Tyrkardue

fugleart
(Omdirigert frå Streptopelia decaocto)
Tyrkardue
Tyrkardue
Tyrkardue

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Tyrkardue
Utbreiinga av Tyrkardue
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Underfamilie: Columbinae
Slekt: Streptopelia
Art: Tyrkardue S. decaocto
Vitskapleg namn
Streptopelia decaocto

Tyrkardue er ein fugleart i duefamilien.

Egg

Utsjånad endre

Tyrkardua er ei lita due, totallengda er 28 cm. Fuglen er grå med mørkare rygg og ein blågrå flekk på vengen. Halefjørene er kvite i spissane. Frå nakke og halvvegs fram på halsen har fuglen eit svart band omgjeve av smalare kvite band. Dei korte beina er raude. Nebben og auga er svarte.

Læte endre

Sangen er eit monotont kookoo, koo.

Utbreiing endre

Arten si utbreiing var opphavleg avgrensa til delar av Asia med India som kjerneområde. Derifrå spreidde fuglen seg både austover og vestover. Fuglane nådde Midt-Austen på 1500- talet. Det kan tenkast at introduksjon frå menneske kan ha medverka til framrykkinga. Det er heilt klart at det var menneske som førte arten til Japan. Kring 1930 hekka fuglane over store delar av Balkan og så vidt i Ungarn. Seinare spreidde fuglane seg utover i Europa, først i nordvestleg retning. Arten etablerte seg i Austerrike i 1938, i Tyskland i 1945, i Danmark i 1948, i Frankrike i 1950, og på Island i 1964. Gjennom 1970-åra etablerte arten seg i Spania, Portugal og Egypt, seinare byrja fuglane å invadere Ukraina, Russland og Kviterussland. Kring 1990 nådde arten også Nord-Amerika.

Førekomst i Noreg endre

Tyrkardua vart først observert på Dovre i Oppland i 1949. Hekking vart påvist i Moss og Oslo i 1952, og i Stavanger i 1955. Arten rykte for alvor fram på 1960-talet og etablerte seg over store delar av Sør-Noreg. I siste halvdel av dette tiåret vart Trøndelag og Nordland kolonisert. Talet på fuglar heldt fram med å vekse, men spreiinga gjekk ikkje like raskt vidare nordover. Truleg hekka fuglen i Troms på 1970-talet, og på 1980-talet var der ein hekkebestand som nesten gjekk ut etter to kalde vintrar. Etter 1990-talet har tyrkardua hatt ein liten tilbakegang.[2] Fuglen er ein utprega kulturfugl, og hekkar i vår verdsdel i hagar, parkar og gravlundar i byar og tettstader, dessutan ved gardsbruk. Telefonstolpar, leidningar, fjernsynsantenner, hustak og skorsteinar vert ofte nytta som kvilestadar.

Føde endre

Om sommaren et fuglen mange typar frø, bær og urter, og av og til et fuglen også blautdyr og insekt. I tillegg et tyrkardua korn i kornåkrar.

Trekktilhøve endre

I Noreg er tyrkardua for det meste standfugl. Om vinteren finn ho maten nær menneske . I byane samlar fuglane seg nær kornlager og foringsplassar for ender og byduer, medan dei i meir landlege strok overlever på ulik typar husdyr- og fuglefor. Tyrkardua er hardfør, og toler temperarturar ned mot 40 minusgrader. Største problemet om vinteren er store snømengder som hindrar mattilgangen, også på foringsplassar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av tyrkerdue Streptopelia decaocto for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.