Tyrkardue
Tyrkardue er ein fugleart i duefamilien.
Tyrkardue | |
Tyrkardue | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av Tyrkardue | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae |
Slekt: | Streptopelia |
Art: | Tyrkardue S. decaocto |
Vitskapleg namn | |
Streptopelia decaocto |
Utsjånad
endreTyrkardua er ei lita due, totallengda er 28 cm. Fuglen er grå med mørkare rygg og ein blågrå flekk på vengen. Halefjørene er kvite i spissane. Frå nakke og halvvegs fram på halsen har fuglen eit svart band omgjeve av smalare kvite band. Dei korte beina er raude. Nebben og auga er svarte.
Læte
endreSangen er eit monotont kookoo, koo.
Utbreiing
endreArten si utbreiing var opphavleg avgrensa til delar av Asia med India som kjerneområde. Derifrå spreidde fuglen seg både austover og vestover. Fuglane nådde Midt-Austen på 1500- talet. Det kan tenkast at introduksjon frå menneske kan ha medverka til framrykkinga. Det er heilt klart at det var menneske som førte arten til Japan. Kring 1930 hekka fuglane over store delar av Balkan og så vidt i Ungarn. Seinare spreidde fuglane seg utover i Europa, først i nordvestleg retning. Arten etablerte seg i Austerrike i 1938, i Tyskland i 1945, i Danmark i 1948, i Frankrike i 1950, og på Island i 1964. Gjennom 1970-åra etablerte arten seg i Spania, Portugal og Egypt, seinare byrja fuglane å invadere Ukraina, Russland og Kviterussland. Kring 1990 nådde arten også Nord-Amerika.
Tyrkardua vart først observert på Dovre i Oppland i 1949. Hekking vart påvist i Moss og Oslo i 1952, og i Stavanger i 1955. Arten rykte for alvor fram på 1960-talet og etablerte seg over store delar av Sør-Noreg. I siste halvdel av dette tiåret vart Trøndelag og Nordland kolonisert. Talet på fuglar heldt fram med å vekse, men spreiinga gjekk ikkje like raskt vidare nordover. Truleg hekka fuglen i Troms på 1970-talet, og på 1980-talet var der ein hekkebestand som nesten gjekk ut etter to kalde vintrar. Etter 1990-talet har tyrkardua hatt ein liten tilbakegang.[2] Fuglen er ein utprega kulturfugl, og hekkar i vår verdsdel i hagar, parkar og gravlundar i byar og tettstader, dessutan ved gardsbruk. Telefonstolpar, leidningar, fjernsynsantenner, hustak og skorsteinar vert ofte nytta som kvilestadar.
Føde
endreOm sommaren et fuglen mange typar frø, bær og urter, og av og til et fuglen også blautdyr og insekt. I tillegg et tyrkardua korn i kornåkrar.
Trekktilhøve
endreI Noreg er tyrkardua for det meste standfugl. Om vinteren finn ho maten nær menneske . I byane samlar fuglane seg nær kornlager og foringsplassar for ender og byduer, medan dei i meir landlege strok overlever på ulik typar husdyr- og fuglefor. Tyrkardua er hardfør, og toler temperarturar ned mot 40 minusgrader. Største problemet om vinteren er store snømengder som hindrar mattilgangen, også på foringsplassar.
Kjelder
endre- «Tyrkduva» frå Wikipedia på svensk
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av tyrkerdue Streptopelia decaocto for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.