Opna hovudmenyen

Tormod Knutsson Borgejordet (8. februar 179712. september 1868) var ein norsk stortingsmann, ordførar og bygdeleiar, diktar og gardbrukar frå Kviteseid i Telemark.

Tormod Knutsson Borgejordet
Tormod Knutsen Borgejorde.jpg
Fødd 8. februar 1799
Kviteseid
Død

12. september 1868

Yrke skribent, politikar

Innhaldsliste

Liv og gjerningEndra

Han var fødd på garden Hosleberg i Brunkeberg i Vest-Telemark. Faren var husmann, ved folketeljinga i 1801 nemnd som «Lodbruger. national soldat», då familien budde på Subø i heimbygda. Tormod vart tidleg farlaus og søkte i barneåra teneste som gjetar og seinare som arbeidskar i bygda. Etter konfirmasjonen vart soknepresten Jens Zetlitz klar over evnene hans og sende han til prosten i Seljord som dreiv eit lokalt lærarseminar. Sidan var han lærar i Ardalsgrendi i Brunkeberg fram til 1825.

28 år gammal vart Tormod tilsett som kontorist hos fut Florentz i Kviteseid. Her vart han verande i over ti år, til futen tok avskjed i 1836. Deretter arbeidde han i tre år, 1838-41, hos sorenskrivaren i Vest-Telemark. År 1841 fekk han råd til å kjøpe garden Borgejordet, som han rydda og dyrka og der han sidan levde livet ut i små kår.

PolitikarEndra

Med si erfaring frå offentlege tenestekontor var han vel skikka for det kommunale sjølvstyre. Han kom med i det fyrste heradsstyret i Kviteseid i 1838, og var perioden 1842-61 ordførar i Kviteseid.

Borgejordet vart i 1844 vald inn på Stortinget som representant for Bratsberg Amt. Han slutta seg til bondeopposisjonen, og vart vald til stortingsmann tre gonger til. På alle sine tingoppmøte var han medlem av Lagtinget, og var av den grunn i 1845 medlem av riksretten. Medlem av justiskomite nr 2 både i 1845 og 1848, medan han 1854 og 1857 var med i justiskomite nr 1. På omframstortinget 1858 var han medlem av trykkekomiteen. Tingmannen Borgejordet var ein av dei mest aktive bonderepresentantane. Han skreiv elles artiklar i «Morgenbladet» om politikk og samfunn, dels også i «Hermoder» og «Dølen».

DiktarEndra

Tormod Borgejordet var og ein kjend bygdediktar. Flesteparten av dikta forfatta han i dansk-norsk skrift. Desse dikta i eit kunstig språk er det lite ved. Derimot fekk dei dikta og visene han forfatta på frisk dialekt eit mykje lengre liv. Fleire av bygdemålsvisene til Borgejordet levde sitt eige liv på folkemunne, nærast som folkeviser, «dei beste ero satiriske stevleikar so uvyrne, at dei ikkje godt kunne koma på prent». Samlinga Blandede Rimerier, som Borgejordet fekk publisert i Skien i 1846, er det einaste litterære verket som vart prenta. Den vesle samlinga inneheld både drikkeviser, syrgjedikt, hyllingsdikt og religiøst-moralske dikt. Den velkjende Telemarksslåtten «Signe» har namn etter ei jente som Tormod Knutsson Borgejordet dikta om i visa «Valborg og Signe» (ca. 1820): Signe, stakkars deg som soso eismal gjeng. Tonen finst nedteikna både av Rikard Berge og Ludvig Mathias Lindeman.

Borgejordet var frykta for si kvasse tunge og sitt retoriske språk. Han kunne vere både vilter, skarp og analytisk, men også humoristisk, melankolsk eller grublande.

I 1937 vart det reist ei byste over Tormod Knutsson Borgejordet på staden der den fyrste Kviteseid Sparebank låg, ein bank som han sjølv var med på å etablere.

BibliografiEndra

  • Blandede Rimerier af Tormod Knudsen. J. Melgaard. Skien 1846.
  • Blandede Rimerier af Tormod Knudsen. Faksimiletrykk av orig. U.st. [1979].

KjelderEndra

  • Rikard Berge: Tormod Borgegjorde og visune hans. Bygdedikting fraa Telemarki. Telefylkets Ungdomssamlag. Kristiania 1907.
  • Haave, Jørgen: «Myter om Ibsens barndom» (s. 103-118). I: Astrid Sæther, Ståle Dingstad, Atle Kittang og Anne Marie Rekdal (red): Den biografiske Ibsen. Acta Ibseniana. Senter for Ibsen-studier. Universitetet i Oslo. Unipub. Oslo 2010. ISBN 978-82-91450-11-7
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Solberg, Olav: Bondediktning i Telemark. Torgeir Vinsvål og Tormod Knudsen, og eit utval av visene deira. Skrifter Telemark distriktshøgskole 46. Bø 1980. ISBN 82-7206-048-5