Tsjimkent
Tsjimkent (kasakhisk Шымкент, Sjymkent) er ein by i Kasakhstan. Han var hovudstaden i Sør-Kasakhstan oblast, men vart skilt ut av oblastet i 2018. Han er den tredje største byen i landet etter Almaty og Astana med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Han er eit stor jernbaneknutepunkt langs jernbaneruta Turkestan-Sibir og eit stort kultursenter. Han ligg 690 km vest for Almaty og 120 km nord for Tasjkent i Usbekistan.
Tsjimkent | |||
Шымкент | |||
by | |||
Land | Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Høgd | 506 m | ||
Areal | 347 km² | ||
Folketal | 1 184 113 (1. oktober 2022)[1] | ||
Grunnlagd | 1100-talet | ||
Tidssone | UTC +6 | ||
Postnummer | 160000 | ||
Retningsnummer | +7 727 | ||
Bilnummer | A | ||
Tsjimkent 42°18′N 69°36′E / 42.3°N 69.6°E | |||
Plasseringa i Kasakhstan
| |||
Wikimedia Commons: Shymkent |
Historie
endreTsjimkent vart grunnlagd på 1100-talet som ein karavanserai for å verne byen Sajram som låg 10 km lenger aust langs silkevegen. Tsjimkent voks fram som ein marknad der nomadane gjorde handel med dei fastbuande. Han vart øydelagd fleire gonger, som av Dsjengis Khan, soldatar frå dei sørlege khanata og frå nomadane. Han var ein gong ein del av khanatet Kokand og vart i 1810 ein del av emiratet Bukhara. I 1864 vart han annektert av Det russiske keisardømet. Han vart omdøypt til Tsjernyajev i 1914 og Tsjimkent i 1924.
Namnet på byen kjem frå dei to orda Sjym, som tyder «torv», og Kent, som tyder «by».
Etter Kasakhstan sitt sjølvstende fekk byen det opphavlege namnet Sjymkent i 1993 som ein del av styresmaktene sin plan om å omdøype alle byane til kasakhiske namn. Dette skapte ei fleirtyding i namnet på russisk, sidan dei russiske stavereglane ikkje tillet bokstaven ы å kome etter ш. Derfor vert det nye namnet Шымкент (Sjymkent) berre nytta i Kasakhstan, medan Russland og andre land som nyttar russisk språk nyttar den opphavlege usbekiske stavinga Чимкент (Tsjimkent).
Demografi
endre- Kasakhstanarar 49,5 %
- Russarar 24,6 %
- Usbekarar 15 %
- Tatarar 2,7 %
- Andre 8,2% (aserbajdsjanarar, ukrainarar, koreanarar)
Økonomi
endreByen var tidlegare dominert av gruvedrift etter bly og den industrielle veksten byrja i 1930-åra. Byen fekk då raffineri som handsama sink og bly, pels frå karakulsau, tekstilar, matvarer og medisinar. Byen har òg eit oljeraffineri eigd av PetroKazakhstan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shymkent» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2008.