Storfyrstedømet Moskva

(Omdirigert frå Storfyrstedømmet Moskva)

Stortfyrstedømet Moskva (russisk Великое княжество Московское Velikoje knjazjestvo Moskovskoje) var ein russisk stat i mellomalderen rundt byen Moskva mellom 1340 og 1547. Storfyrstedømet Moskva var etterfølgjaren til Fyrstedømet Moskva og føregjengaren til Det russiske tsardømet.

Княжество Московское
Storfyrstedømet Moskva

1263–1547
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Moskva
Språk Russisk
Religion Russisk-ortodoks
Styreform Monarki
Storfyrste av Moskva
 - 1263–1303 Daniel
 - 1533–1547 Ivan IV
Historie
 - Oppretta 1263
 - Tsardømet erklært 22. oktober 1547
Valuta Rubel

Storfyrstedømet Moskva trekte velstand til den nordaustlege delen av Kiev-riket, oppretta handelssvegar til Austersjøen, Kvitsjøen, Kaspihavet og Sibir. Det vart skapt eit høgt sentralisert og autokratisk politisk system.

Historie endre

mongolane invaderte Kiev-riket var Moskva ein uviktig handelspost i fyrstedømet Vladimir-Suzdal. Sjølv om mongolane brende Moskva ned vinteren 1238 og plyndra byen i 1293, var handelsposten til ein viss grad verna av dei store skogane og den avsidesliggande plasseringa. Enno viktigare for Moskva sin veg mot stordom var at han vart styrt av ei rekkje ambisiøse, sluttsame og heldige fyrstar. Den første herskaren av fyrstedømet Moskva, Daniil Aleksandrovitsj (d. 1303), sikra at fyrstestaten vart eit arverike innanfor Rurik-dynastiet. Sonen hans Ivan I (regjerte 1325-1340), kjend som Ivan Kalita (Ivan Pengesekk), oppnådde tittelen Storfyrste av Vladimir frå dei mongolske overherrane. Han samarbeidde tett med mongolane og samla inn tributtar og skattar frå dei andre russiske fyrstedøme på deira vegne. Dette forholdet gjorde at Ivan fekk kontroll over hovudrivalen til Moskva, den nordlege byen Tver. I 1327 flytta Den russisk-ortodokse kyrkja hovudkvarteret sitt frå Vladimir til Moskva, noko som ytterlegare auka ryktet til Moskva.

På 1400-talet starta fyrstane av Moskva å samle dei russiske landområda inn under sitt eige herredøme. Den mest suksessrike av desse var Ivan den store (regjerte 1462-1505), som sigra over Republikken Novgorod i 1478 og Tver i 1485. Moskva fekk full kontroll over store delar av dei etnisk russiske områda i 1480 då overherredømet til Den gylne horden til tatarane enda under det store møtet ved Ugraelva. På byrjinga av 1500-talet var i praksis alle dei russiske landområda samla. Gjennom arv fekk Ivan III delar av fyrstedømet Rjazan, og fyrstedøma Rostov og Jaroslavl. Den nordvestlege byen Pskov vart verande sjølvstendig i denne perioden, men sonen til Ivan, Vasilij III (regjerte 1505-1533), erobra denne byen seinare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Storfyrstedømet Moskva