Tönet, ihr Pauken! Erschallet, Trompeten!
Tönet, ihr pauken! Erschallet, trompeten!, BWV 214, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 214 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1733 | ||
Urframføring | 7. desember 1733 | ||
Publiseringsdato | 1887 | ||
Typisk lengd | 24:48 | ||
Satsar/akter | 9 |
Han vart komponert i Leipzig i 1733 som Dramma Per Musica for bursdagen til Maria Josepha, dronning av Polen og kurfyrstinne av Sachsen. Stykket vart framført ved Gottfried Zimmermann's kaffihus.
Delar av musikken vart omarbeidd for Bachs juleoratorium.
Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar, truleg Bach sjølv.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyte, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo (med orgel og fagott), samt songsolistane Bellona (sopran), Pallas (alt), Irene (tenor), Fama (bass) og firedelt kor.
Det består av ni satsar:
- «Tonet, ihr pauken! Erschallet, trompeten!», Koral
- «Heut' ist der Tag», Resitativ for tenor
- «Blast die wohlgegriff'nen Floten», Arie for sopran
- «Mein knallendes Metall», Resitativ for sopran
- «Fromme Musen! Meine Glieder!», Arie for alt
- «Uns're Konigin im Lande, die der Himmel zu uns Sandte», Resitativ for alt
- «Kron' und Preis gekronter Damen», Arie for bass
- «So dringe in das weite Erdenrund», Resitativ for bass
- «Bluhet, ihr Linden in Sachsen, wie Cedern», Koral
Kjelder
endre- «Tönet, ihr pauken! Erschallet, trompeten!». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 214[daud lenkje] på bach-cantatas.com