland, Yngvar (1953), «Sakko», Bygd og by (Oslo) 8 
  • Michaelsen, Peter (2000), «Daldøs og Sakku - to gamle nordiske spil», Ord & Sag (Aarhus: Institut for Jysk Sprog- og Kulturforskning) 19: 15–29, ISSN 0108-8025 

Tyske endre

  • Lagercrantz, Eliel (1939), Lappischer Wortschatz, Helsinki 

Engelske endre

Franske endre