Skomer
Skomer er ei 2,92 km² stor øy utanfor kysten av det sørvestlege Wales. Ho er ei av fleire som ligg på rekkje ein kilometer utanfor kysten av Pembrokeshire i det farlege farvatnet i Jack Sound.
Skomer | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Jack Sound |
Koordinatar | 51°44′10″N 5°17′47″W / 51.73611°N 5.29628°W
|
Areal | 2,92 km² |
Lengd | 3,2 km |
Breidd | 2,4 km
|
Administrasjon | |
Land | Wales |
Grevskap | Pembrokeshire
|
Skomer er om lag 2,4 km frå nord til sør og 3,2 km frå aust til vest.
Øya vart fråflytta i 1958 og er kjend for ein steinsirkel, ein ståande stein og restane etter førhistoriske hus, i tillegg til eit yrande dyreliv. Skomer er eit nasjonalt naturreservat, Site of Special Scientific Interest og Special Protection Area. Det meste av Skomer har òg status som Ancient Monument. Det er omgjeve av eit marint naturreservat. Heile øya vert forvalta av Wildlife Trust of South and West Wales.
Dyreliv
endreSkomer er mest kjend for dei store koloniane med sjøfugl som hekkar her, mellom anna havlire, teist, alke, storskarv, krykkje, lundefugl, havsvale, toppskarv, tjeld og måse, i tillegg til rovfuglar som jordugle, tårnfalk og vandrefalk. På øya finst òg gråsel, padde, stålorm, sankthansorm og mange villblomar.
Det er over 10 000 hekkande par med lundefugl på Skomer og Skokholm, noko som gjer kolonien til ein av dei viktigaste lundefuglkoloniane i heile Storbritannia. Dei kjem i midten av april og hekkar i holgangar. Dei siste lundefuglane forlet øya i juli.
Av havlire er det estimert kring 128 000 hekkande par på Skomer og Skokholm, noko som er den største havlirekolonien i verda. Dette utgjer om lag halvparten av alle havlirer som finst. Dei hekkar òg i holgangar og er ikkje lette å få auge på, fordi dei ofte dreg og kjem attende i skumringa.
Skomer-mus
endreSkomer har eit unikt pattedyr, skomer-musa (Clethrionomys glareolus skomerensis) - som er ein underart av klatremus. Dei utgjer om lag 20 000 individ og trivst godt på øya utan naturlege fiendar.
Galleri
endre-
North Haven og hyttene til oppsynsmannen
-
Eit indre vatn med nokre måsar
-
Lundefugl med mat
-
Lundefugl landar på the Wick
-
Kaninear på sørsida
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skomer» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Buxton, John; & Lockley, R.M. (1950). Island of Skomer. Staples Press: London.
Bakgrunnsstoff
endre- Wildlife Trust of South and West Wales Arkivert 2007-05-17 ved Wayback Machine.
- www.geograph.co.uk: bilete av Skomer Island
- Skomer Island Arkivert 2009-04-30 ved Wayback Machine.