Valentin Sibbern

Valentin Christian Wilhelm Sibbern (9. september 17791. januar 1853) var ein norsk offiser, embetsmann, eidsvollsmann og statsråd frå Rygge i Østfold.

Valentin Sibbern
Valentin Sibbern 2.jpg
Portrett av Valentin Sibbern frå Eidsvoll 1814. Ukjent kunstnar.
Fødd9. september 1779
Rygge i Østfold
Død1. januar 1853 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet[1]
YrkeOffiser, jurist, amtmann og statsråd
MorSøster Huitfeldt
EktefelleAnne Cathrine de Stockfleth
BarnCarl Sibbern, Alette Due, Georg Sibbern
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant 1814, 1815-1817, 1818-1820, 1821-1823 og 1824-1826[2]
VervStiftamtmann i Akershus 1822-1830
VervStatsråd i fleire departement 1830-1850[2]

Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge. Han kom i 1793 inn på landkadettakademiet i København, og vart i 1796 utnemnd til sekondløytnant. Etter faren døydde same året budde han på familieeigedomen Værne kloster, som han overtok i 1800. Under eit opphald i København i 1801 tok han dansk juridisk eksamen.

Sibern vart rittmeister i 1809 og samstundes sjef for Rakkestad kompani. I 1812 vart han major i akershusiske ridende Jægerkorps.

1814 vart han vald til representant ved riksforsamlinga for jegerkorpset og for Smaalenenes amt, og vart ved fullmaktsprøvinga rekna som utsending for fyrstnemnde. På Eidsvoll var han ei tid mistenkt for å helle til grev Wedels parti, men var fyrst og fremst ein tilhengar av Kristian Frederik. Han møtte også på det overordentlege storting 1814, som representant for den del av Smaalenenes amt som ikkje var okkupert av svenske troppar.

28. november 1814 vart han utnemnd til amtmann i Smaalenenes amt. Ni år seinare, 1823, vart han utnemnd til stiftsamtmann over Akershus stift, og til amtmann over Akershus amt. Inntil vidare skulle han halde fram som amtmann i Smaalenenes amt.

Sibbern vart vald til stortingsrepresentant for Smaalenenes amt til stortinga 1815-16, 1818, 1821 og 1822, og for Christiania til stortinget 1824. I åra 1818, 1821, 1822, 1824 var han president i stortinget og i lagtinget. Han var dessutan president i riksretten 1821. Elles var han formann for ei rekke stortingskomitear.

Både i 1828 og 1841 fekk Sibbern tilbod om å overta posten som norsk statsminister i Stockholm, avslo begge gongane. Derimot tok han 1830 imot tilbodet om å gå inn i regjeringa som statsråd, og var med i denne inntil han fekk avskjed i 1850. Som statsråd styrte han dels revisjonsdepartementet, dels justis-, dels armé-, dels marine- og dels finansdepartementet.

Frå 1850 til han døydde budde Sibbern i Rygge.

Sibbern var far til Carl Sibbern og Georg Sibbern og bror til Arild Sibbern.

UtmerkingarEndra

Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Sverdordenen og Nordstjerneordenen. [3]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra