Sions vises protokollar

Sions vises protokollar er eit antisemittisk verk som opphavleg kom ut på russisk og gjev seg ut for å vera ein hemmeleg møteprotokoll frå den første sionistkongressen i Basel i 1897. Skriftet er ei forfalsking.[1] Skriftet skildrar ein jødisk plan om verdsherredøme. Det har blitt brukt av ei rekkje antisemittar som «bevis» i kampen mot jødenes påståtte, samfunnsøydeleggjande sammensverjingar. Skriftet kan sjåast som ein tidleg konspirasjonsteori.

Sergej Nilus gav ut Sions vises protokoller i 1905 som vedlegg til tredjeutgåva av boka si 'Den store og den vesle: Antikrists kome og Satans herredøme over jorda'. Nilus heva at «protokollane» stamma frå den første sionistkongressen i Basel i 1897.

Bildet viser tittelbladet på Nilus si bok i utgåva frå 1912. Blant symbola er ein russisk-ortodoks kross øvst og fleoire okkulte symbol for antikrist: pentagram med tetragrammet, tarotkortet «VII - Vogna» og davidstjerne med initialar.

«Protokollane» blei gjevne ut for første gong i 1903 i den russiske avisa Znamya ('Banneret'). I 1905 kom den versjonen som etter kvart gjekk sin sigersgang internasjonalt, først trykka i ei antijudaistisk bok om Antikrist og Satan av den kristne mystikaren Sergej Nilus. Nilus hevda at kjelda hans hadde stole dokumentet frå eit (oppdikta) sionistisk hovudkvarter i Frankrike,[2]

I 1911 blei trykksaken publisert som sjølvstendig hefte. Verket blei deretter omsett til fleire språk og fekk stor spreiing og tyding for synet på jødane i mellomkrigstida. Det blei først gitt ut i Noreg i 1920 med tittelen Den Nye Verdenskeiser. Zions Lærde Ældstes Protokoller.[3]

Opphav endre

Sions vises protokollar er eit tidvis ordrett plagiat av tekstar og idear frå franske og prøyssiske romanar som kom ut på 1850- og 1860-talet. Opphavleg handla det om konspiratoriske jesuittar, siden om samfunnskritisk satire utan tanke på rase eller religion, men snart om ekstrem antisemittisme. Sjølve «Protokollane» blei først formidla som pamflett i Det russiske keisarriket på 1870-talet, så gjentatt på 1890-talet då det hemmelege politiet i Russlad utnytta det antisionistiske innhaldet i ein svertekampanje mot moderne reformrørsler. Jødene blei dermed gjort til syndebukkar for revolusjon og arbeidarrørsla, liberalisme, humanisme, demokrati, sekularisering (avkristning) og andre modernitetar som undergrov den tradisjonelle makta til tsarveldet og kyrkja. Professor i tysk ved universitetet i Yale skreiv i 1987 at novella «Biarritz» frå 1868 av Herrmann Goedsche under aliaset Sir John Retcliffe, er opphavet til protokollsvindelen.[4]

Spreiing endre

Dokumentet spreidde seg internasjonalt først to tiår etter det vart fabrikkert av det russiske hemmelege politiet. Det vart vidt trykt opp og gjenutgjeve både samstundes med influensapandemien i 1918-20 og etter revolusjonen i Russland i 1917, som båe auka frykta for at skjulte krefter var i fare for å ta sosial kontroll.[5]

Bilprodusenten Henry Ford omsette og trykte Sions vises protokollar i avisa si, Dearborn Independent, mellom 1920 og 1927, saman med artiklar der han skulda jødane for å undergrava det amerikanske samfunnet. Dette unnskulda han seg for seinare.[6]

Påverknad endre

Sions vises protokollar blei endelig avslørt som ein bløff i ein artikkelserie i londonavisa The Times i 1921.[7] Likevel presenterte tyske nasjonalsosialistar verket i skulane i det tredje riket på 1930-talet. «Protokollane» blei også brukt til å legitimera holocaust, den organiserte masseutryddinga av jødar under andre verdskrigen. Den falske teksten har framleis politisk kraft, særleg i Midtausten i konflikten mellom arabiske grupperingar og jødar i Israel. Sions vises protokollar blir også brukt av nynazistar for å rettferdiggjera jødehat og nazisme i dagens samfunn.

Påståtte band til den hemmelege organisasjonen illuminati endre

Ei tolking av teksten si rolle i ein større samanheng er presentert av W.G. Carr i bøkene hans, t.d. Pawns In The Game. Der blir det presentert eit endå større komplott, der denne boka blir brukt som manipulasjon for å skape fiendskap mot jødar i ein langsiktig plan for å øydeleggja alle religionar, inkludert jødedommen, for til slutt å prøve å skape eit positivt bilde av satanismen. Eit av måla til plottmakarane presentert i Carr si bok er å opprette staten Israel som ein provokasjon mot særskilt dei Islamske nasjonane og vidareutvikla denne konflikten i parallell med ein storkrig mellom den kristne Vesten og den ateistiske kommunismen. Planen presentert i Protokollane blir her framstilt som prinsipielt i tråd med måla til lusiferdyrkande satanistar, som jamfør teorien nyttar dei same taktikkane og samstundes legg skylda på jødane.

Innhald endre

Skriftet påstår seg altså å vere hemmeleg dokument om ein jødisk plan for å vinna herrevelde over jorda. Det inneheld 24 protokollar (i form av 24 heller korte kapittel, kvart med fokus på ulike tema i planen), der det kjem framlegg om korleis dette herredømet skal oppnåast. Mellom anna skal det jødiske verdsherredømet fremjast ved å spreie darwinisme, liberalisme, marxisme og pornografi. Kristendom og andre religionar skal brytast ned og ateisme skal fremjast, for å rydde plass for hegemoniet til jødedomen.

Innhaldet er ei veldig detaljert skildring av ulike sider av ein plan for å omforme bokstavleg tala alle verdas land til å komme under eit sentralisert styre. Metodane nemnde for å oppnå dette, og forklaringa rundt, er ekstremt kyniske og undertrykkande. Til dømes går dei ikkje av vegen for å svelta i hel heile samfunn eller å utsetja folk for smitte av sjukdom bevisst for å undergrave tilliten til levedyktigheiten av styresettet der, slik at dei sjølve kan koma inn med sine ressursar og få ta over styringa.

At det verkeleg er jødar som står bak slike planar er avvist tallause gongar, sjølv om det er presentert slik i teksten, på ein måte som får jødane til å framstå i svært dårleg lys.

Det er veldig mange detaljar i Protokollane som kan samanliknast med utviklinga i verda, og populariteten til skriftet er nok i stor grad grunna i at det framstiller ei appellerande samanhengjande forklaring på så mange faktorar.

Delar av planen skildra i boka involverar mellom anna å:

  • forderva ungdommen gjennom både oppfordring til avhengignad av rusmiddel, bevisst feilutdanning og ei rekkje andre verkemiddel
  • skapa konfliktar mellom fattig og rik, folk og kongehus, akademikarar og arbeidarar, m.m.
  • frammanipulera krigar til strategiske formål, økonomisk vinning og å få respekt.
  • lage framgang til kapitalismen og frimarknaden
  • fremja sentralisering og undergraving av sjølvstendet til bøndene og andre landeigarar som tidlegare adel o.l.
  • skapa finanskriser og internasjonale lån for å få nasjonalstatane under kontrollen til plottmakarane
  • fremja dyre eigedomsprisar, matprisar og utsetje dei fattige for harde kår
  • spreia forvirring, indre splid, overvelding ved å komplisere livene til folk
  • manipulera fram politikarforakt
  • ha sensur av trykkpressa
  • lage kalde, harde samfunn utan samhald
  • overkomplisera lovverksspråk for å ta kontroll over tolkinga av lovene
  • skapa gjeldskultur
  • oppheva alle monarki til fordel for ueffektive demokrati, som seinare skal bli saboterte og brukte som hoppestein til oppløysing av nasjonalstaten

Innhaldet er svært sjokkerande i det negative menneskesynet sitt, og er bokstavleg tala ei krigserklæring mot folk flest, der ingen verkemiddel ser ut til å vere utelukka og sjølv målet virkar å vera eit tilrøva, tvunge og hardt diktatur.[treng kjelde]

Vor styrke ligger i at holde arbeideren i stadig nød og avmagt, fordi vi derved beholder ham i vor magt, og i sine egne omgivelser vil han aldrig finde kraft eller styrke til at sætte sig op mot os. Sulten vil gi kapitalen større rettigheter over arbeideren, end nogen lovlig hersker nogensinde kunde gi en adelsmand. (Sitat frå Den Nye verdenskeiser : Zions lærde ældstes protokoller, s. 25)

Antisemittisk slagkraft endre

Dette er eit svært komplisert og uttenkt skriv med klare inspirasjonar og plagiat frå fleire tidlegare bøker, m.a. av Maurice Joly. Det inneheld eit svært nedlatande språk mot verdas arbeidarklasse og er gjennomsyra av nedlatande haldningar mot alle andre folk enn jødar, der forfattaren vert framstilt som ein talar ved eit hemmeleg møte blant innvidde medlem i ein slags hemmeleg jødisk organisasjon. Nivået på kynismen og menneskefiendtlegskapen både i skildringa av planen og av endemålet, som i den forfalska, antisemittiske teksten er eit verdsvidt kongedøme med ein jødisk konge på trona, gjer han svært provokativ om nokon trur på innhaldet.[treng kjelde]

Årsaka til at han har hatt slik nedslagskraft er at han summerar opp veldig mange faktiske plager som folk kan kjenna seg att i, t.d. fattigdom, sjukdom, krig og naud, og vrir dette til på ein særs utspekulert måte som får det til å sjå ut som at desse problema er villa av leiande krefter i ei hemmeleg, mektig jødisk røyrsle.[treng kjelde]

Del av skulda for at dette skrivet framleis blir brukt som antijødisk propaganda er nok at planen det skildrar er temmeleg detaljrik, djevelsk kløktig i sine drøftingar av ulike sider i planen og det ligg tydelegvis mykje tanke bak. Dette er ingen enkel mobbandes plakat, eller eit slagord mot jødane, heller ei skildring av eit sinnrikt og ondskapsfullt system av mange element på nær sagt alle sider av samfunnet, frå kontroll av overnasjonale organ til kontroll av individet sine hobbyar, som er skrive på ein slik måte at det verkar som ei samling av internt jødiske møteprotokollar som har vorte lekka. Eit anna element er at det i teksten står skrive at leiarskapet bak dette komplottet har tenkt å la sine egne jødiske kameratar verte ofra for å skape sympati for seg sjølve og for å kunne stemple all motstand og kritikk mot planen som antisemittisme. Så ein forstår at den psykologiske manipulasjonen av lesarane ligg på eit avansert nivå i denne oppdiktinga, og for å avvæpne den kan det være lurt å ta den trusselen alvorleg, sidan å gøyme vekk faktorane som kan overtala folk utan å forklare grundig kvifor det er feil, kan skapa eit grorom for vidare misforståing og hat. Argumentasjonen må bli meir tung enn berre eit antisemittisk stempel, fordi det kan gjere meir skade enn gagn i dette tilfellet.[treng kjelde]

Sitat frå sida til ADL om boka, ein av dei eldste og største organisasjonane mot jødehat:

"I 1935 skreiv ein sveitsisk domar som var domar i ei rettsak mot to sveitsiske nasjonalsosialistar anklaga for sirkulasjon av protokollane:

Eg håpar at det ein dag kjem ei tid då ingen vil kunna forstå korleis i året 1935 nesten eit dusin fullt tilstadeverande og fornuftige menn kunne plage hjernane sine i fjorten dagar framfor retten i Bern over spørsmålet om desse såkalla protokollane er ekte eller ikkje... som, trass i all skaden dei alt har forårsaka og enno kan komma til å forårsaka, ikkje er anna enn latterleg tull.
Dessverre har domarens håp enno ikkje fullt ut vorte røyndom.[2]

Kjelder endre

  1. Daniel Pipes: Verschwörung. Faszination und Macht des Geheimen, Gerling Akademie Verlag München 1998, s. 64 og 72.
  2. 2,0 2,1 «A Hoax of Hate: The Protocols of the Learned Elders of Zion», Anti-Defamation League (på engelsk), henta 2. januar 2021 
  3. Den Nye verdenskeiser: Zions lærde ældstes protokoller. H. Erichsen & Co. 1920. 
  4. «Opinion | 'Protocols of Zion' Originated in Novel (Published 1987)». The New York Times (på engelsk). 7. august 1987. ISSN 0362-4331. 
  5. «Why the ‘Protocols of the Elders of Zion’ Is Still Pushed by Anti-Semites», Snopes.com (på engelsk), henta 2. januar 2021 
  6. «Protocols of the Elders of Zion (1927)», Facing History and Ourselves, henta 2. januar 2021 
  7. Poliakov 1983, side 27

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Primærkildeskrift endre

Sekundærlitteratur endre

  • Aasvangen,Linda (2010). ”En fare som truer os alle”. Utgivelsen og omtalen av Sions vises protokoller i Norge 1920-1925 med vekt på Albert Hiorths religiøse tilnærming. Masteroppgave i historie ved UiO. Våren 2010. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-25012
  • Cohn, Norman (1967). Warrant for Genocide, The Myth of the Jewish World Conspiracy and the Protocols of the Elders of Zion. Harper & Row Publishers, New York, 1967, ASIN:B0006BQ9HQ; Eyre & Spottiswoode, London, 1. mars 1996, ISBN 1-897959-25-7, ISBN 978-1-897-95925-1; Serif Publishing; London, 2. utgave, 30. januar 2006. ISBN 978-1-897-95949-7. 
  • Hagemeister, Michael (1998). «Die 'Protokolle der Weisen von Zion' und der Basler Zionistenkongreß von 1897». I Heiko Haumann. Der Traum von Israel. Die Ursprünge des modernen Zionismus. Mit Beiträgen von Heiko Haumann, Alex Carmel, Erik Petry, Verena Dohrn, Desanka Schwarz, Aleksandr Loksin, Walter Pietsch, Peter Haber, Patrick Kury, Michael Hagemesser, Astrid Starck, Valerij Jul'evic Gessen, Bettina Zeugin, Monica Rüthers. Beltz Athenäum, Weinheim, 1. juli 1998. ISBN 978-3-895-47115-5. 
  • Lüthi, Urs (1992). Der Mythos von der Weltverschwörung: die Hetze der Schweizer Frontisten gegen Juden und Freimaurer, am Beispiel des Berner Prozesses um die "Protokolle der Weisen von Zion" (Bind 1 av Beiträge zur Geschichte und Kultur der Juden in der Schweiz). Helbing & Lichtenhahn, Basel / Frankfurt am Main. ISBN 978-3-719-01197-0. 
  • De Michelis, Cesare G. (2001). La giudeofobia in Russia: dal Libro del kahal ai Protocolli dei savi di Sion. Bollati Boringhieri, Torino, november 2001. ISBN 978-8-833-91350-6. 
  • De Michelis, Cesare G.; Richard Newhouse (2004). The Non-Existent Manuscript: a Study of the Protocols of the Sages of Zion. Vidal Sassoon International Center for the Study of Antisemitism (Universiṭah ha-ʻIvrit bi-Yerushalayim), University of Nebraska Press; English Ed., Rev. and Expanded edition, 30. juli 2004. ISBN 978-0-803-21727-0. 
  • Poliakov, Léon (1983). De Moscou à Beyrouth: Essai sur la désinformation. Calmann-Lévy. ISBN 978-2-702-11240-3. 
  • Rian, Dagfinn (1993). Den store løgnen: myten om den jødiske verdenssammensvergelse og de såkalte Zions vises protokoller. (online på Nasjonalbiblioteket) Sjalom forlag, den Norske israelsmisjon. ISBN 978-8-290-80807-0. 
  • Rian, Dagfinn (2003). «Zions vises protokoller». I Dagfinn Pettersen og Terje Emberland. Konspiranoia. Konspirasjonsteorier fra 666 til WTC. Humanist forlag. ISBN 978-8-290-42569-7. 
  • Sammons, Jeffrey L. (1998). Die Protokolle der Weisen von Zion. Die Grundlage des modernen Antisemitismus. Eine Fälschung. Text und Kommentar. Wallstein, Göttingen, 1998, 2.opplag januar 2001, 4. opplag 2007, 6. opplag 2011. ISBN 978-3-89244-191-5. 
  • Segel, Binjamin W.; Levy, Richard S. (oversetter) (1995). A Lie and a Libel: The History of the Protocols of the Elders of Zion. University of Nebraska Press; New edition, 1. juni 1995. ISBN 978-0-803-29245-1. 
  • P.-A. Taguieff: L'Imaginaire du complot mondial, Mille et une nuits, 2006