Tolimaflorkrone
Tolimaflorkrone (Anthocephala berlepschi) er ein kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk for det sentrale Colombia.
Tolimaflorkrone | |
Tolimaflorkrone | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av tolimaflorkrone | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Anthocephala |
Art: | Tolimaflorkrone A. berlepschi |
Vitskapleg namn | |
Anthocephala berlepschi |
Dette taksonet var fram til 2015 ein underart av A. floriceps, tidlegare kjent som florkronekolibri, i dag santamartaflorkrone. Status per september 2018 er at dei to 'florkrone'-kolibriane er anerkjente av både Clementslista[1] og av IOC-lista.[2]
Skildring
endreTolimaflorkrone har utsjånad som skil seg lite frå systerarten: 8,4 centimeter i kroppslengd, og har grønleg overside som slår over i oransje mot overgumpen, undersida er gråbrun og vengene mørke. Nebbet er relativt kort, svart og rettpeikande. Dei har ein liten, kvit panneflekk og raudleg krone, meir brun hos hofuglar. Undersida av halefjørene utgjer skilnaden i fjørdrakt mellom systerartane. Hos santamartaflorkrone finn ein eit lyst, beige endeband, hos tolimaflorkrone er dette feltet breiare og heilt kvitt.
Tolimaflorkrone beitar i underskog av fuktig alpin skog, 1200 til 2400 moh. Leveområdet har ei nord-sør utstrekning i den austlege dalsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, i Magdalenadalen. Dette er litt innanfor departementa, Quindío, Tolima og kanskje Huila. Den nordlege delen av dette området ligg om lag 100 kilometer vest for Bogotá.[3]
Kjelder
endre- Tolima Blossomcrown (Anthocephala berlepschi), In Neotropical Birds Online (T. S. Schulenberg, Editor)]. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta frå Neotropical Birds Online 23. september 2018
- Referansar
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2015, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.10, page 202, Blossomcrown Anthocephala floriceps, Cornell Lab of Ornithology
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2022). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 12.1. International Ornithologists' Union. Henta 12 July 2022.
- ↑ BirdLife International (2020). «Tolima Blossomcrown Anthocephala berlepschi». IUCN Red List of Threatened Species 2020: e.T154809350A176036352. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T154809350A176036352.en. Henta 5 August 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av Anthocephala berlepschi på flickr.com Foto: Peter Hawrylyshyn