Trine Hattestad
Elsa Katrine Solberg Hattestad (fødd 18. april 1966 i Lørenskog) er ein norsk tidlegare friiidrettsutøvar kjend som Trine Hattestad. Ho vann to VM-gull i spydkast og vart olympiameister i 2000. Ho var medlem av klubben Ski IL fram til 1985, frå 1986 medlem av Minerva. Ho spela handball på 2. nivå for Oppegård IL. Ho bur i Oppegård i Akershus.
Trine Hattestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. april 1966 (58 år) Lørenskog |
Idrett | friidrett, handball |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Fearnleys olympiske ærespris, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Pillarguriprisen |
Sesongane 1981-90
endre15 år gammal tok Hattestad sølv i spydkast i noregsmeisterskapen, bak den dåverande noregseinaren Hilde Bratvold. Same resultat vart det året etter, men i 1983 var rollene bytt om. Trine Solberg vann då sitt første av tretten norske meisterskap med eit kast på 61,18 m. Under dei olympiske sommarleikane i 1984 kom ho på ein fin 5. plass. Dei påfylgjande sesongane kom og gjekk utan særleg framgang. Ho framstod som ein hellar tevlingssvak utøvar, presterte ikkje toppresultat i store og tette tevlingar.
I august 1989 testa ho positivt på ei A-prøve i ein dopingstest. Etter ei negativ B-prøve vart prøva avvist i januar 1990.
Sesongane 1991-2000
endreDen store framgangen kom i 1991-sesongen, då Trine Hattestad for aller fyrste gong slengde spydet forbi 70-metersbandet. Men i dei store meisterskapa lykkast ho ikkje, korkje i 1991 eller 1992. Fyrst ved verdsmeisterskapen i 1993 vart det fullklaff. Ho kasta då 69,18 m og vann gullet. Året etter vart ho europameister. Ho forsvarte VM-tittelen ved meisterskapen i Athen 1997. I hennar siste sesong, 2000, var ho klar favoritt ved dei olympiske leikane i Sydney. Ho opna i finalen med eit kjempekast på 68,78 m. Ingen andre kastarar klarte å overgå denne prestasjonen. Fem døgn etter ho hadde sikra seg OL-gullet, deltok ho i si siste tevling. I Grand-Prix-finalen i Doha vart Hattestad nummer to i spydtevlinga med eit kast på 65,86 m. Hattestad vann medaljar ved alle store internasjonale meisterskap, unnateike eitt, i perioden 1993-2000.
I etterkant av sommar-OL i 2000 vart Trine Hattestad tildelt både Fearnleys olympiske ærespris og Aftenpostens Gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Sommar-OL 1984 i Los Angeles: 5. plass, 64,52 m
- EM 1986 i Stuttgart: 9. plass, 59,52 m
- VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (55,30 m)
- Sommar-OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (58,82 m)
- VM 1991 i Tokyo: 5. plass, 63,36 m
- Sommar-OL 1992 i Barcelona: 5. plass, 63,54 m
- VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje - 69,18 m, framom Karen Forkel (65,80 m)
- EM 1994 i Helsingfors: Gullmedalje - 68,00 m, framom Karen Forkel (66,10 m)
- Sommar-OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje - 64,98 m
- VM 1997 i Athen: Gullmedalje - 68,78 m, framom Joanna Stone (68,64 m)
- EM 1998 i Budapest: 4. plass - 63,16 m
- VM 1999 Sevilla: Bronsemedalje - 66,06 m (med den nye spydtypen)
- Sommar-OL 2000 i Sydney: Gullmedalje - 68,91 m, framom Mirela Manjani (67,51 m)
Medaljar i norske meisterskap
endre- Gull: 1983-86, 1988-89, 1991-94, 1996, 1998-2000
- Sølv: 1981-82
Hennar beste kast i noko noregsmeisterskap kom i 1991. Ho kasta då 71,44 m og vann med over 20 meters margin.
28. juni 2000 sette Hattestad ny verdsrekord i Bergen med eit kast på 69,48 m.
Kjelder
endre- Tysk wikipedia og bokmålswikipedia
- Friidrett.no