Sverdkolibri

kolibriart i Andes

Sverdkolibri (Ensifera ensifera) er ein neotropisk kolibriart frå Andes-regionane i Sør-Amerika frå Venezuela til Bolivia. Det uvanleg lange nebbet er karakteristisk for arten, han er den einaste fuglearten som har eit nebb som er lengre enn resten av kroppen, når ein ser bort frå halefjørene. Han bruker nebbet til å drikke nektar frå blomstrar med lange kronerøyr og har utvikla seg saman med arten Passiflora mixta. Medan dei fleste kolibriar steller fjørene med nebba, bruker sverdkolibrien føtene til å klø og pusse fjørene ettersom nebbet er for langt.

Sverdkolibri
Sverdkolibrihann
Sverdkolibrihann
Sverdkolibrihoe
Sverdkolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sverdkolibri
Utbreiinga av sverdkolibri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Ensifera
Art: Sverdkolibri E. ensifera
Vitskapleg namn
Ensifera ensifera

Sverdkolibrien lever av nektar, spesielt frå Passiflora mixta og andre pasjonsblomstrar. Han jagar også insekt i flukt. Arten har hekketid frå februar til mars og hoene byggjer koppforma reir av mose. Sverdkolibrien er oppført i kategorien livskraftig (LC) på IUCN sin raudliste, men er truga av klimaendringar og avskoging.

Taksonomi og systematikk

endre

Sverdkolibrien vart først skildra som Ornismya ensifera av Auguste Boissonneau i 1839 på grunnlag av prøver frå Santa Fé, Bogotá, Colombia.[1] Han vart flytta til slekta Ensifera i 1843 av René Lesson.[2] Det generiske og spesifikke namnet ensifera er avleidd frå dei latinske orda einis (sverd) og ferre (å bere) og betyr sverdførar, og refererer til det lange nebbet til arten.[3]

Sverdkolibrien er den einaste arten i slekta Ensifera. Arten blir no rekna som monotypisk.[4]

Skildring

endre

Sverdkolibri er blant dei største artane i kolibrifamilien. Vaksne er 13–14 centimeter, i tillegg kjem nebbet. Kroppsvekta er 10–15 gram, hannane er i gjennomsnitt er litt større enn hoer.[5] Det mest karakteristiske trekk ved arten er den enorme nebbet, som er 8–12 cm langt.[6] Nebbet er den største av nokon kolibri og den største med omsyn til kroppslengd for alle fuglar.[4]

Sverdkolibrien viser kjønnsdimorfisme. Hannane har kortare nebb, men lengre venger og haler enn hoene. Hannane har bronsegrøn overside med koparaktige bronsefarga hovud, ein diskret kvit flekk bak auget, mørke strupar, metallisk grøn underside, ein mørkegrå buk og ein klaffa svartaktig bronsegrøn hale. Nokre hannar har kvitt på strupen og halsen. Hoene har liknande overside, men har kvit underside og gråaktige strupar, og buken er flekkete grøn. Halen er mindre djupt gaffelforma og kanta gråkvit. Juvenile liknar på hoer.[4][5]

Sverdkolibrien er den einaste kjende fuglen med eit nebb som er lengre enn resten av kroppen, unntatt halen.[5][7] Det er svart, tungt og litt oppovervendt.[5] Det ekstremt lange nebbet hjelper arten med tilgjenge til nektar frå blomstrar med lange kronrøyr som er utilgjengelege for andre artar.[6]

Sverdkolibrien lagar ei låg, guttural, lett trille trrr.[4][5]

Habitat og utbreiingsområde

endre

Sverdkolibrien finst i Andes frå det vestlege Venezuela gjennom Colombia, Ecuador og Peru til Bolivia.[8] Han lever i fuktig og våt fjellskog, skogkantar, buskar, hagar og páramo-flekker i høgder på 1700–3500 moh., men er mest vanleg i høgder på 2400–3100 meter. Arten er generelt ikkje-trekkjande, men viser lokale rørsler i Colombia og nordvest i Venezuela, der han bevegar seg til høgare høgder i den tidlege våte årstida og returnerer til lågare høgder i den tørre årstida.[4][5]

Utbreiinga til sverdkolibrien korrelerer med utbreiinga av artar av underslekta Tacsonia i slekta Passiflora, på grunn av det høgt spesialiserte nebbet og krav til føde.[6][9]

Åtferd og økologi

endre

Kosthald og beiting

endre

Sverdkolibrien er spesialisert på nektarføde hovudsakleg av blomstrar med lange kronerøyr. I tillegg til artar av familien pasjonsblomstrar, inkluderer det plantar frå ei rekkje slekter medrekna søtvierslekta. Han sonderer blomstrar nedanfrå medan han tar føda, og vitjar ei fast rekkje av blomster i ei regelmessig, konsistent rekkjefølgje. Han jaktar også etter insekt og fangar flygande insekt ved å halde nebbet opent.[4]

Kvile og fjørstell

endre

Sverdkolibrien sit med nebbet vinkla oppover for å redusere belastninga forårsaka av det tunge nebbet og forbetre balansen.[4] Det enorme nebbet tvingar også sverdkolibrien til å bruke føtene til å stelle fjørene, sjølv om dette tek lengre tid enn dei tradisjonelle nebbmetodar. Fjørstell er viktig for å fjerne ektoparasitter og spreie olje over fjørene.[10]

Reproduksjon

endre

Hekkinga skjer frå februar til mars. Reira er skålforma og laga av mose, og blir vanlegvis festet i rotfibre høgt over bakken.[5]

Samevolusjon med Passiflora mixta

endre

Det lange kronrøyret av Passiflora mixta er utvikla saman med fuglenebbet som ein pollineringsstrategi.

Sverdkolibrien viser ekstrem samevolusjon med pasjonsblomsteren Passiflora mixta. Dei to artane utvikla seg saman under den tidlege strålinga av underslekta Tacsonia, fordi arten berre pollinerer P. mixta. Plasseringa av pollenknappane og arret til blomsteren, saman med lengda på kronrøyret, gjer den til ei utilgjengeleg matkjelde for nesten alle artar bortsett frå sverdkolibrien. Dette gjensidige forholdet lèt P. mixta avhengig av sverdkolibrien for pollinering, medan fuglen får ei matkjelde av høg kvalitet.[11] For å få nektar, vil kolibrien stikke den lange nebbet sin ned i røyret til krona (begge er nesten nøyaktig like lange), drikke og deretter trekkje seg tilbake og sveve i nokre sekund før ho gjentek prosessen. Andre artar, til dømes insekt, kan ha tilgang til nektaren til blomsteren, men gjer det ved å punktere basen og suge gjennom eit hol i staden for kronrøyret. Ytterlegare bevis på samevolusjon er at begge artane også lever i same territorium langs Andesfjella. Viss populasjonane av sverdkolibri skulle minke, ville det mest sannsynleg vere ein negativ innverknad på mengda av P. mixta-blomster på grunn av den ekstreme samevolusjonen.[9]

Status og vern

endre

Sverdkolibrien er oppført som livskraftig (LC) av Verdas naturvernunion (IUCN) på raudlista på grunn av vid utbreiing, mangel på stor befolkningsnedgang og mangel på store trugsmål. Det finst ikkje estimat for storleiken på populasjonen, på grunn av det vide utbreiinga av førekomstar og uvanlege observasjonar.[8] Han har tilpassa seg menneskeskapte habitat i nokre område og er også kjent for å finnast i fleire verneområde.[4] Klimaendringar og avskoging er dei to mest sannsynlege trugsmåla mot sverdkolibrien, då dei kan føre til tap av habitat og ein reduksjon i matkjelder, spesielt for Passiflora mixta.[11]

I kunst og media

endre

BBC sin dokumentarserie Planet Earth II syner eit opptak av sverdkolibrien som flyg gjennom skogen i episoden «jungelen».[7]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Société Cuvierienne; Cuvierienne, Société (1839). Revue zoologique 2. Paris: Société cuvierienne. 
  2. Cottrell, G. William; Greenway, James C.; Mayr, Ernst; Paynter, Raymond A.; Peters, James Lee; Traylor, Melvin A.; University, Harvard (1945). Check-list of birds of the world 5. Cambridge: Harvard University Press. 
  3. Jobling, James A. (2010). Helm Dictionary of Scientific Bird Names. Christopher Helm. s. 146. ISBN 978-1-4081-3326-2. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Züchner, Thomas; Kirwan, Guy M. (4. mars 2020), Billerman, Shawn M.; Keeney, Brooke K.; Rodewald, Paul G.; Schulenberg, Thomas S., red., «Sword-billed Hummingbird (Ensifera ensifera)», Birds of the World (på engelsk) (Cornell Lab of Ornithology), doi:10.2173/bow.swbhum1.01, henta 22. juli 2023 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Hilty, Steven L.; Brown, William L. (1986). A Guide to the Birds of Colombia (på engelsk). Princeton: Princeton University Press. ISBN 9780691083728. OCLC 11234472. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Soteras, Florencia; Moré, Marcela; Ibañez, Ana C.; Iglesias, María del Rosario; Cocucci, Andrea A. (26. desember 2018). Borges, Renee M., red. «Range overlap between the sword-billed hummingbird and its guild of long-flowered species: An approach to the study of a coevolutionary mosaic». PLOS ONE (på engelsk) 13 (12): e0209742. Bibcode:2018PLoSO..1309742S. ISSN 1932-6203. PMC 6306261. PMID 30586466. doi:10.1371/journal.pone.0209742. 
  7. 7,0 7,1 «Sword-billed hummingbirds are the only birds in the world to have beaks longer than their bodies. - In pictures... Jungles». Planet Earth II. BBC One. Henta 22. juli 2023. 
  8. 8,0 8,1 IUCN (2016). «Ensifera ensifera: BirdLife International». IUCN Red List of Threatened Species 2016. doi:10.2305/iucn.uk.2016-3.rlts.t22687854a93171973.en. 
  9. 9,0 9,1 Lindberg, Annika Büchert; Olesen, Jens Mogens (4. mars 2001). «The fragility of extreme specialization: Passiflora mixta and its pollinating hummingbird Ensifera ensifera». Journal of Tropical Ecology (på engelsk) 17 (2): 323–329. ISSN 0266-4674. doi:10.1017/S0266467401001213. 
  10. Clayton, Dale H.; Cotgreave, Peter (1994). «Relationship of bill morphology to grooming behaviour in birds». Animal Behaviour 47 (1): 195–201. doi:10.1006/anbe.1994.1022. 
  11. 11,0 11,1 Abrahamczyk, S.; Souto-Vilarós, D.; Renner, S. S. (22. novenber 2014). «Escape from extreme specialization: passionflowers, bats and the sword-billed hummingbird». Proc. R. Soc. B (på engelsk) 281 (1795): 20140888. ISSN 0962-8452. PMC 4213610. PMID 25274372. doi:10.1098/rspb.2014.0888. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sverdkolibri