Damsnipe

fugleart
(Omdirigert frå Tringa stagnatilis)
Damsnipe
Damsnipe Foto: Wikimedia-brukar Alnus
Damsnipe
Foto: Wikimedia-brukar Alnus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Damsnipe
Utbreiinga av Damsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Damsnipe T. stagnatilis
Vitskapleg namn
Tringa stagnatilis

Damsnipe (Tringa stagnatilis) er ei snipe i den biologiske familien Scolopacidae. Ho er ein hekkefugl på stepper og grasdekte, opne myrer og våtmarker frå Aust-Europa og austover over sentrale Sibir til i Aust-Asia. Ho er ein sjeldan streiffugl i Sentral-Europa, og ein svært sjeldan hekkefugl aust i Austerrike, Ungarn, Slovakia og Polen.

Nokre år blir det observert damsniper på streif i Noreg, og då mest i mai månad.[1]

Skildring endre

Denne arten får ei kroppslengd på 22 til 26 centimeter, veg mellom 43 og 120 gram, hofuglar er i gjennomsnitt litt større enn hannar.[2] Damsnipa er ei slank Tringa-snipe, har eit påfallande slankt, langt og rett nebb og svært lange, tynne gulaktig bein. Ho liknar i kroppsstorleik på gluttsnipe, men damsnipa er likevel klårt meir langbeint og elegant.

Hekkefjørdrakta har ei kremfarga til grå overside som er tydeleg flekka i mørkbrunt og gråleg kanelfarge. Brystet og kroppssidene har mørke flekker, på sidene er nokre flekker vinkelforma. Panna, kinna og augebryna er kvitaktig med vage og fine strek. I vinterdrakta er oversida gråleg, undersida kvit og hovud og nakke kvitaktig. Ungfuglar skilst frå vaksne damsniper med meir brun overside som har kremfarga flekker på undersida.

I flukt synest vengene mørke, og damsnipa syner eit kvitt, smalt, kileforma parti frå overgumpen opp mot skuldrene, samt lange utstikkande bein bak halen.

Utbreiing endre

Hekkeområdet for damsniper strekkjer seg frå austre Romania, austre Ukraina og vestre Russland gjennom eit belte over sørlegaste Russland, nordlege Kasakhstan til Zabajkalskij kraj i austlege Russland og antakeleg er området utvida aust til Ussuri.

Damsnipa er ein langdistansetrekkfugl som trekkjer i brei front. Vinterkvarteret er i Afrika sør for Sahara og i Sør-Asia til Vietnam, Indonesia og vidare til Australia. Fuglar som hekkar i vestlegaste delar av utbreiinga overvintrar sporadisk aust i Middelhavsområdet, i det sørlege Irak og Iran og på Den arabiske halvøya. Likevel er dei viktigaste overvintringsområda i Aust-Afrika, der damsniper er ein av dei vanlegaste vadefuglane ved innsjøane i Riftdalen. Viktige område for overvintring inkluderer Turkanasjøen, og Manyarasjøen i Tanzania.[3] I det sørlege Afrika, er spesielt Okavangodeltaet viktig. Damsnipa er òg observert på Madagaskar og Seychellene.

Habitata for damsnipe er oftast våtmarker i låglandet. Dei hekkar vanlegvis ved innsjøar, elver eller dammar. På trekket til vinterkvarteret stoppar dei ved myrlendte dammar og sjøar, så vel som på rismarker og nokre gonger i brakkvatnlaguner og saltsletter. Damsnipa unngår vanlegvis opne kystar.[4]

Levevis og status endre

 
Damsnipe-egg

Når damsniper beitar på på grunt vatn og i gjørme, søkjer dei etter insekt, blautdyr, krepsdyr og liknande små byttedyr. Dei tar sjeldan insekt på tørt land, men plukkar bytte på vassoverflata og nede i slam eller vegetasjon. Ho er i utgangspunktet rørig og tar ofte korte spurtar for å fange eit byttedyr. Damsniper kan av og til beite i nærleiken av store fuglar som ender og hegrar for å utnytte byttedyr som blir forstyrra av dei større fuglane.[4] Utanfor hekkesesongen kan fleire damsniper gjerne beite saman eller med andre vadefuglar, spesielt gluttsniper.

Damsniper blir kjønnsmodne i første eller andre leveåret. Dei hekkar ofte i svært lause koloniar og det enkle reiret på bakken ligg som regel i nærleiken av vatn eller i fuktig jord. Egglegginga tar til i mai, og heldt fram i juni i nordaustre delar av hekkeområdet. Kullet består vanlegvis av fire egg.[5]

Storleiken på den globale populasjonen er rekna til å ligge mellom 260 000 og 1 200 000 individ per 2006. Bestanden er trudd å vere minkande.[6]

Kjelder endre

Artikkel gav desse kjeldene:
  • Hans-Günther Bauer, Einhard Bezzel und Wolfgang Fiedler (Hrsg): Das Kompendium der Vögel Mitteleuropas: Alles über Biologie, Gefährdung und Schutz. Band 1: Nonpasseriformes – Nichtsperlingsvögel, Aula-Verlag Wiebelsheim, Wiesbaden 2005, ISBN 3-89104-647-2
  • Peter Colston, Philip Burton: Limicolen – Alle europäischen Watvogel-Arten, Bestimmungsmerkmale, Flugbilder, Biologie, Verbreitung. BlV Verlagsgesellschaft, München 1989, ISBN 3-405-13647-4
  • Simon Delany, Derek Scott, Tim Dodman, David Stroud (Hrsg): An Atlas of Wader Populations in Afrika and Western Eurasia. Wetlands International, Wageningen 2009, ISBN 978-90-5882-047-1
Referansar
  1. Søk på artsobservasjoner.no den 26. juni 2016
  2. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Marsh Sandpiper (Tringa stagnatilis) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. juni 2016
  3. Delany et al.
  4. 4,0 4,1 Colston et al.
  5. Bauer et al., s. 505
  6. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa stagnatilis. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. juni 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Damsnipe