Terry Wogan

tidlegare irsk-britisk programleiar i BBC

Michael Terence «Terry» Wogan (3. august 193831. januar 2016) var ein irsk-britisk radio- og TV-personlegdom som jobba det meste av sin karriere i BBC. Utanfor Storbritannia er han kjend som mangeårig kommentator i Eurovision Song Contest for BBC.

Terry Wogan

Statsborgarskap Irland, Storbritannia
Fødd 3. august 1938
Limerick
Død

31. januar 2016 (77 år)
Taplow

Yrke radioprogramleiar, programleiar, voiceover artiste, game show-programleiar, sjølvbiograf
Språk engelsk
Ektefelle Helen Wogan
Nettstad http://www.terrywogan.com
Terry Wogan på Commons

Oppvekst og tidleg karriere

endre

Wogan blei fødd i Limerick og vaks opp i Irland. Han starta mediekarrieren som nyheitsopplesar og seinare programleiar i den irske rikskringkastaren RTÉ. Mot slutten av 1960-talet jobba Wogan stadig meir for BBC Radio, og i 1972 tok han over som programleiar for frukostshowet på BBC Radio 2. Det daglege radioprogrammet var flaggskipet for kanalen, og Wogan blei ein svært populær programleiar med ein lyttarskare på opptil 7,6 millionar.[1] I 1984 slutta han i frukostshowet for å satse på ein tv-karriere på fulltid.[2]

Wake Up to Wogan

endre

I 1993 var Wogan tilbake i BBC Radio og starta igjen sitt daglege morgonshow Wake Up to Wogan på BBC Radio 2]. Programmet blei raskt igjen det mest populære radioprogrammet i Storbritannia. I 2005 hadde programmet over åtte millionar lyttarar på det meste.[1]

18. desember 2009 leia han sitt siste frukostshow, men fortsette å jobbe i BBC Radio 2. Kvar sundag leia han Weekend Wogan, eit totimers direktesendt radioshow med gjestar og musikkframføringar. Han leia programmet fram til 8. november 2015, då han måtte slutte på grunn av sviktande helse.[2]

Eurovision Song Contest

endre

Terry Wogan var for mange britar synonymt med Eurovision Song Contest. Han kommenterte sin fyrste finale for BBC Radio i 1971, og kommenterte sidan for BBC TV i 1973 og 1978 og sidan kvart einaste år frå 1980 til 2008. Han blei svært populær og kjend for sine munnrappe kommentarar, ispedd ein god dose britisk sarkasme og syrlegheit.[3]

Dei spisse kommentarane blei etter kvart også kjende for heile Europa, blant anna då han omtala det danske programleiarparet for «Doktor Død og Tannfeen» under finalen i 2001.[4] Han fekk også mykje kritikk for sine kritiske og syrlege kommentarar, og den svenske Melodifestival-sjefen Christer Björkman meinte syrlegheitane til Wogan hadde skapt ein «generasjon med britar som berre ser på showet som irrelevant og harry».[4][5]

Wogan var også ei viktig inspirasjonskjelde for den mangeårige og berykta Eurovision-kommentatoren for NRK, Jostein Pedersen. Då Wogan døydde i 2016, roste Pedersen Wogan for sin varme og humor. Pedersens Wogan-favoritt stamma frå opninga av finalen i Eurovision Song Contest i 2007, då Wogan sa: «Kven veit kva for eit helvete som no ligg føre oss? … Vel, faktisk så veit eg det, eg har jo sett prøvane».[6]

Wogan var også programleiar for ei rekkje britiske finalar, og han leia Eurovision Song Contest i 1998 saman med Ulrika Jonsson. I 2009 tok Graham Norton over som kommentator for Eurovision Song Contest på BBC.

I 2005 blei Wogan utnemnd til kommandørridder av Order of the British Empire. Han blei dimed slått til ridder. Fordi han hadde fått britisk statsborgarskap, fekk han rett til å føre tiltaleformen sir foran namnet sitt.[7]

Wogan gifta seg med Helen Joyce i april 1965, og paret budde i Taplow i Buckinghamshire. Dei hadde fire barn og fem barnebarn.[8]

I desember 2015 blei det kjent at Wogan var alvorleg sjuk av kreft, og helsa forverret seg raskt. 31. januar 2016 døydde han i sitt heim i Buckinghamshire, 77 år gammal. Då han døydde, sa statsminister David Cameron at «Storbritannia har mista eit enormt talent, nokre millionar følte var deira eigne, spesielle ven».[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Terry's Top Ten Triumphs!». UKTV Gold (Arkivert side). Arkivert frå originalen 31. desember 2006. Henta 2. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Sir Terry Wogan: Veteran broadcaster dies, aged 77». BBC.com. 31. januar 2016. 
  3. «Eurovision community mourns Sir Terry Wogan». Den europeiske kringkastingsunionen. 31. januar 2016. Henta 2. desember 2016. 
  4. 4,0 4,1 Hastings, Chris (10. mai 2008). «Terry Wogan is a problem, says Eurovision chief». The Telegraph. 
  5. «Terry Wogan 'totally spoiled' Eurovision, says contest producer». The Guardian (Press Association). 16. april 2016. 
  6. Jostein Pedersen (31. januar 2016). «Dear Eurovision Friends». Pedersens offentlige Facebook-profil. Henta 2. desember 2016. 
  7. «Radio's Wogan becomes Sir Terry», BBC News, 6. desember 2005. Lest 29. desember 2016.
  8. 8,0 8,1 Zakariassen, Gaute (31. januar 2016). «BBC-veteranen Terry Wogan er død». nrk.no. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Terry Wogan