Taraire
Taraire
Taraire
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Beilschmiedia
Art: Taraire B. tarairi
Vitskapleg namn
Beilschmiedia tarairi

Taraire, Beilschmiedia tarairi, er eit tre i laurbærfamilien som er endemiskNordøyaNew Zealand. Det er eit vanleg tre i låglandsskogar nord for Auckland, og veks ofte saman med kauri (Agathis australis), pōhutukawa (Metrosideros excelsa), tawapou (Pouteria costata), og puriri (Vitex lucens) på basaltklipper og -jordsmonn. Beilschmiedia er ein familie på om lag 40 hovudsakleg tropiske treslag og buskar med alternerande eller motståande lauv.

Vekstområde endre

Taraire veks berre på Nordøya nord for 38° sørleg breidde. Det er mest vanleg nord for Auckland og Thames på om lag 37°S. Ein ser likevel spreidde førekomstar av treet på vestkysten mellom Port Waikato og Kawhia Harbour, og innover i landet til Pukemokemoke. I aust finst det spreidd til East Cape.

Utsjånad endre

 
Frukta av Taraire er favorittføde til duearten New Zealand pigeon eller Kererū

Taraire veks seg opp til 22 m høgt, og har ei svært vid krone. Stammen kan verta opp til ein meter i diameter. Borken er glatt og mørk brun. Greinene er kraftige og breier seg gjerne vidt utover. Kvistane, unge lauv og unge blomeknoppar er tett dekte av fine raudbrune hår. Dei mørke, grøne lauva måler for det meste mellom 50 og 72 mm i lengda og 34 til 48 mm i breidda, er alternerande, lêraktige, enkle med nedpressa bladnervar. Lauvstilkane er 8 til 12 mm lange. Bløminga finn stad mellom september og desember, med ein topp i november. Dei grønaktige blomane er 3-5 mm i diameter og ofte dekte av tette, raudbrune hår. Frukta er utståande, elliptisk til eggforma, og 16 til 30 mm lang, mørk purpur når ho er mogen og dekt av ei voksaktig hinne. Ho inneheld eit frø. Fruktene mognar mellom mars og november, og er favorittføda til maoridue eller kererū (Hemiphaga novaeseelandiae).

Taraire er eit særeige tre med tropisk utsjånad, der både bladverket og fruktene skil det ut frå alle andre stadeigne tre og buskar på New Zealand. Taraire er ei av dei tre endemiske Beilschmiediaartene på New Zealand. Dei andre er tawa-treet, (B. tawa), og tawaroa (B. tawaroa) som liknar tawa, men har breiare blad.

Formeiring endre

Formeiring er lett frå friske frø, og ein får betre spiring om fruktkjøtet kring kjernen vert fjerna. Treet vert ikkje sett på som trua, men spreiinga av frø kan verta vanskelegare i framtida, ettersom den stadig sjeldnare New Zealand pigeon (kererū) er den einaste arten som kan spreia dei store frøa frå taraire, som går upåverka gjennom tarmen til fuglen.

Bruk endre

Veden til taraire er rettvaksen, men skjør, og har lett for å sprekka, og varer ikkje lenge om han vert påverka av vêr og vind. Han har vore brukt til golvmaterial, lettare vogner, innbu, biletrammer, skipstaljer og brensel.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre