Søramerikansk sjøløve
Søramerikansk sjøløve (Otaria flavescens, tidlegare Otaria byronia), også kalla den sørlege sjøløva og den patagonske sjøløva, er ei sjøløve som finst langs dei vestlege og søraustlege kystane av Sør-Amerika. Den er den einaste medlemmen av slekta Otaria. Arten er sterkt kjønnsdimorf. Hannane har eit stort hovud og ein framståande manke. Dei et hovudsakleg fisk og blekksprut, og dei trekkjer opp på sand-, grus-, stein- eller rullesteinstrender. I dei fleste populasjonar er held dominerande hannar både territorium og harem; dei etablerer territorium først og prøver deretter å samle hoer innanfor området. Den totale bestanden av arten blir rekna som stabil og er estimert til 265 000 dyr.
Søramerikansk sjøløve | |
Hoe og hanndyr | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Søramerikansk sjøløve | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Øyreselfamilien Otariidae |
Slekt: | Otaria |
Art: | Søramerikansk sjøløve O. flavescens |
Vitskapleg namn | |
Otaria flavescens |
Namnsetting
endreDen søramerikanske sjøløva vart klassifisert som Otaria flavescens av George Shaw i 1800 og som Otaria byronia av Henri Marie Ducrotay de Blainville i 1820. Dei to nomenklaturane vart historisk brukt om kvarandre, men O. flavescens har vorte det føretrekte namnet.[1][2] Arten er også nemnt som «sørleg sjøløve», sjølv om dette ikkje blir føretrekt, då både den australske sjøløva (Neophoca cinerea) og den nyzealandske sjøløva (Phocarctos hookeri) også lever på den sørlege halvkula. Lokalt er arten kjend under fleire namn, inkludert león marino (sjøløve) og lobo marino (sjøulv).[2]
Skildring
endreDen søramerikanske sjøløva er blant dei største og mest kjønnsdimorfe av øyreselane. Hannane kan bli opptil 3 meter lange og vege 350 kg, medan hoene blir opptil 2 meter lange og veg 150 kg. Unger fødast med ei lengd på 0,86 meter og vegar 12–15 kg. Skilnaden i storleik mellom kjønna eksisterer både hos nyfødde og unge individ.[2]
Vaksne hannar har store hovud med korte, oppovervende snutar og lange mankar som når skuldrene. Pelsen er hovudsakleg brunaktig, med vaksne hannar som er mørkebrune og hoer som er nesten gulaktige. Unger fødast svarte, men blir raudbrune etter si første røyting.[2]
Søramerikanske sjøløver lagar ei rekkje vokaliseringar og lyder som varierer mellom kjønn og alder. Vaksne hannar lagar høgfrekvente lydar under aggressive interaksjonar, bjeff og brøl når dei etablerer territorium, brøl når dei interagerer med hoer, og utandingslydar etter fiendtlege møte. Hoer med ungar lagar ein primær morslyd når dei interagerer med ungane sine, og grynt under aggressive møte med andre hoer. Ungane lagar primærlæte for ungar. Nokre av desse vokaliseringane og dei akustiske trekka kan bidra til individuell gjenkjenning.[3]
Økologi
endreDen søramerikanske sjøløva finst langs kysten og på øyane utanfor Sør-Amerika, frå Peru i sør til Kapp Horn og vidare nordover til det sørlege Brasil.[2] Kjende ynglekoloniar inkluderer Lobos Island i Uruguay, Valdéshalvøya i Argentina, Beaglekanalen og Falklandsøyane. Nokre individ vandrar så langt nord som til det sørlege Ecuador, sjølv om det ser ut til at dei aldri har yngla der. Rørsleøkologien til søramerikanske sjøløver er framleis dårleg forstått, men biologgings-studiar dei siste åra har forbetra forståinga vår av rørslene deira til havs på enkelte ynglelokalitetar.[4][5][6][7] Det finst ingen bevis for ein vintermigrasjon av sjøløver frå Falklandsøyane.[8]
Søramerikanske sjøløver «kastar ungen» (føder) på strender som består av sand, grus, steinar eller rullestein. Dei kan også sjåast på flate, steinete klippar med tidvassbasseng. Koloniane av sjøløver har ein tendens til å vere små og spreidde, spesielt på steinete strender. Når vêret er varmt og solrikt, held individa avstand frå kvarandre.
Søramerikanske sjøløver et ei rekkje fiskeartar, inkludert argentinsk lysing (Merluccius hubbsi) og ansjos (Engraulis ringens). Dei et også blekksprut, som kortfinneblekksprut (Illex argentinus), patagonsk blekksprut (Doryteuthis gahi) og artar av åttearma blekksprut. Det har også vorte observert at dei jaktar på pingvinar, pelikanar og unge søramerikanske pelsselar.[9] Søramerikanske sjøløver kan leite etter byttedyr på havbotnen, spesielt saktegåande byttedyr, eller jakte på stimfisk i grupper, avhengig av området. Når bytte blir fanga, blir det rista veldig og blir rivne sund. Det er også registrert at søramerikanske sjøløver dreg nytte av jaktinnsatsen til mørkdelfinar (Lagenorhynchus obscurus).[10] Sjøløvene sjølv er byttedyr for spekkhoggarar og haiar; ved Valdéshalvøya kastar spekkhoggarar seg på land for å fange sjøløver nær stranda.[2]
Sjøløve versus pelssel
endreSjølv om søramerikansk pelssel og søramerikansk sjøløve deler mykje av det same utbreiingsområdet, skil dei ulike habitatpreferansane deira og økologiske tilpassingar dei naturleg. Anatomien åt sjøløver gjer dei betre i stand til å røre seg på land enn pelsselar, pelsselen er mindre og smidigare i vatn og har en meir isolerande pels som òg gjer dei mindre tolerante for soleksponering. Pelsselen favoriserer steinete, skuggefulle område, medan sjøløver føretrekkjer opne strender, gjerne sandstrender. Yngjesesongen for dei to artane er ulike, derfor konkurrerer dei heller ikkje om plass for yngling.[2] Denne separasjonen minimerer direkte konkurranse og lèt begge artane sameksistere innanfor same geografiske region.
Menneskeleg interaksjon
endreMoche-folket i det gamle Peru tilbad havet og dyra der. Dei avbilda ofte søramerikanske sjøløver i kunsten sin.[11] To statuar av denne arten er symbolet for byen Mar del Plata.[12]
Urfolk i Sør-Amerika utnytta denne arten i tusenår, og europearar byrja å jakte på han rundt 1500-talet.[13] Jakta har sidan minka, og arten er ikkje lenger trua. Arten er verna i det meste av utbreiingsområdet sitt. Det finst mange reservat og verna område ved yngle- og kvileplassar for sjøløvene. Trass i dette blir ikkje vernereglane handheva effektivt i store delar av utbreiingsområdet til arten.[14]
Den totale bestanden av sjøløver blir rekna som stabil, med eit estimat på 265 000 individ. Populasjonen er likevel i tilbakegang på Falklandsøyane og i argentinsk Patagonia, men aukar i Chile og Uruguay.[14] Mange sjøløver i den peruanske populasjonen døydde under El Niño i 1997/1998.[8][14] Dei blir framleis drepne på grunn av vanane deira med å stele fisk og skade fiskegarn.[14]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er ei omsetjing av «South American sea lion» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2024
- ↑ Rodriguez, D., R. Bastida. (1993). «The southern sea lion, Otaria byronia or Otaria flavescens?». Marine Mammal Science 9 (4): 372–381. Bibcode:1993MMamS...9..372R. doi:10.1111/j.1748-7692.1993.tb00470.x.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Cappozzo, Humberto Luis; Perrin, William F. (2008). «South American sea lion Otaria flavescens». I Perrin, William F.; Würsig, Bernd; Thewissen, J.G.M. Encyclopedia of Marine Mammals (2nd utg.). Elsevier Science. s. 1076–1077. ISBN 978-0123735539.
- ↑ Esteban Fernández-Juricic, Claudio Campagna, Víctor Enriquez and Charles Leo Ortiz (1999). «Vocal Communication and Individual Variation in Breeding South American Sea Lions». Behaviour 136 (4): 495–517. JSTOR 4535623. doi:10.1163/156853999501441.
- ↑ Riet-Sapriza FG, Costa DP, Franco-Trecu V; et al. (2013). «Foraging behavior of lactating South American sea lions (Otaria flavescens) and spatial–temporal resource overlap with the Uruguayan fisheries». Deep Sea Research Part II: Topical Studies in Oceanography. 88–89: 106–119. Bibcode:2013DSRII..88..106R. doi:10.1016/j.dsr2.2012.09.005.
- ↑ Rodríguez DH, Dassis M, Ponce de León A; et al. (2013). «Foraging strategies of Southern sea lion females in the La Plata River Estuary (Argentina–Uruguay)». Deep Sea Research Part II: Topical Studies in Oceanography. 88–89: 120–130. Bibcode:2013DSRII..88..120R. doi:10.1016/j.dsr2.2012.07.012. hdl:11336/100897.
- ↑ Baylis, Alastair M. M.; Orben, Rachael A.; Costa, Daniel P.; Tierney, Megan; Brickle, Paul; Staniland, Iain J. (2017). «Habitat use and spatial fidelity of male South American sea lions during the nonbreeding period». Ecology and Evolution 7 (11): 3992–4002. Bibcode:2017EcoEv...7.3992B. PMC 5468127. PMID 28616194. doi:10.1002/ece3.2972.
- ↑ Baylis, A.M.M., Orben, R.A.; et al. (2015). «Diving deeper into individual foraging specializations of a large marine predator, the southern sea lion». Oecologia 179 (4): 1053–1065. Bibcode:2015Oecol.179.1053B. PMID 26323982. doi:10.1007/s00442-015-3421-4.
- ↑ 8,0 8,1 Baylis, AMM; Orben, RA; Arnould, JPY; Christiansen, F; Hays, GC; Staniland, IJ (2015). «Disentangling the cause of a catastrophic population decline in a large marine mammal» (PDF). Ecology 96 (10): 2834–2847. Bibcode:2015Ecol...96.2834B. PMID 26649403. doi:10.1890/14-1948.1.
- ↑ Harcourt, R (1993). «Individual variation in predation on fur seals by southern sea lions (Otaria byronia) in Peru». Canadian Journal of Zoology 71 (9): 1908–1911. doi:10.1139/z93-273.
- ↑ Würsig, B. and Würsig, M (1980). «Behavior and ecology of the dusky dolphin, Lagenorhynchus obscurus, in the South Atlantic». Fishery Bulletin 77: 871–89.
- ↑ Berrin, Katherine & Larco Museum. The Spirit of Ancient Peru:Treasures from the Larco Museum New York: Thames and Hudson, 1997.
- ↑ «Los Lobos Marinos Historia de Mar del Plata». 9. mai 2011. Arkivert frå originalen 9. mai 2011. Henta 28. desember 2024.
- ↑ Rodriguez, D. and Bastida, R. (1998). «Four hundred years in the history of pinniped colonies around Mar del Plata, Argentina». Aquatic Conservation: Marine and Freshwater Ecosystems 8 (6): 721–735. Bibcode:1998ACMFE...8..721R. doi:10.1002/(SICI)1099-0755(1998110)8:6<721::AID-AQC309>3.0.CO;2-L.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 Cárdenas-Alayza, S.; Crespo, E.; Oliveira, L. (2016). «Otaria byronia». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41665A61948292. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41665A61948292.en. Henta 28. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Søramerikansk sjøløve – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Søramerikansk sjøløve i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Søramerikansk sjøløve hos Fossilworks
- (en) Søramerikansk sjøløve hos ITIS
- (en) Kategori:Otaria flavescens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Otaria flavescens – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Otaria flavescens – detaljert informasjon på Wikispecies