Billy Burnette
Dorsey William «Billy» Burnette III (fødd 8. mai 1953) er ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar som var ein del av bandet Fleetwood Mac frå 1987 til 1995. Burnette hadde òg ein kort skodespelarkarriere.
Billy Burnette | |||
Fødd | 8. mai 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Memphis i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Dorsey William «Billy» Burnette III | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960 til i dag | ||
Sjanger | Rock, pop, country og rockabilly | ||
Instrument | gitar, bassgitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | Fleetwood Mac | ||
Plateselskap | Chesky Records, Polydor Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Biografi
endreSju år gammal, som Billy Beau, gjorde han den første innspelinga si med julesongen «Hey Daddy (I'm Gonna Tell Santa On You)» for Dot Records. Songen vart spelt inn med James Burton og bandet til Ricky Nelson, som faren arbeidde med. 11 år gammal spelte Burnette inn det første albumet sitt for A&M Records. To år seinare drog han på turné med Brenda Lee og lærte seg samstundes å spele gitar.
Tidleg i 1970-åra skreiv Burnette songar for plateprodusenten Chips Moman og brukte tre år som rytmegitarist i turnébandet til Roger Miller. I 1972 fekk Burnette kontrakt med Entrance Records og spelte inn det første soloalbumet sitt.
I 1980 gav Burnette ut det tredje soloalbumet sitt, med singelen «Don't Say No», som nådde 68. plassen på Billboard Hot 100 i USA. I 1981 kom det fjerde albumet hans ut, Gimme You. Det var på denne tida han møtte Mick Fleetwood frå Fleetwood Mac. Ei stund seinare inviterte Fleetwodd han med seg i det nye bandet sitt, The Zoo som gav ut albumet I'm Not Me i 1983. Han spelte sidan med fleire medlemmar frå Fleetwood Mack, før han i 1987 vart med i bandet då Lindsey Buckingham gav seg i bandet.
I 1985 fekk Eddy Raven («She's Gonna Win Your Heart») og Ray Charles («Do I Ever Cross Your Mind») begge hittar med Billy Burnette-songar. Andre artistar som har spelt inn songane hans er mellom andre Jerry Lee Lewis, The Everly Brothers, Gregg Allman, Loretta Lynn, Charlie Pride, Tanya Tucker og Ringo Starr. I 1987 skreiv han «All I Can Do Is Dream You» for Roy Orbison.
Diskografi
endreAlbum
endre- Billy Burnette – Entrance Records (1972)
- Billy Burnette – Polydor Records (1979)
- Between Friends – Polydor Records (1979)
- Billy Burnette – Columbia Records (1980)
- Gimme You – Columbia Records (1981)
- Try Me – Curb Records (1985)
- Soldier Of Love – Curb Records (1986)
- Brother To Brother – Curb Records (1988)
- Coming Home – Capricorn Records (1993)
- Bekka & Billy – Almo Sounds (1997) (med Bekka Bramlett)
- All Night Long – Grand Avenue Records (1999)
- Are You With Me Baby – Free Falls Entertainment (2000)
- Memphis In Manhattan – Chesky Records (2006)
- The Bluegrass Elvises, Volume 1 – American Roots (2007) (med Shawn Camp)
- Rock & Roll With It - Rock & Roll With It Records (2011)
Med Fleetwood Mac:
- Greatest Hits – WEA/Warner Brothers (1988)
- Behind The Mask – WEA/Warner Brothers (1990)
- 25 Years: The Chain – Warner Brothers (1992)
- Time – WEA/Warner Brothers (1994)
- The Very Best of Fleetwood Mac – Reprise Records (2002)
Andre:
- Mick Fleetwood's Zoo – I'm Not Me – RCA (1984)
- Just One of the Guys - filmmusikk – Elektra (1985)
- Summer School - filmen – Chrysalis (1986)
- Homer And Eddie - filmen – Apache (1989)
- John McVie's «Gotta Band» with Lola Thomas – Warner Bros. (1992)
- Steel Cowboys Bikers' Choice, Vol. 1 – Intersound (1999)
- Dressed in Black: A Tribute to Johnny Cash – Dualtone (2002)
- Christine McVie – In The Meantime – KOCH (2004)
Singlar
endreÅr | Singel | Plassering | Album | |
---|---|---|---|---|
US Country [1] |
US | |||
1979 | «What's a Little Love Between Friends» | 76 | — | Between Friends |
1980 | «Don't Say No» | — | 68 | Billy Burnette |
1985 | «Ain't It Just Like Love» | 51 | — | Try Me |
«Try Me» | 68 | — | ||
1986 | «Soldier of Love» | 54 | — | Soldier of Love |
1992 | «Nothin' to Do (And All Night to Do It)» | 64 | — | N/A |
1993 | «Tangled Up in Texas» | — | — | Coming Home |
«The Bigger the Love (The Harder the Fall)» | — | — | ||
«—» syner at singelen ikkje gjekk inn på lista |
Filmar
endre- Fleetwood Mac – Tango In The Night (1987) som seg sjølv
- Saturday Night Special (1994) som Travis
- Not Like Us (1995) som Jody
- Carnosaur 3: Primal Species (1995) som Furguson
- Casper Meets Wendy (1998) som kokk
- Addams Family Reunion (1998) som kelnar
- Richie Rich's Christmas Wish (1998) som Nigel
- John Fogerty – The Long Road Home In Concert (2006) som seg sjølv
- John Fogerty – Live At The Royal Albert Hall (2008) som seg sjølv
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Billy Burnette» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 58. ISBN 978-0-89820-203-8.