Sjiraffen
Sjiraffen (frå latin Camelopardalis) er eit stort og svakt lysande stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Stjernebiletet vart innført i 1612 (eller 1613) av Petrus Plancius.
Sjiraffen | |
---|---|
Latinsk namn | Camelopardalis |
Forkorting | Cam |
Genitivsform | Camelopardalis |
Symbologi | Namngitt av J. Bartsch |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | +70° |
Areal | 757 kvadratgrader nr. 18 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | β Cam (4,03. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10° | |
Kjende objekt
endreStjerner
endreSjølv om Sjiraffen er det 18. største stjernebiletet, er det ikkje særleg lyssterkt, og den mest lyssterke stjerna er berre av 4. storleiksklasse. Faktisk inneheld det berre fire stjerner over storleiksklasse 5,0.[1]
- α Cam er ei blå superkjempe med storleiksklasse 4,3, 5000 lysår frå jorda. Det er uvanleg å kunne sjå stjerner med det nakne auga på så langt avstand.[2]
- β Cam er mest lyssterke stjerna i Sjiraffen med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,03. Denne stjerna er ei dobbeltstjerne, og kvar komponent har ein storleiksklasse på 4,0[3] og 8,6. Hovudstjerna er ei gul superkjempe som ligg 1000 lysår frå jorda.[2]
- 11 Cam er ei stjerne med storleiksklasse 5,2, 650 lysår frå jorda. Ho er særs nær 12 Cam med storleiksklasse 6,, som òg ligg 650 lysår frå jorda, men dei to stjernene er ikkje ei dobbeltstjerne.[2]
- Σ 1694 (Struve 1694, 32 Cam) er ei dobbeltstjerne 300 lysår frå jorda. Begge komponentane har ein blåkvit farge. Hovustjerna har storleiksklasse 5,4 og den andre storleiksklasse 5,9.[2]
- CS Cam er den nest mest lyssterke stjerna, men har verken ei Bayer- eller i Flamsteed-nemning. Ho er av storleiksklasse 4,21 og noko variabel.[3]
- Z Cam vert ofte observert som ein del av prosjektet AAVSO.[4] Ho er ein prototype for Z Camelopardalis variable stjerner.
I 2011 vart det oppdaga ein supernova i stjernebiletet.[5]
Djupromsobjekt
endreCamelopardalis høyrer til den delen av himmelen som vender bort frå det galaktiske planet. Dette gjer at mange fjerntliggande galaksar er godt synlege. NGC 2403 er ein galakse i M81-gruppa og ligg kring 12 millionar lysår frå jorda[6][2] med ei raudforskyving på 0,00043. Han er klassifisert mellom ein elliptisk og ein spiralgalakse fordi han har svake armar og ei svær sentral bolning. NGC 2403 vart først oppdaga av astronomen William Herschel på 1700-talet.[6] Han har ein integrert storleiksklasse på 8,0 og er kring 0,25° lang.[2]
NGC 1502 er av storleiksklasse 6,9 og er ein open hop kring 3 000 lysår frå jorda. Han har kring 45 lyse medlemmar og ei dobbelstjerne med storleiksklasse 7,0 i sentrum.[7] NGC 1502 er òg tilknytt Kemble-kaskaden, ein enkel, men vakker asterisme som syner seg på himmelen som ei rekkje av stjerner over 2,5° lang, parallell til Mjølkevegen og i retning Kassiopeia.[2] NGC 1501 er ei planetær stjernetåke kring 1,4° sør for NGC 1502.
NGC 2655 er ein liten galakse. IC 342 er ein av dei to mest lyssterke galaksane i IC 342/Maffei-gruppa. Den vesle irregulære galaksen NGC 1569 har storleiksklasse 11,9 og er ein starburstgalakse, kring 11 millionar lysår unna.
MS0735.6+7421 er ein galaksehop med ei raudforskyving på 0,216, som ligg 2,5 milliardar lysår frå jorda. Han er unik på grunn av intracluster medium, som sender ut kraftig røntgenstråling. Denne galaksehopen har to holrom som er 600 000 lysår i diameter, skapt av eit sentralt supermassivt svart hòl, som stråler ut jettar av stoff. MS0735.6+7421 er ein av dei største og mest fjerntliggande døma på dette fenomenet.[6]
Tombaugh 5 er ein ganske lyssvak open hop i Sjiraffen. Han har ein samla storleiksklasse på 8,4 og ligg 5 800 lysår frå jorda. Han er ein Shapley klasse c- og Trumpler klasse III 1 r-hop, som tyder at han har ei ujamn form og ser open ut. Sjølv om han ligg for seg sjølv, er det ikkje ein konsentrasjon av stjerner i midten. Han har meir enn 100 stjerner som har sterkt varierande lysstyrke,[8] hovudsakleg av 15. og 16. storleiksklasse.[9]
NGC 2146 er ein starburstgalakse med stavar og spiralform av 10. storleiksklasse og som er synleg vridd på grunn av vekselverknad med ein nabogalakse.
MACS0647-JD er ein av kandidatane til det som kan vere den mest fjerntliggande galaksen i universet (z= 10.7).
Meteorsvermar
endreDen årlege meteorsvermen Camelopardalids frå kometen 209P/LINEAR stråler ut frå Sjiraffen.
Romutforsking
endreRomsonden Voyager 1 flyttar seg i retning dette stjernebiletet, men ville ikkje kome nær nokre av stjernene i stjernebiletet på mange tusen år, og kraftkjelda ombord vil då forlengst vere tom.
Kjelder
endre- ↑ Staal 1988, s. 241.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Ridpath 2001, s. 92-93.
- ↑ 3,0 3,1 Norton 1973, s. 118=119.
- ↑ American Association of Variable Star Observers
- ↑ Boyle, Rebecca (3 January 2011). «10-Year-Old Canadian Girl Is The Youngest Person Ever to Discover a Supernova». Popular Science. Henta 20. august 2015.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Wilkins & Dunn 2006.
- ↑ Revised NGC/IC Data 2013. Dr. Wolfgang Steinicke.
- ↑ Levy 2005, s. 89.
- ↑ Levy 2005, s. 91.
- Denne artikkelen bygger på «Camelopardalis» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Levy, David H. (2005), Deep Sky Objects, Prometheus Books, ISBN 1-59102-361-0
- Norton, Arthur P. (1973), Norton's Star Atlas, s. 118–119, ISBN 0-85248-900-5
- Rey, H. A. (1997), The Stars—A New Way To See Them, Houghton Mifflin, ISBN 0-395-24830-2
- Ridpath, Ian (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ridpath, Ian (2007), Stars and Planets Guide, Wil Tirion (4. utg.), Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4
- Staal, Julius D.W. (1988), The New Patterns in the Sky, McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1
- Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006), 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1. utg.), Firefly Books, ISBN 978-1-55407-175-3