Time av Fleetwood Mac
Time Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. oktober 1995 | |
Innspelt | Ocean Way Recording og Sunset Sound Recorders, Hollywood, California | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 60:18 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Fleetwood Mac, Richard Dashut, John Jones, Ray Kennedy | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Behind the Mask (1990) |
Time | Say You Will (2003)
|
Time er det 16. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1995. Besetninga som spelar på albumet er unik for bandet, med den tidlegare Traffic-gitaristen Dave Mason og country-songaren Bekka Bramlett, dottera til Delaney and Bonnie, i besetninga. Lindsey Buckingham, som hadde slutta i Fleetwood Mac i 1987, gjestar på korvokal på ein song, men Time er det første og einaste Fleetwood Mac-albumet sidan Heroes Are Hard to Find i 1974 utan Stevie Nicks. Trommeslagaren Mick Fleetwood syng solovokal for første gong på ein Fleetwood Mac-song, på den sju minuttar lange «These Strange Times», produsert av Duran Duran-produsenten John Jones, og skriven i lag med Beach Boys-medlåtskrivaren Ray Kennedy. Albumet var det første albumet deira som ikkje nådde salslista i USA, og det av albumet deira som har selt dårlegast, berre 50 000 verda over. Bandet la ut på ein verdsturne for å marknadsføre albumet frå juli til slutten av desember 1994, og igjen frå april til september 1995.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Innan eitt år hadde besetninga kollapsa, då Mason, Bramlett og Billy Burnette alle slutta i bandet, men Bramlett og Burnette spelte inn Bekka & Billy i lag i 1997, same året som Lindsey Buckingham og Stevie Nicks kom attende til Fleetwood Mac.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Talkin' to My Heart» | Billy Burnette, Deborah Allen, Rafe VanHoy | 4:54 |
2. | «Hollywood (Some Other Kind of Town)» | Christine McVie, Eddy Quintela | 5:43 |
3. | «Blow by Blow» | Dave Mason, John Cesario, Mark Holden | 4:24 |
4. | «Winds of Change» | Kit Hain | 4:26 |
5. | «I Do» | C. McVie, Quintela | 4:25 |
6. | «Nothing Without You» | Delaney Bramlett, Doug Gilmore, Bekka Bramlett | 3:06 |
7. | «Dreamin' the Dream» | B. Bramlett, Burnette | 3:43 |
8. | «Sooner or Later» | C. McVie, Quintela | 5:40 |
9. | «I Wonder Why» | Mason, Franke Previte, Tom Fuler | 4:28 |
10. | «Nights in Estoril» | C. McVie, Quintela | 4:45 |
11. | «I Got It In for You» | Burnette, Allen | 4:08 |
12. | «All Over Again» | C. McVie, Quintela | 3:32 |
13. | «These Strange Times» | Mick Fleetwood, Ray Kennedy | 7:04 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «Little Lies (Extended Version)» | C. McVie, Quintela | 6:07 |
Medverkande
endreFleetwood Mac
- Bekka Bramlett – vokal
- Dave Mason – gitarar, vokal
- Billy Burnette – gitarar, vokal
- Christine McVie – klaverinstrument, vokal
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon; vokal og gitarar på spor 13
Andre musikarar
- Michael Thompson – gitarar på spor 2, 5, 8, 10 og 12
- Steve Thoma – klaverinstrument på spor 3, 4 og 9
- Lindsey Buckingham – korvokal på spor 6
- Fred Tackett – trompet på spor 8
- John Jones – klaverinstrument, bass, gitar på spor 13
- Lucy Fleetwood – korvokal på spor 13
Produksjon
endre- Produsentar: Fleetwood Mac og Richard Dashut; John Jones og Ray Kennedy (spor 13)
- Assisterande lydteknikarar: Alan Sanderson, Charlie Brocco, Allen Sides, John Jones, Jimmy Hotz (spor 13), David Eike, Tom Nellen, Richard Huredia, Dave Shiffman
- Innspeling og miksing: Ken Allardyce; John Jones (spor 13)
- Innspelt og miksa i Ocean Way Recording i Hollywood
- Andre innspelingar ved Sunset Sound Recorders i Hollywood
- Mastera av Stephen Marcussen ved Precision Mastering, assistert av Don Tyler
- Konsept for plateomslag av Mick Fleetwood
- Kunstnarisk leiing og design av Gabrielle Raumberger og Frank Chi
- Fotografi av Lance Staedler, Bonnie & Dale McRaven, John McVie Family Archives
Singlar
endreÅr | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1995 | «I Do» | Storbritannia | — |
Canada | 62 | ||
Irland | — | ||
Tyskland | — |
Lister
endrePlasseringar
endreListe (1995) | Plassering |
---|---|
Tyskland | 92 |
UK Album Chart | 47 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Time (Fleetwood Mac album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «Fleetwood Mac Time review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 11. desember 2011.
- ↑ The Time Tour