Opna hovudmenyen

Topdalselva (Tovdalselva) er ei 143 km lang elv og den lengste elva på Sørlandet som framleis renn fritt heile vegen. Elva møter havet i Topdalsfjorden mellom Hamresanden og Kristiansand lufthamn, Kjevik. Ho er verna i forhold til Verneplan IV for vassdrag mot kraftutbygging frå Rjukanfossen (ikkje same foss som på Rjukan) i Åmli kommune og nordover. Gjennomsnittleg vassføring ved utløpet er 65 m³/s.

Topdalselva
elv
Tovdalselva 01.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder, Vest-Agder
Kommunar Åmli, Froland, Birkenes, Iveland
Nedslagsfelt 1 800 km²
Lengd 143 km
Middelvassføring 65 /s
Munning Topdalsfjorden
Wikimedia Commons: Tovdalselva

Elva har eit austleg og eit vestleg utspring som går saman i Herefossfjorden. Den austlege delen, Tovdalsgreina, er smal og langstrekt og har utspringet sitt i fjelltraktene mellom Valle i Aust-Agder og Fyresdal i Telemark. Øvre delar av vassdraget har mange innsjøar, med Straumsfjorden (757 moh.) som den største.

Den vestlege greina, Uldalsgreina, har tre tilførselselvar: Skjeggedalsåna, Vatnedalsåna og Hovlandsåna. Her er det òg ein kraftstasjon, Hanefossen kraftverk. Det er òg et mindre vasskraftverk i den nedre delen av elva.

Topdalselva får òg tilførsel frå eit tredje, noko mindre sidevassdrag, med innsjøen Ogge i sentrum. Ogge har to utløp. Det største av desse er Rettåna, som går nordover til Uldalsgreina. Dikeelva renn ut i Flakksvann i Birkenes langt nede i vassdraget.

Nedslagsfeltet er om lag 1800 km² og det høgaste utspringet ligg på 1101 moh. Følgjande kommunar har delar av dette feltet: Fyresdal, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åmli, Froland, Grimstad, Birkenes, Iveland, Lillesand og Kristiansand.

LaksefiskeEndra

Topdalselva var lenge ei av de beste lakseelvane i landet. I åra 1880-83 var ho nummer tre i landet, rekna både etter vekt og verdi. Sur nedbør byrja å slå ut for Tovdalselva alt ved inngangen til 1900-talet. Omkring 1970 var laksebestanden i Topdalselva tapt.

Det vart starta kalking i 1997, og dette har byrja å gje resultat for fiskebestanden. I 2003 vart det fanga om lag 300 kg laks. Dette er likevel særs lite i forhold til toppåra på 1880-talet då fangsten var over 12 tonn. Laksen kan i dag vandre opp til Herefossfjorden, ei strekning på om lag 45 km. Tidlegare gjekk han noko høgare, til Storefoss ovanfor Gauslåfjorden.

NamnetEndra

Den eldste namneforma er truleg Topdalselva, men på bakgrunn av den vanlege dialektuttalen, har også skriveformene Tovdalselva og Tofdalselva i ein mindre grad vore brukte. Statens Kartverk har gjort vedtak om at namnet skal skrivast Topdalselva, men slik at Tovdalselva er jamstilt skriftform for den aller nedste delen. [1]

KjelderEndra