Torbjørn Røe Isaksen
norsk politikar
Torbjørn Røe Isaksen (fødd 28. juli 1978) er ein norsk politikar for Høgre. Han var næringsminister i regjeringa Solberg frå 2018 til 2020, og arbeids- og sosialminister frå 2020.[1] Røe Isaksen kom frå posten som kunnskapsminister.
Torbjørn Røe Isaksen | |||
Torbjørn Røe Isaksen Foto: Kjetil Ree | |||
Fødd | 28. juli 1978 (46 år) Ålesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, spaltist, redaktør | ||
Institusjonar | Minerva Civita | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Porsgrunn videregående skole Stridsklev ungdomsskole Carl Junction High School | ||
Verv | Norsk arbeids- og sosialminister 24. januar 2020– | ||
Føregangar | Anniken Hauglie | ||
Verv | Norsk næringsminister 17. januar 2018– 24. januar 2020 | ||
Føregangar | Monica Mæland | ||
Etterfylgjar | Iselin Nybø | ||
Verv | Norsk kunnskapsminister 16. oktober 2013–17. januar 2018 | ||
Føregangar | Kristin Halvorsen | ||
Etterfylgjar | Jan Tore Sanner | ||
Verv | Stortingsrepresentant 2009–2017 | ||
Verv | Leiar i Unge Høgre 20. juni 2004– 22. juni 2008 | ||
Føregangar | Ine Marie Eriksen Søreide | ||
Etterfylgjar | Henrik Asheim | ||
Alle verv |
|
Torbjørn Røe Isaksen kjem frå Porsgrunn i Telemark. Han var leiar i Unge Høgre i åra 2004-2008. Han var nummer to på Høgrelista i Telemark under Stortingsvalet i 2005, og vart vald inn på Stortinget ved stortingsvalet 2009.
Han var redaktør i tidsskriftet Minerva frå 2008 til 2009.[2][3] Han har også markert seg som debattant i mellom anna Morgenbladet og Dagbladet.
Saman med Nikolai Astrup var han redaktør for boka Velferd etter velferdsstaten.
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018.
- ↑ Meisingset, Kristian (11. august 2008). «Torbjørn Røe Isaksen ny redaktør i Minerva». Minerva. Arkivert frå originalen 18. januar 2022. Henta 21. august 2010.
- ↑ Christensen, Per Aage Pleym (11. august 2008). «Ny redaktør i Minerva». Liberaleren.