Tone Vigeland (6. august 193818. mars 2024[1]) var ein norsk sølvsmed og smykkekunstnar med internasjonalt renommé.

Tone Vigeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1938
Oslo
Død

18. mars 2024 (85 år)

Yrke sølvsmed, designar, smykkedesigner, emaljør
Far Per Vigeland

Utdanning

endre

Vigeland var utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1955–57), smykkelinja ved Oslo yrkesskole (1957), PLUS brukskunstsenter i Fredrikstad (1959), og tok sveinebrev i 1961 og meisterbrev i 1962.

Kunstnarisk virke

endre

Vigeland starta eige verksemd i 1961.

Kunsten til Vigeland har gjennomgått fleire fasar:[2] enkel «scandinavian design» på 1960-talet, nye material på 1970-talet, «spiker-smykke» med etniske assosiasjonar på 1980-talet, ei dreiing mot det skulpturelle i løpet av 1980-talet. Etter 1995 arbeidde ho med skulpturar der teknikkane er dei same som i smykkene, men der formata går mot romutsmykkingar.

Smykka hennar har blitt skildra som «formfullendte arbeider [som] kan være utfordrende og faretruende med uttrykk som er vakre og dramatiske, kontrollerte og rå.»[2] Namnet hennar «går stadig igjen i publikasjoner og sentrale utstillinger når det beste og det mest avanserte innen smykkekunsten på verdensbasis skal vises frem og omtales».[3]

Prisar og utmerkingar

endre

Vigeland blei tidleg heidra med designprisen Jacobprisen i 1965. For utforminga av øyreringar og armband for verksemda Norway Designs A/S mottok ho to gongar Merket for god design i 1966.[4] Etter kvart mottok ho også Statens arbeidsstipend i 1966, Statens garantiinntekt i 1978, Oslo bys kunstnerpris i 1987, den svenske Prins Eugen-medaljen i 1988 og Anders Jahres kulturpris i 2002. I 1996 blei ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Vigeland er kjøpt inn av ei rekkje norske museum,[5] i tillegg til Victoria and Albert Museum i London, Cooper-Hewitt Museum og Museum of Modern Art i New York, National Museum of Modern Design i Tokyo, Musée des Arts Décoratifs i Paris, Pinakothek der Moderne i München. Eit høgdepunkt i karrieren hennar var ei retrospektiv utstilling som blei vist i Noreg, USA og Japan i perioden 1995–1998.

I 2014 var Vigeland festspeliutstillar i Bergen Kunsthall.[6]

Familie

endre

Tone Vigeland var dotter av målaren Per Vigeland, og med det sonedotter av Emanuel Vigeland og grandniese av Gustav Vigeland.[7][8]

Litteratur

endre
  • Cecilie Malm Brundtland. Tone Vigeland, jewellery + sculpture : movements in silver. Stuttgart: Arnoldsche, 2003. 183 sider. Parallell engelsk og norsk tekst. ISBN 3-89790-185-4. Også utgåve med parallell tysk og engelsk tekst.
  • Jorunn Veiteberg. «Tone Vigeland : karrieren, arbeidet, smykkene, skulpturene» I: Kunsthåndverk, nr 1/2, 2001
  • Jan Groth: Tegninger, Tone Vigeland: Skulpturer. Nordjyllands kunstmuseum, 2000. 93 sider. ISBN 87-88307-43-3
  • Tone Vigeland : Norwegian Art Jewelry. Tokyo: National Museum of Modern Art, 1997. 100 sider. Japansk tekst.
  • The Jewelry of Tone Vigeland 1958-1995. Editor: Anniken Thue. Kunstindustrimuseet i Oslo, 1995. 109 sider. ISBN 82-7177-412-3

Kjelder

endre
  1. Sven Arne Buggeland (19. mars 2024). «Tone Vigeland (85) er død». VG (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2024. 
  2. 2,0 2,1 Tone Vigeland i Norsk biografisk leksikon
  3. Leena Mannila. God form i Norge, Jacob-prisens vinnere 1957–1995. Messel forlag / Norsk Form, 1996. ISBN 82-452-0011-5. (ebok)
  4. norskdesign.no Søk i designpriser Arkivert 25. oktober 2016 på Wayback Machine.
  5. «DigitaltMuseum: Søk: 'Tone Vigeland'». DigitaltMuseum. Henta 1. mars 2012. 
  6. BT 20 sept. 2013, del 2 s.5.
  7. «Dette altermotivet er en skjult skatt fra krigen». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 15. oktober 2018. Henta 5. september 2020. 
  8. «Tone Vigeland: Fra kropp til rom». Magasinet KUNST (på norsk bokmål). 13. juni 2014. Henta 5. september 2020. «Vigeland var bare 17 år da hun kom inn på Kunst- og håndverksskolen. Selv om farfaren het Emmanuel Vigeland, hans bror Gustav Vigeland og hennes far var kirkemaleren Per Vigeland, var det ikke stor applaus i stua for at Tone Vigeland skulle bli kunstner.»