Slovensk geografi

Slovenia er eit land i Sentral-Europa mellom Alpane og Middelhavet. Alpane, med Dei juliske Alpane, Kamnik-Alpane og Karavankane, samt Pohorjemassivet, dominerer det nordlege Slovenia langs grensa til Austerrike. Kystlinja til Slovenia langs Adriahavet er om lag 47 km lang.[1], frå Italia til Kroatia, og heile kystlinja ligg rundt Triestebukta.

Slovensk geografi
Kart over Slovenia
Kart over Slovenia
Kart over Slovenia
Plassering
Land Slovenia
Koordinatar 46°07′N 14°49′EKoordinatar: 46°07′N 14°49′E
Totale landegrenser 1 086 km
Grenseland Austerrike (330 km), Kroatia (455 km), Ungarn (102 km) og Italia (199 km)
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

20 273 km²
20 151 km²
122 km²
Kystlinje 46,6 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Triglav (2864 moh)
Adriahavet (0 moh)
Lengste elv Sava (218 km)
Største innsjø Cerknicasjøen (38 km², men tørkar heilt inn i periodar)
Arealbruk
Dyrkbar mark 8,53 %
Permanente avlingar 1,43 %


Anna 90,04 %
Irrigert land 30 km²
Naturressursar
brunkol, bly, sink, byggestein, vasskraft, skog
Naturfarar
flaum og jordskjelv
Miljøproblem
Sava er forureinina. Kystfarvatnet er forureina med tungmetall og giftige kjemikaliar. Skog øydelagd nær Koper på grunn av luftforureining frå dei metallurgiske og kjemiske fabrikkane her som medfører sur nedbør.

Uttrykket karst kjem frå Karstplatået sørvest i Slovenia, eit kalksteinsområde med undergrunnselvar, kløfter og grotter. Dette ligg mellom Ljubljana og Middelhavet.

Den pannoniske sletta i aust og nordaust, mot grensene til Kroatia og Ungarn, er landskapet hovudsakleg flatt. Det meste av terrenget i Slovenia er likevel ås- og fjellendt, og rundt 90 % av landet ligg over 200 meter over havet.

Triglav

Regionar endre

Historiske regionar endre

 
Slovenia er tradisjonelt delt inn i åtte regionar.

Dei tradisjonelle slovenske regionane er basert på den tidlegare inndelinga av Slovenia i dei fire habsburgske kronlanda Krain, Hertugdømet Kärnten, Hertugdømet Steiermark og Küstenland. Desse vart delt inn i:

Dei to sistennemnde vert ofte rekna som ein del av Primorska. Bela krajina er òg ein del av Dolenjska, men vert stundom rekna som ein eigen region.

Klima endre

Sjølv om Slovenia så vidt har grense mot Middelhavet, er klimaet i det meste av landet kontinentalt, som i Sentral-Europa. Karstlandskapet hindrar stort sett lufta frå Middelhavet i å strøyme inn i landet. Området har ein god del sol, men det kan regne ganske kraftig her om vinteren. Når den kontinentale lufta strøymer innover landet er det ofte i form av boravinden, som kan gje vindkast over 40 m/s. Dei høgareliggande områda i nord og vest har milde forhold om sommaren, men kan ha ganske så vinterlege forhold på vinterstid. Frå tidleg på sommaren byrjar nærleiken til Middelhavet å gjere seg gjeldande i form av kraftige torebyer. Frå september av er det derimot sjeldan med torevêr, men ein kan framleis få ei regnbye i ny og ne. Vintertemperaturane i austlege delar av Slovenia er omtrent som i Ungarn, men ein har oftare mildare periodar her.

Normaltemperatren er -2 °C i januar og 21 °C i juli. Årleg normalnedbør er om lag 1000 mm på kysten, opp til 3500 med meir i Alpane, 800 mm i søraust og 1400 mm sentralt i Slovenia.

Miljø endre

Internasjonale avtalar endre

  • Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, luftforureining-svovel 94, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, forbod mot atomprøvespreningar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksormåde.
  • Signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff, Kyoto-avtalen.

Sjå òg endre

Kjelder endre