For andre tydingar av oppslagsordet, sjå snitt.

Snitt eller snitte er ein type smørbrød laga av tilskorne brødskiver med fint pålegg. Snittar blir ofte serverte ved selskapelege høve eller ved finare etestader. Dei blir ofte leverte av keiteringverksemder.

Typiske norske snittar.

Utforminga av snittar kan variera i ulike land. I Noreg er det vanleg å servera snittar med forseggjort pålegg og tilbehøyr. Nokre vanlege påleggstypar er roastbiff, reker, røykelaks, karbonade, skinke og ostar som brie. Av tilbehøyr kan nemnast eggerøre, oliven, persille, salat, agurk og tomat. Vanlegvis bruker ein lyst brød, som loff, til å laga snittane.

Snittar frå andre land endre

Sjå og endre

Kjelder endre