For busetnaden nær Thames, sjå Puriri på New Zealand.
Puriri
Puriri
Puriri
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Vitex
Art: Puriri V. lucens
Vitskapleg namn
Vitex lucens

Puriri (Vitex lucens) er eit eviggrønt tre som er endemisk for New Zealand.

Historikk endre

Puriri vart først sanka av europeiske utforskarar i Tolaga Bay, av Joseph Banks og Daniel Solander under Cook si første reise i 1769. Treet vart skildra av Solander i manuskriptet Primitae Florae Novae Zelandiae under namnet Ephielis pentaphylla, og det vart også laga ei teikning av treet av betydeleg kunstnarleg kvalitet.[1] Den neste botanikaren som omtala puriri, Allan Cunningham, såg treet i 1826 «på dei steinete strendene i Bay of Islands, der det ofte veks nær saltvatn». Cunningham gav det namnet Vitex littoralis, og knytte det korrekt til Vitex-familien, men oversåg at littoralis hadde vorte brukt på ein malayisk art fire år tidlegare. Kirk føreslo V. lucens i 1897 etter at ein var blitt merksam på at V. littoralis var «oppteke».[1][2]

Maorinamnet til dette treet er pūriri, eller stundom kauere.[3] Det vanlege engelske namnet er vanlegvis puriri, sjølv om New Zealand mahogni og New Zealand teak er bruka i eldre skriftlege kjelder, særleg med tanke på tømmeret.

Utsjånad endre

 
Puririblome
 
Eit stort puriritre nær Ruapekapeka i Northland.
Foto: Astrid van Meeuwen-Dijkgraaf

Puriritreet kan veksa seg opptil 20 m høgt, med ein stamme som vanlegvis kan verta opptil 1,5 m i diameter, ofte tjukkare, og med ei vid, utbreidd krone.[4] Den tynne borken er vanlegvis glatt og lyst brun av farge,[5] men kan også vera svært flassande.

I tidlegare tider vart mengder av utvalde puriritre hogde ned for å skaffa tømmer til ei rekkje bruksområde. Berre dei beste trea vart felte, og dei knudrete trea ein no ofte kan finna i hamnehagar, fekk stå att. Dette har gjeve inntrykk av at puriri ikkje kan veksa rett, men i tidlegare omtalar av treet heiter det at stammane kan vera rette og frå 4,5 til 9 m høge,[6] og det er enno att nokre tre av dette slaget. Eit fint og rettvakse tre står bak Ruapekapeka Pa i Northland.

Dei mørke grøne, glinsande blada til puriri er kopla, vanlegvis med fem flikar, stundom tre. Dei inste to flikane er mindre enn dei andre tre. Blada har domatia, små lommer, der den midtre bladnerven møter sidenervane.[5] Ingen veit sikkert kva domatia tener til. Undersida og bladnervane er lysare grøne.[7] Blada på plantespirer er tynnare og lysare grøne med taggete kantar.[2] Frøplantar frå puriri kan forvekslast med tilsvarande frå kohekohe, Dysoxylum spectabile, den mest tydelege skilnaden er at puririblad veks ut frå eit punkt, medan blada til kohekohe er spreidde langs stengelen. Greinene til puriri, særleg på dei unge trea, er firkanta i tverrsnitt.

Puriri er eit av dei få stadeigne trea som har store og fargesprakande blomar, medan blomane til mange andre plantar på New Zealand er kvite eller grøne. Dei tubulære (røyrforma) blomane til puriri liknar mykje på blomane til prydløvemunn (Antirrhinum)[8] og kan variera frå sterkt lysande rosa til mørk raud, raudrosa (mest vanleg) eller stundom til og med kvite med eit stenk av gult eller rosa. Den klåre fargen, fasongen, den rikelege produksjonen av nektar og dei fine håra i blometrakta, tyder på at det er fuglar som pollinerer blomane, håra held insekt borte frå nektaren. På dei store øyene på New Zealand er det ofte mykje nektar i blomane, fordi det ikkje er nok fuglar til å eta alt som vert laga av trea.

 
Dei frodige, flika blada til eit ungt puriritre.

Blomen er delt i fire lappar, samansette av to kronblad og fire lange støvberarar. Griffelen veks og vert like lang som støvbærarane etter at pollenet er borte. Blomane dannar klynger med opp til tolv blomar i ei klynge.

Det kan finnast blomar på puriritreet heile året, men det blømer kraftigast om vinteren. Mogen frukt kan også finnast heile året, men er mest vanleg om sommaren. Puriri er eit svært viktig tre for innfødde fuglar på den nordlege halvdelen av Nordøya fordi det sørgjer for at der er føde på staden året rundt. Blomar og frukt er lett tilgjengelege ettersom dei veks heilt ute i enden på greinene.

Frukta er vanlegvis lyst raud til bleik gul (sjeldnare, og berre på tre med kvite blomar). Ho kan veksa seg så stor som eit kirsebær, men er ikkje god på smak. Puririfrukta er ikkje den mest næringsrike i skog og kratt på New Zealand, ho inneheld mykje karbohydrat (utanom sukker), ikkje feitt, sukker eller kalsium, men ho er alltid å finna. Frøa ligg i ein svært hard, pæreforma kjerne[3] som kan innehalda inntil fire frø. Frøa frå ein kjerne kan spira samstundes eller med eit års mellomrom.[2]

Utbreiing endre

Puriri er endemisk på New Zealand og finst på den nordlege halvdelen av Nordøya frå North Cape til Waikato og Upper Thames, og derifrå i mindre førekomstar sørover til Mahiahalvøya (39,10 °S) på austkysten og Cape Egmont (39,27°) i vest. Treet er sjeldan i innlandet sør for 37°. I høgda veks det frå havnivå til 800 moh. Puriri veks gjerne på grøderik eller vulkansk jord, og tidlege nybyggjarar leita gjerne opp og brende puriri-rike område for å finna god jordbruksjord.[2][9]

Bruk endre

 
Eit ungt tre med frukt.

Puriri er ei verdfull matkjelde for det innfødde dyrelivet, ettersom treet sørgjer for både frukt og nektar på årstider då svært få andre planteslag lagar dette. Derfor er puriri ofte brukt ved plantefornying, til dømes i Elvie McGregor Reserve mellom Waipoua Forest og Katui Scenic Reserve i Northland og på Tiritiri Matangi-øya i Haurakigolfen. Ein vonar at planting av treslag som puriri, vil gje ei heilårleg matkjelde for fuglar, og med det få opp bestandane. Puriri er til dømes høgt verdsett som hjelp til å auka talet på den innfødde duearten kererū, maoridue. Det er særleg viktig å oppretthalda bestanden av kererū, som er ein framståande representant i arbeidet med å byggja opp nye skogområde og oppretthalda restar av eldre, ettersom fuglen er den viktigaste arten for spreiing av frø frå tre med stor frukt.

Puriri er også ein viktig vert for andre artar. Puririmøllen (eller «spøkjelsesmøllen») Aenetus virescens er den største møllen på New Zealand, og kan nå eit vengespenn på inntil 15 cm. Den 10 cm lange larven, som ikkje berre held seg til puriri, tek ofte tilhald i treet ved å grava lange, 7-talsforma gangar. Møllen har gått mykje attende i tal, og dei store svermane som vart omtala av dei tidlege nybyggjarane, ser ein ikkje lenger.[10] Dei vide og utbreidde greinene gir også rom til epifyttarter som Astelia, Griselinia lucida og Metrosideros robusta.[4]

Historisk bruk av maoriane endre

Maoriane brukte uttrekk av kokte blad som omslag ved forstuvingar og ved ryggverk, som eit hjelpemiddel ved sårstell, særleg kring øyrene, og mot sår hals.[11] Uttrekket vart også nytta til å vaska kroppane til avlidne som hjelp til å bevara dei.[9] Puriritre eller -lundar var ofte tapu fordi dei vart brukte som gravstadar,[12] og puririblad vart brukte til hovudpynt eller borne i handa under ei tangi (gravferd).[9]

Puriritømmer er vanlegast grønleg mørkebrunt, men stundom nesten svart eller gulstripa. Det vart ofte brukt til reiskapar og til ting som skulle vera sterke og haldbare. Maoriane føretrekte andre tømmerslag framfor puriri ettersom tverrved gjorde det vanskeleg å bruka til treskjering, men hagereiskap og våpen av puriri varte lenge, og soga vil ha det til at dyrehagl prella av mot palisadar laga av puriri.[13] Det vart brukt til å laga feller for ål (hinaki), fordi det er eit av dei få treslaga som søkk i vatn.[9] Puriri vart òg stundom brukt til å farga plantefibrar frå Phormium gule.[14] Sagflisa frå treet kan laga intenst gule flekker på betonggolv.

Historisk bruk av europearane endre

 
Puriri kan bløma heile året.

Dei europeiske nybyggjarane brukte store mengder puriritømmer til gjerdestolpar, jarnvegssviller, til skipsbygging og grunnsviller på hus, fordi dei tolte å liggja mot grunnen utan vidare handsaming i 50 år eller meir.[3][9][15] Dette, i tillegg til at trea voks på godt jordbruksland, førte til uttynning av dei eingong så vidstrekte puririskogane i låglandet.[15] Midt på 1940-talet var forsyningane av tømmeret nesten uttømde.[16] Puriri var òg verdsett som material for innbu og dekorative trearbeid som intarsia, ettersom utsjånaden var «ganske lik det beste italienske eller amerikanske valnøttre».[17] Puriritømmer vart stundom kalla New Zealand-teak,[16] eik[6][18] eller valnøtt.[17]

Noverande og framtidig bruk endre

Mindre kvantum av puriritømmer er no og då å få tak i Aucklandregionen og i Northland.[19] Det vert mykje brukt til reparasjonar, eller som til dømes når det gjeld gjerdestolpar av puriri, som vert brukte til produksjon av hagemøblar.[9][20] Det tidlegare Forest Research Institute, no Scion, tilrår å planta snøgtveksande, høgkvalitets tømmerartar som puriri for å skaffa material til spesielle føremål, særleg sett på bakgrunn av stigande importkostnadar og dei knappe forsyningane av innanlandsk tømmer med slike eigenskapar.[21]

Ein art for spesielle føremål er definert som «ein art som dannar tømmer med spesielle eigenskapar i veden, til bruk der veden frå montereyfuru (Pinus radiata D. Don.) ikkje er heilt tilfredsstellande». (Pinus radiata er eit furuslag som vart introdusert på New Zealand i 1850-åra og som no utgjer meir enn 90 % av dei planta skogområda i landet.) Derfor vil slikt tømmer stort sett supplera Pinus radiata, ikkje vera eit alternativ. Nokre av bruksområda til slike treslag kan vera: Møblar, intarsia, dreieemne, båtbygging og verktøyskaft.[22] Puriri har tidlegare vore bruka til slike ting. Andre potensielle bruksområde for puriri kan vera stolpar og bryggje- og brupålar, fordi furu treng ei høg grad av førebehandling, til dømes impregnering, og har lett for å brotna under tyngde på grunn av manglande tverrved.[23] Det ser ut til at puriri også kan danna kratt, og ettersom treet, når det brenn, er eit av dei mest varmegjevande treslaga på New Zealand,[9] kan det visa seg å vera høveleg som biomasse eller til produksjon av trekol.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Cheeseman (1914) Illustrations of the New Zealand Flora. Vol 2.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 A.C. Dijkgraaf (1994) Propagation and timber plantation potential of puriri (Vitex lucens). MSc thesis, University of Auckland.
  3. 3,0 3,1 3,2 G.C. Jackson (1965) Native for your garden.
  4. 4,0 4,1 Muriel Fisher, E. Satchell & Janet Watkins (1985) Gardening with New Zealand plants, shrubs & trees.
  5. 5,0 5,1 A. Eagles (1986) Trees and shrubs of New Zealand; Volume one revised.
  6. 6,0 6,1 R. Taylor (1848) Names and properties of the principal New Zealand trees. New Zealand Journal 299 (From the:Annals of the Diocese of New Zealand).
  7. Rae West (1962) Nature in New Zealand. A guide to trees.
  8. Bruce Hamlin (1970) Nature in New Zealand. Native trees.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 A.C. Dykgraaf (1992) Princely puriri. New Zealand Geographic # 13.
  10. D. Miller (1984) Common insects of New Zealand. ed 8.
  11. S.G. Brooker, R.C. Cambie & R.C. Cooper (1987) New Zealand medicinal plants.
  12. S.W. Burstal and E.V. Sale (1984) Great trees of New Zealand.
  13. F. Keene (1988) Tai Tokerau.
  14. R.C. Cooper and R.C. Cambie (1991) New Zealand's economic native plants.
  15. 15,0 15,1 F. Newhook (1982) Our trees: A New Zealand Guide.
  16. 16,0 16,1 S.J. Record and R.W. Hess (1943) Timbers of the New World.
  17. 17,0 17,1 Cheeseman (1906) Manual of the New Zealand flora.
  18. R. St Barbe Baker (1965) Famous trees of New Zealand.
  19. N.C. Clifton (1991) New Zealand timbers, exotic and indigenous. The complete guide.
  20. D. Masters (1990) Puriri posts make unique garden seats. New Zealand Gardner. Issue 46 (8).
  21. G. Pardy and D.O. Bergin (1989) Growth of native trees in plantations. What's new in forest research #173.
  22. I. Nicholas and E. Hay (1990) Selection of special purpose species. Effect of pests and diseases. New Zealand Journal of Forestry Science 20.
  23. G.B. Walford and C.R. Hellawell (1982) Don't shave those poles. What's new in forestry research 106.

Bakgrunnsstoff endre