Sapayoa

art av sporvefuglar
Sapayoa
Sapayoa
Sapayoa

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sapayoa
Utbreiinga av sapayoa
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Eurylaimides
Overfamilie: Eurylaimoidea
Familie: Sapayoidae
Slekt: Sapayoa
Art: Sapayoa S. aenigma
Vitskapleg namn
Sapayoa aenigma

Sapayoa (Sapayoa aenigma) er ein sporvefugl i underorden Tyranni funnen i låglandet i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika. Som epitetet aenigma ('enigma') ymtar om, har relasjonane til andre fugleartar lenge vore gåtefulle.

Skildring endre

Sapayoa er 15 cm lang, han er nær einsfarga oliven, men litt bleikare underside, litt gråleg på hale og venger og med litt gulskjær i strupen. Kjønna er like, men hannen har ein liten gul flekk øvst på hovudet. I habitus liknar han ein større, langhala breinebba hofugl av manakinar. Han er sjeldan til uvanleg i underskog, og favoriserer ravinar og små bekker.[1] Vanlegvis ser ein dei i par eller fleirartsflokkar. Dei kan drive fjørpleie i lange periodar, avbroten av flukt for å plukke frukt eller fange insekt. Dei tar insekt frå lauvverk eller i lufta med det flate, breie nebbet sitt på ein måte som minner om nokre tyrannar.[1] Andre aspekt av biologien for denne arten var enno ukjente så seint som i 2003.[2]

Fuglar av denne arten er lett å oversjå, men synast å vere vanleg i eit vidt utbreiingsområde, og IUCN reknar han ikkje som truga.

Taksonomi endre

Sapayoa har alltid vore rekna som monotypisk i slekta Sapayoa, og har historisk vore klassifisert i underorden Tyranni. Spesifikt har han lenge vore plassert i manakinfamilien, Pipridae. Likevel blei arten oppført som incertae sedis, 'usikker plassering' i Sibley-Ahlquist-taksonomi, fordi

«førebels DNA-DNA hybridisering samanlikningar [...] indikerer at denne arten er anten ein slektning av breinebbar, Eurylaimidae, i den gamle verda, eller ei syster gruppe av alle andre Tyrannida, som føreslått av tidlegare biokjemiske studiar [...] I alle høve, han er ikkje ein nær slektning av manakinar eller nokre andre seinare tyrannoid.»[3]

Nyare forsking tyder på at det ikkje er ein suboscine i den nye verda i det heile, men ein suboscine i den gamle verda. I 2004 vart det vist at sapayoa ligg utanfor suboscine i den nye verda.[4] I ein tidlegare DNA-analyse, fann forfattarane Sapayoa

«som ei djup utgreining i gruppa av breinebbar og pittaer i tropane i den gamle verda.»[5]

Om så er, kan sapayoa vere den siste overlevande arten i den nye verda av ein avstamming som utvikla seg i regionen Australia og Ny-GuineaGondwana var i ferd med å splitte opp. Forfedrar til sapayoa kan hypotetisk ha nådd Sør-Amerika via den vestlege delen av Antarktis-halvøya.

I dag er sapayoa nokre gonger plassert i familien Eurylaimidae saman med breinebbar.[6] Andre førebelse plasseringar har vore i asitifamilien Philepittidae,[7] som elles berre finst på Madagaskar og nokre gonger er inkludert i breinebbfamilien.

Likevel er det slik at skilnadane mellom breinebbar og sapayoa funne i 2003-studien berre er litt mindre djupe enn mellom sapayoa og pittaer.[5] Det er òg mogleg, om usannsynleg, at dagens sapayoa jamvel er nærare pittaer enn å breinebbar. Følgjeleg er det gjort framlegg om å plassere sapayoa i ein eigen monotypisk gruppe sapayoafamilien, Sapayoidae,[8] som det er gjort her.

Kjelder endre

  • Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Sapayoa» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2011. Artikkelen gav følgjande referansar:

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Ridgely & Tudor (1994): p.689, plate 46.
  2. Kemp & Sherley (2003)
  3. Sibley & Ahlquist (1990)
  4. Chesser (2004)
  5. 5,0 5,1 Fjeldså et al. (2003)
  6. E.g. Banks et al. (2008), Remsen et al. (2009)
  7. Kemp & Sherley (2003), men det er ikkje klårt om det var Kemp og Sherley eller Perrins som tok avgjersle om å inkludere Sapayoa i Philepittidae.
  8. T.d. Irestedt et al. (2006)