Summer Days (And Summer Nights!!)
«Summer Days (And Summer Nights!!)» Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. juni 1965 | |
Innspelt | 26. februar til 24. mai 1965 | |
Sjanger | Rock, pop, surferock, sunshine pop, barokk pop | |
Lengd | 26:42 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
The Beach Boys Today! (1965) |
«Summer Days (And Summer Nights!!)» | Beach Boys' Party! (1965)
|
Summer Days (And Summer Nights!!) er det niande studioalbumet til The Beach Boys og det andre albumet deira i 1965. Det var ein oppfølgjar til The Beach Boys Today! og hadde sine progressive augneblikk , men vart òg trekt ned av at dei framleis prøvde å halde seg til den kjende «formelen» med sol, sommar og moro.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
MusicHound | 4/5[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Summer Days (And Summer Nights!!) nådde andreplassen i USA og låg på lista i 33 veker. Han nådde fjerdeplassen i Storbritannia sommaren 1966. Albumet vart gjeven ut på CD i lag med The Beach Boys Today!, samt bonusspor frå perioden.
Historie
endreEtter den dramatiske og sofistikerte stilendringa på side to av The Beach Boys Today!, vart Brian Wilson visstnok møtt av Mike Love og Capitol Records som lurte på kva musikalske mål Wilson hadde og oppfordra han til å lage meir «Beach Boys»-liknande musikk for det neste albumet. Det var klart at bandet no hadde vorte sett i bås som eit glad «moro i sola»-band som song om strender, jenter og moro.
På overflata virka Summer Days (And Summer Nights!!) som eit steg tilbake til den sorglause stilen på All Summer Long, men Brian Wilson hadde forsiktig vove inn intrikate musikkspor under muntre tekstar i songar som «Amusement Parks U.S.A.» og «Salt Lake City». Han skapte òg fleire instrumentalar med strykarar («Summer Means New Love») og lagde til og med ein symfonisk introduksjon til den nye hitsingelen deira «California Girls». I ettertid er det tydeleg at Wilson la grunnsteinane til det som skulle verte Pet Sounds året etter.
«The Girl From New York City» var eit svar til «The Boy From New York City», ein hit av The Ad-Libs tidlegare same året, og «Then I Kissed Her» var eit forsøk på å slå helten til Brian Wilson, Phil Spector, i hans eige spel. Utanom «California Girls» fann ein stor framgang på Summer Days (And Summer Nights!!) med «Let Him Run Wild».
Summer Days (And Summer Nights!!) var første albumet med Bruce Johnston som medlem i bandet. Han hadde erstatta Brian Wilson på scenen og var ikkje eit «offisielt» medlem enno, men Brian Wilson likte vokalen til Johnston nok til at han fekk medverke på plata. På grunn av ein tidlegare kontrakt med Columbia Records fekk han ikkje medverke på nokre av plateomslaga til bandet før Friends i 1968.
Albumet selde til gullplate i USA og nådde andreplassen på albumlista her, bak The Rolling Stones sitt Out of Our Heads. Året etter nådde albumet fjerdeplassen i Storbritannia.
Tidleg i 1980-åra gav Capitol Records ut fleire Beach Boys-album på ny og Summer Days (And Summer Nights!!) fekk då namnet California Girls og to spor vart fjerna, «Amusement Parks, USA» og «I'm Bugged At My Ol' Man».
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Brian Wilson og Mike Love, bortsett frå der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Girl from New York City» | Mike Love | 1:54 |
2. | «Amusement Parks U.S.A.» | Mike Love og Brian Wilson | 2:29 |
3. | «Then I Kissed Her» (Phil Spector/E. Greenwich/J. Barry) | Al Jardine | 2:15 |
4. | «Salt Lake City» | Mike Love og Brian Wilson | 2:00 |
5. | «Girl Don't Tell Me» (Brian Wilson) | Carl Wilson | 2:19 |
6. | «Help Me, Rhonda» | Al Jardine | 2:46 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «California Girls» | Mike Love | 2:38 |
8. | «Let Him Run Wild» | Brian Wilson | 2:20 |
9. | «You're So Good to Me» | Brian Wilson | 2:14 |
10. | «Summer Means New Love» (Brian Wilson) | instrumental | 1:59 |
11. | «I'm Bugged at My Ol' Man» (Brian Wilson) | Brian Wilson | 2:17 |
12. | «And Your Dream Comes True» | Alle | 1:04 |
Medverkande
endreInfo frå kontrakten til Musician's Union AFM og lydklipp frå studioinnspelingane, dokumentert av Craig Slowinski.[6][7]
- The Beach Boys
- Al Jardine – solo-, harmoni- og korvokal; elektrisk rytmegitar; handklapping; bassgitar på «You're So Good to Me»
- Mike Love – solo-, harmoni- og korvokal; handklapping
- Brian Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; bassgitar på «Then I Kissed Her» og «Girl Don't Tell Me»;[8] piano; Hammond-orgel; handklapping, pauke
- Carl Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; solo-, rytme-, akustisk og 12-strengsgitar; handklapping
- Dennis Wilson – harmoni- og korvokal; trommer, tamburin, handklapping
- Andree musikarar og teknisk personell
- Bruce Johnston – harmoni- og korvokal; piano, Hammondorgel, celest; handklapping
- Israel Baker – fiolin
- Arnold Belnick – fiolin
- Hal Blaine – trommer, timbales
- Chuck Britz – lydteknikar
- Glen Campbell – elektrisk gitar
- Frank Capp – vibrafon
- Roy Caton – trrompet
- Jerry Cole – 12-strengsgitar
- Al De Lory – orgel
- Joseph DiFlore – bratsj
- Steve Douglas – tenorsaksofon
- James Getzoff – fiolin
- William Hinshaw – valthorn
- Harry Hyams – bratsj
- Plas Johnson – tenorsaksofon
- Carol Kaye – elektrisk bassgitar
- Bernard Kundell – fiolin
- Jay Migliorii – barytonsaksofon
- Leonard Malarsky – fiolin
- Jack Nimitz – bass-saksofon
- Bill Pitman – elektrisk gitar
- Ray Pohlman – bassgitar
- Lyle Ritz – kontrabass
- Howard Roberts – gitar
- Leon Russell – piano
- Billy Lee Riley – munnspel
- Ralph Schaeffer – fiolin
- Sid Sharp – fiolin
- Billy Strange – rytmegitar, ukulele; tamburin
- Ron Swallow – tamburin
- Tommy Tedesco – sologitar på «Summer Means New Love»
- Julius Wechter – claves
- Marilyn Wilson – harmoni- og korvokal
- Tibor Zelig – fiolin
Salslister
endre- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1965 | US Billboard 200 Albums Chart | 2[9] |
1966 | UK Top 40 Album Chart | 4[10] |
- Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1965 | «Help Me, Rhonda» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 1 |
1965 | «California Girls» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 3 |
Kjelder
endre- ↑ Unterberger, Richie. «Summer Days (And Summer Nights!!) - The Beach Boys : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 5. mars 2018.
- ↑ «Summer Days (And Summer Nights!!) - The Beach Boys Review,». Blender. Henta 5. mars 2018.
- ↑ The Virgin Encyclopedia of Popular Music, Concise (4th Edition), Virgin Books (UK), 2002, ed. Larkin, Colin.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Craig Slowinski (2009). «The Beach Boys - The Beach Boys Summer Days (And Summer Nights!!)» (PDF). Henta 5. mars 2018.
- ↑ Craig Slowinski (2007). «The Beach Boys - The Beach Boys Today!» (PDF). Henta 5. mars 2018.
- ↑ Craig Slowinski (2006). «I need help with my «Brian bass discography»». Henta February 23, 2018.
- ↑ «Summer Days (And Summer Nights!!) - The Beach Boys: Awards». AllMusic.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.
- Denne artikkelen bygger på «Summer Days (And Summer Nights!!)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Beach Boys Today!/Summer Days (and Summer Nights!!) CD booklet notes, David Leaf, c.1990.
- "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
- "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
- "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
- Allmusic.com
Bakgrunnsstoff
endre- Tekstane til Summer Days (and Summer Nights!!) Arkivert 2008-03-31 ved Wayback Machine.