Nordsamisk

samisk språk
(Omdirigert frå Nord-samisk)

Nordsamisk (nordsamisk davvisámegiella, sámegiella), eitt av dei samiske språka, eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien, er det samiske språket med flest talarar, ca. 18 000. Det blir snakka i Nordland, Troms og Finnmark, og i tilgrensande område i Finland og Sverige.

Nordsamisk
davvisámegiella
Klassifisering Uralsk
 Samisk
Bruk
Tala i  Noreg
 Sverige
 Finland
Område Nordland, Troms, Finnmark, Norrbottens län, Lappland (nordlege delen av Sápmi)
Nordsamisktalande i alt 18 000
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Flagget til Noreg Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Tana, Porsanger, Kåfjord, Lavangen
Flagget til Sverige 19 kommunar i Sverige har samisk som offisielt språk
Flagget til Finland Enontekiö, Utsjoki, Inari, Sodankylä (delvis)
Normert av Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-1 se
ISO 639-2 sme
ISO 639-3 sme
Glottolog nort2671
Wikipedia på nordsamisk
Opptak av nordsamisk gjort av Wikimedia Noreg og Wikitongues

Skriftspråk og alfabet

endre
For meir om dette emnet, sjå Uttale av nordsamisk skriftspråk.

Det noverande skriftspråket er frå 1979, og blir brukt både i Noreg, Sverige og Finland.[1] Tidlegare vart det brukt eit eige skriftspråk i Finland, mens Noreg og Sverige frå 1948 hadde ei sams nordsamisk rettskriving. Sjå nordsamisk ortografi. Det nordsamiske skriftspråket har eit regelmessig samband mellom bokstav og lyd, sjølv om sambandet ikkje er så direkte som t.d. i finsk.

Det nordsamiske alfabetet består av desse bokstavane (i denne rekkjefølgja):

  • a, á, b, c, č, d, đ, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, ŋ, o, p, r, s, š, t, ŧ, u, v, w, x, y, z, ž

Av desse bokstavane er det nokre som har same uttale som på norsk, nokre som ikkje finst på norsk, og nokre som finst på norsk, men har ulik uttale i norsk og nordsamisk. Både i norsk og samisk kan same bokstav ha ulik uttale i ulike samanhengar.

Bokstavar med omtrent same lydverdi på nordsamisk og norsk er: b, d, e, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Bokstavar med ulik lydverdi i nordsamisk og norsk er: c, i, o, u, z. Bokstaven c blir uttalt ts, og z blir uttalt ds. Bokstavane o og u blir uttalt som i tysk, dvs. som u, o i norsk kumlokk. Bokstaven i blir uttalt som i norsk, bortsett frå der han står etter ein vokal, då blir han uttalt som j. Bokstavane á, č, đ, ŋ, š, ŧ, ž finst ikkje på norsk. Bokstaven á blir i vest uttalt som lang a, i aust som æ. č er tsj, ž er dsj, og š er sj. đ er som i engelsk this, og ŧ som i engelsk thing. đ blir ofte skrive som islandsk ð, men det er feil. Bokstavane q, w, x, y, æ, ø, å finst ikkje i samisk. I visse kombinasjonar kan bokstavane bli uttalt på andre måtar, jf. uttale av nordsamisk skriftspråk.

Grammatikk

endre

Nordsamisk ligg i sentrum av det samiske språkområdet, og har på mange felt endra seg meir frå det samiske urspråket enn dei andre språka.

Fonologi

endre
For meir om dette emnet, sjå Nordsamisk fonologi.

Nordsamisk har eit femvokalsystem, i, e, a, o, u, desse kan vere korte eller lange. Lang a blir skrive med ein eigen bokstav, á. Konsonantsystemet er rikt. Stadievekslinga i nordsamisk er svært rik, der det i finsk berre er stadieveksling for (ulike kombinasjonar av) p, t, k, er så godt som alle dei nordsamiske konsonantane med i stadievekslingssystemet. I og med at genitiv og akkusativ ikkje har eigne suffiks, ligg den einaste skilnaden mellom nominativ og genitiv/akkusativ i stadievekslinga. Ordet for «fisk» er guolli, i genitiv er det guoli. Jf. finsk, der det same ordet er kala i nominativ, og kalan i genitiv, med skilnad i suffikset og ikkje i stadievekslinga.

Morfologi

endre
For meir om dette emnet, sjå Nordsamisk morfologi.

Nordsamisk har, som alle samiske språk, eit rikt bøyingsverk, med både kasus- tempus- og personbøying. Typologisk sett er nordsamisk ikkje like agglitunerande som det vi finn både hos sør- og lulesamisk og hos uralske språk generelt sett.

Nomen

endre

Nordsamisk har seks kasus, dei grammatiske nominativ og genitiv, lokalkasusa illativ og lokativ og dei andre adverbiale kasusa komitativ og essiv. Til skilnad frå andre samiske språk har i-kasus og frå-kasus falle saman til eitt lokativt kasus, lokativ Kárášjogas kan dermed tyde både «i Karasjok» og «frå Karasjok», mens illativ Kárášjohkii tyder «til Karasjok». Andre lokale relasjonar blir uttrykt med postposisjonar, som t.d. birra «om», haga «utan».

Eigeforhold blir uttrykt med genitiv av dei personlege pronomena, mu fanas «min båt». Eit tidlegare system, med possessivsuffiks, er no mest i bruk i slektskapstermar, vielljan, vielljat «min bror, din bror» (av viellja, «bror»), og som anafor, Máret bassa beatnagis «Marit vaskar hunden sin», der -s i beatnagis er eit possessivsuffiks som viser til Máret. Nordsamisk har tre numerus, singularis, dualis og pluralis.

Nomen, eller substantiv og adjektiv, blir bøygde i to tal, singularis og pluralis. Til skilnad frå pronomen og verb blir nomena ikkje bøygde i dualis. Nordsamisk har ikkje bøyingsklasser som vi finn i indoeuropeiske språk, men stammeklasser. Nordsamisk har tre stammeklasser, likestava, ulikestava og kontrakte, og bøyingsmønsteret for dei tre stammetypane sil seg frå kvarandre.

Syntaks (setningslære)

endre
For meir om dette emnet, sjå Nordsamisk syntaks.

Syntaktisk ber nordsamisk preg av lang kontakt med germanske språk, med grunnleggjande SVO-ordstilling (Máret bassá beatnaga "Marit vaskar hunden") og ikkje *Máret beatnaga bassá). Det er likevel tendens til SVOV, der det første verbet er hjelpeverb og det andre hovudverb, slik at Máret lea beatnaga bassan «Marit har vaska hunden» er mogleg i tillegg til Máret lea bassan beatnaga.

Typologisk har nordsamisk likevel mange trekk typisk for OV-språk. Det er t.d. vanlegare med postposisjonar (mu haga "utan meg") enn med preposisjonar. Dei orda som er preposisjonar er ofte også postposisjonar, gjerne med ein tydingsskilnad (gávpoga birra ("rund byen, om byen"), birra gávpoga ("rundt omkring i byen").

Historie

endre

Indre språkhistorie

endre
For meir om dette emnet, sjå Samisk språkhistorie.

Nordsamisk tilhøyrer den nordlege delen av dei vestsamiske språka, i lag med pitesamisk, lulesamisk og enaresamisk. Splittinga mellom austsamisk og vestsamisk går ca. 1500 år attende, skiljet mellom t.d. lulesamisk og nordsamisk er langt yngre.

Språket Knud Leem skildra frå første halvpart av 1700-talet er eit nordsamisk som allereie har dei trekka som skil språket frå enaresamisk og lulesamisk. Konservative lulesamiske språktrekk som tempusbøygde negasjonsverb og skilje mellom inessiv og elativ er ikkje til stade i Leem sin grammatikk. Språket hos Leem skil seg likevel til ein viss grad frå moderne nordsamisk.

Ytre språkhistorie

endre
For meir om dette emnet, sjå Ytre nordsamisk språkhistorie og Samisk ortografi.

Nordsamisk vart først skildra av Knud Leem (En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden, 1748), og ordbøker i 1752 og 1768. Ein samtidig samisk grammatikar var Anders Porsanger, som m.a. studerte på Katedralskolen i Trondheim, men som på grunn av rasistiske haldningar i samtida ikkje fekk publisert verka sine om samisk. Storparten av dei er dessverre gått tapt.

Røttene til dagens nordsamiske rettskriving går attende til Rasmus Rask, som etter samtalar med Nils Vibe Stockfleth i 1832 gav ut Ræsonneret lappisk sproglære efter den sprogart, som bruges af fjældlapperne i Porsangerfjorden i Finmarken. En omarbejdelse af Prof. Knud Leems Lappiske grammatica. Rask gjekk inn for at ortografien skulle bli basert på prinsippet ein lyd - ein bokstav. Alle nordsamiske ortografiar går attende til Rasks system, til skilnad frå dei lulesamiske og sørsamiske ortografiane, som i større grad er basert på svenske og norske ortografiske konvensjonar. Arven etter Rask viser seg i bruken av diakritiske teikn på konsonantane, bruken av dei nordsamiske bokstavane č, đ, ŋ, š, ŧ, ž var eit problem i datasamanheng fram til innføringa av Unicode. Både Stockfleth og seinare J.A. Friis publiserte samiske grammatikkar og ordbøker, før Ivar Aasen sin grammatikk kom ut var nordsamisk langt betre skildra enn norsk. Sjå også oversikta over samisk språkforsking i Noreg.

Nordsamisk vart brukt i tre ulike land, svært lenge med ulik rettskriving i dei tre landa. Friis si rettskriving vart i Noreg tatt i bruk i den samiske bibelomsetjinga, den første samiske avisa Sagai Muittalægje, og i Finnemisjonen sitt blad Nuorttanaste. Grunnverket i nordsamisk leksikografi, Konrad Nielsen si Lappisk ordbok, bruker ein eigen ortografi. Frå 1948 vart ortografiane i Noreg og Sverige slått saman i den såkalla Bergsland-Ruong-ortografien. Denne ortografien vart lite brukt i Noreg, i og med at styresmaktene her praktiserte ein politikk som i praksis gjorde samisk forbode som bruksspråk. I Sverige var det undervisning på samisk i Sameskolan, der førte den såkalla Lapp ska vara lapp-politikken til ein politikk for reindriftssamar med sikte på å halde dei separert frå storsamfunnet. I 1979 kom den noverande nordsamiske rettskrivinga, ei sams rettskriving for alle dei tre nordiske landa.

Både mobiliseringa rundt Alta-saka og eit meir tolerant politisk klima førte til ei endring i den norske assimileringspolitikken dei siste tiåra av 1900-talet. I dag er nordsamisk i Noreg offisielt språk i to fylke og sju kommunar, Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Tana, Porsanger, Kåfjord og Lavangen, dei fem første i Finnmark, og Kåfjord og Lavangen i Troms. Samar fødd før ca. 1977 har ikkje lært å skrive samisk (etter dagens rettskriving) på skolen, så det er først dei siste åra det har vorte tilgang på skrivekyndige samar til ulike administrative stillingar.

Nordsamisk litteratur

endre
For meir om dette emnet, sjå Samisk litteratur.

Den nordsamiske litteraturhistoria startar med Johan Turis Muitalus sámiid birra. Sentrale tidlege forfattarar er Anders Larsen og Matti Aikio.

Nordsamisk i utdanningssystemet

endre
For meir om dette emnet, sjå Nordsamisk i utdanningssystemet.

Nordsamisk er (i større eller mindre grad) opplæringsspråk i grunnskolen i den nordsamiske delen av det offisielle samiske språkområdet. I tillegg er det mogleg å gå vidaregåande skole på nordsamisk i alle fall i Kautokeino, Karasjok og Utsjok. Den samiske høgskolen i Kautokeino er den einaste høgskolen som blir administrert på samisk, og der undervisningsspråket på heile høgskolen er nordsamisk. I tillegg er det mogleg å studere samisk på universitetsnivå, på universiteta i Tromsø, Umeå, Uppsala, Uleåborg og Helsingfors, og ved ein del universitet utanfor Norden, spesielt i Tyskland og Ungarn.

Fotnotar

endre
Fotnotar
  1. For ein presentasjon av prosessen fram i mot 1979-rettskrivinga, sjå Magga 1994.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Bibliografi

endre

Ordbøker

endre

Allmenne ordbøker

endre
  • Klaus Peter Nickel, Pekka Sammallahti: Sámi-duiskka sátnegirji. Saamisch-Deutsches Wörterbuch. Davvi Girji, Kárášjohka 2006.
  • Klaus Peter Nickel, Pekka Sammallahti: Duiskka-sámi sátnegirji. Deutsch-Saamisches Wörterbuch. Davvi Girji, Kárášjohka 2008.
  • Nielsen, Konrad (1913): Lappisches Wörterbuch nach den Dialekten von Polmak, Karasjok und Kautokeino. Heft I. Lexica Societatis Fenno-Ugricae I. 1913.
  • Nielsen, Konrad (1932-1938): Lappisk ordbok Lapp dictionary (med Asbjørn Nesheim)
  • Sammallahti, Pekka 1993: Sámi-suoma-sámi sátnegirji. Saamelais-suomalais-saamelainen sanakirja. Girjegiisá Oy, Ohcejohka
  • Stockfleth, Nils Vibe (1852). Norsk-lappisk Ordbog (PDF). 
  • Svonni, M. (2013). Sátnegirji : davvisámegiela-ruoŧagiela, ruoŧagiela-davvisámegiela = Ordbok : nordsamisk-svensk, svensk-nordsamisk (p. 405). ČálliidLágádus.
  • Trosterud, Trond 2013-2024: Neahttadigisánit Davvisámi-suoma-davvisámi sátnegirji. Tromsø: UiT.

Fagordbøker og ordbøker med avgrensa målgruppe

endre
  • Amery, H., & Cartwright, S. (1996). Mu vuosttaš duhát sáni (p. 63). Fonna.
  • Balto, R. R. (2015). Norsk-samisk skoleordbok = Dáru-sámi skuvlasátnegirji (2. utg., p. 119). Davvi girji.
  • Gaski, Harald, Vuokko Hirvonen ja Ellen Näkkäläjärvi 1992: Girjjálašvuođa tearpmat. Guovdageaidnu: Sámi oahpahusráđđi.
  • Hætta, I. L., Skarvik, I. H., & Norge Sámediggi. (2002). Ruoktumet sátnegirjjá? : dáru-sámi/sámi-dáru sátnegirjja? = norsk-samisk/samisk-norsk ordliste (2. prenten., p. 77). Sámediggi.
  • Lukkari, Heikkiarmas og Toivo Lukkari (2006). Šattut Sámis. Davvi girji. ISBN 8273741451. 
  • Nystad, A., Valkeapää, N.-H., & Samisk utdanningsråd. (1993). Fysihkka- ja kemiijatearpmat : sámegielas dárogillii, dárogielas sámegillii (p. 114). Sámi oahpahusráđđi.
  • Porsanger, S., Aikio, S., Aslaksen, J. A., & Deanu giellagáddi. (2011). Spilddis bivlii : muohta- ja dálvesániid čoakkáldat (2. deaddileapmi., p. 67). Deanu giellagáddi.
  • Porsanger, S., Aikio, S., Aslaksen, J. A., Holm-Varsi, P., Njárga, A., & Deanu giellagáddi. (2011). Deanusilba : luossasániid čoakkáldat (p. 50). Deanu giellagáddi.
  • Utsi, Egil 2023: Medisinsk lommeparlør norsk - samisk. Karasjok: Davvi girji.
  • Utsi, E., & Jenssen, H. (2006). Apotekordliste : reseptparlør på norsk, samisk og finsk = Apotehkasátnelistu : reseaptagihppagaš dáro-, sáme- ja suomagillii = Apteekkisanasto : reseptisanoja norjaksi, saameksi ja suomeksi = Apotehkasátnelistu : reseaptagihppagaš dáro-, sáme- ja suomagillii = Apteekkisanasto : reseptisanoja norjaksi, saameksi ja suomeksi (p. 96). Davvi girji.

Grammatikkar og artiklar om grammatikk

endre

Nettstader

endre

  Wikipedianordsamisk