Sofija Gubajdulina

russisk komponist

Sofija Asgatovna Gubajdulina (fødd 24. oktober 1931) er ein russisk tatarisk komponist busett i Tyskland.

Sofija Gubajdulina
Sofia Gubaidulina July1981 Sortavala ©DSmirnov.jpg
Fødd24. oktober 1931 (90 år)
FødestadTsjistopol
Fødenamnrussisk София Асгатовна Губайдулина, tatarisk Sofia Äsğät qızı Ğöbäydullina
OpphavSovjetunionen, Russland
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somkomponist, filmmusikkomponist, klassisk pianist
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Alexander Men-prisen, Praemium Imperiale, Léonie Sonnings musikkpris, Venskapsordenen, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Goethemedaljen, BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award, Den russiske føderasjons statspris

LivEndra

Gubajdulina var fødd i 1931 i Tsjistopol i Den tatariske autonome sovjetrepublikken. Ho studerte komposisjon og klaver ved konservatoriet i Kazan og heldt fram etter samansluttinga i 1954 studia ved Moskvas konservatorium fram til 1963. Under desse studia blei musikken hennar kritisert som «pliktforsømming», men Dmitrij Sjostakovitsj oppmuntra henne til å halda fram med slike «avvik».[1]

På midten av 1970-åra grunnla ho saman med komponisten Viktor Suslin og Vjatjeslav Artjomov ensemblet Astreja, som improviserte på instrument brukt i russisk folkemusikk.

Gidon Kremer hjelpte Gubajdulina til suksess i Vesten ved å uroppføra fiolinkonserten hennar Offertorium i 1981. I to tiår har ho saman med Alfred Schnittke og Edison Denisov høyrd til dei førande russiske komponistane i tida etter Sjostakovitsj. Ho er medlem av Berlin kunstakademi, det frie kunstakademiet i Hamburg og Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm.

Sidan 1992 har Sofija Gubajdulina budd i Appen i Kreis Pinneberg utanfor Hamburg.

MusikkEndra

Verka til Gubajdulina er inspirerte av alle former for rituell musikk, men først og fremst kristen og orientalsk mystikk. Komposisjonane er ofte i spenningsfeltet mellom «notert» improvisasjon og seriell musikk. Tre av kjenneteikna til musikken er massive tonekluster, kraftige aksentar, og dessutan raske og akselererande vekslinger i halvtone-intervall.

Ofte brukar ho uvanlege instrumentsamansetjingar. I In Erwartung kombinerer ho perkusjonsinstrument (blant anna bongotrommer, guiro, temple blocks, cymbalar, tam-tam-trommer og bajan) og saksofonkvartett. Ho har skrive stykke for for vestlege orkester, japanske kotoar med 17 strengar og kotoar med 13 strengar og for zhengar.

Verk i utvalEndra

  • Strykekvartett nr. 1 (1971)
  • Detto II for cello og tretten instrument (1972)
  • Konsert for fagott og djupe strykarar (1975)
  • Duosonate for to fagottar (1977)
  • Dei Profundis for bajan solo (1978)
  • Introitus for klaver og orkester (1978)
  • In croce for bajan og cello (1979)
  • Garten von Freuden und Traurigkeiten for fløyte, bratsj og harpe (1980)
  • Offertorium fiolinkonsert (uroppført 1981)
  • Freuet euch! sonate for fiolin og cello (1981)
  • Silenzio fem stykke for bajan, fiolin og cello (1981)
  • Sieben Worte Jesu am Kreuz for cello, bajan og strykarar (1982)
  • Quasi hoquetus for bratsj, fagott og klaver (1984/85)
  • Et Exspecto. Sonate for bajan solo (1985)
  • Sinfonie Stimmen ... verstummen ... (1986)
  • Hommage à T.S. Eliot for oktett og sopran (1987)
  • Strykekvartett nr. 2 (1987)
  • Strykekvartett nr. 3 (1987)
  • Stryketrio (1988)
  • Symfonien Alleluja (1990)
  • Silenzio. Fem stykke for bajan, fiolin og cello (1991)
  • Jetzt immer Schnee. Fem stykke for talar, kammerensemble og kammerkor etter tekster av Gennadi Aigi (1993)
  • Strykekvartett nr. 4 (1993)
  • Musikk for fløyte, strykarar og slagverk (1994)
  • Konsert for bratsj og orkester (1997)
  • Der Sonnengesang for cello, kor, slagverk og celesta (1997) (uroppføring med Mstislav Rostropovitsj 1998)
  • Johannespasjon (2000 på russisk)
  • Im Zeichen des Skorpions. Variasjonar over seks heksakordar for bajan og orkester (2003)
  • In tempus praesens 2. fiolinkonsert (Uroppført 2007)
  • Am Randa des Abgrunds for sju celloar og to waterphones

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1998: Praemium Imperiale
  • 1999: Pour le mérite für Wissenschaft und Künste; Léonie Sonnings musikkpris
  • 2001: Goethemedaljen
  • 2002: Polarprisen
  • 2002: Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden
  • 2007: Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg
  • 2009: Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland

KjelderEndra

  1. Sofia Gubaidulina: Johannespassion Arkivert 9. august 2018 på Wayback Machine.. theomniscientmussel.com. Besøkt 28 juli 2009.