Vandrealbatross
Vandrealbatross (Diomedea exulans) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet. Det var den første arten av albatrossane som vart skildra, og han vart lenge rekna som same art som gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, tidlegare kalla tristanalbatross. Han er den største medlemmen av slekta Diomedea (storalbatrossar), og er ein av dei mest kjente og studerte fugleartane i verda.
Vandrealbatross | |
Vandrealbatross Foto: Mark Jobling
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av vandrealbatross | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Procellariiformes |
Familie: | Diomedeidae |
Slekt: | Diomedea |
Art: | Vandrealbatross D. exulans |
Vitskapleg namn | |
Diomedea exulans |
Skildring
endreVandrealbatrossen har størst vengespenn av alle nolevande fuglar med gjennomsnittleg vengespenn på 3,1 meter målt i store koloniar.[1][2] Det største kjente eksemplaret skal ha hatt vengespenn på opp til 3,6 m,[3] upålitande rapportar om så mykje som 5,3 m er kjent.[4] Med hjelp av dei store vengene er fuglen i stand til å gli gjennom lufta i fleire timar utan å slå vengene, han glir 22 meter for kvar meter han mistar høgd. Kroppslengda varierer mellom 107–135 centimeter, og dei veg i området 6,7-11,9 kilogram, hannar er større enn hoer og veg mest.[5] Umodne fuglar er registrert med kroppsvekt på så mykje som 16,1 kg på dei første flygingane sine.[4] Fjørdrakta varierer med alderen, men vaksne har kvite kroppar med svarte og kvite venger. Hannar har mest kvitt på vengene, berre tupp og bakkant på vengene er svarte. Dei viser også ein svak ferskenfarga flekk på sida av hovudet. Vandrealbatrossen er den lysaste av albatrossartane, andre artar har mykje meir brunt og svart på venger og kropp i hekkedrakt, som umodne vandrealbatrossar. Nebb og føter har rosa farga. Ovanfor nasepassasjen på vandrealbatrossar ligg ein kjertel som sondrar ut salt. Det hjelper til å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av det høge mengda havvatn dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing.[6]
Fuglen beitar om natta[7] og tar blekksprut, småfisk, krepsdyr og avfall som flyt på overflata, dei kan ete slike mengder at dei får vanskar med å lette opp frå sjøen og må kvile hjelpelaust på vatnet. Dei kan òg gjere grunne dukk.
I mesteparten av livstida si er vandrealbatrossar på vengene, dei landar berre for å ete og å hekke. Ein ringmerkt fugl vart registrert i å gjere ei reise på 6000 kilometer på tolv dagar, elles finst det få målingar på rekkjevidda.
Verdspopulasjonen var estimert til 20 000 kjønnsmodne individ i 2010.[8] Levetida kan bli over 50 år.[9]
Reproduksjon
endreVandrealbatrossar hekkar anna kvart år.[7] I hekketida okkuperer dei lause koloniar på isolerte øygrupper i Sørishavet. Dei legg eitt egg som er kvitt, med nokre få flekker, egget er ca. 10 cm langt. Egglegginga skjer mellom 10 desember og 5. januar. Reiret er ein stor haug bygd av graskledd vegetasjon og jord eller torv,[1] det kan vere ein meter i diameter i botnen og ein halv meter øvst. Rugetida varer i ca. 11 veker og begge foreldra er involvert i ruging.[7] Dette er ein monogam art, vanlegvis for livet. Ungfuglane held seg i til kolonien innan 6 år, men dei vil ikkje starte reproduksjon før dei er mellom 11 til 15 år.[2] Om lag 30 % av fugleungane overlever.[1]
Utbreiing
endreVandrealbatrossar kan treffast på den sørlege halvkula frå 28 ° til 60 ° sør.[8] Hekkeområdet er på Crozet Islands, Sør-Georgia, Prince Edward Island og Macquarie Island, og kan observerast i å beite utanfor kysten av Kaikoura-halvøya på austkysten av Sørøya på New Zealand året rundt.[10]
Taksonomi
endreVandrealbatrossen vart først skildra som Diomedea exulans av Carl von Linné, i 1758, basert på ei prøve frå Kapp det gode håp.[1]
Vandrealbatrossen har fem underartar etter eBird/Clements Checklist v2017,[11] her lista med hekkeområde:
- Diomedea exulans exulans, Sør-Georgia
- Diomedea exulans dabbenena, Goughøya ved øygruppa Tristan da Cunha. Anerkjent som art "Tristan Albatross" av IOC World Bird List, og har norsk namn tristanalbatross.[12]
- Diomedea exulans antipodensis, Antipodesøyane, anerkjent som arten "Antipodean Albatross" av IOC
- Diomedea exulans gibsoni Crozetøyane og Marionøya på Prince Edward Island
- Diomedea exulans amsterdamensis, Île Amsterdam, anerkjent som arten "Amsterdam Albatross" av IOC
Diomedea refererer til helten Diomedes, følgjesveinane blei gjort til fuglar, og exulans tyder ein i eksil eller ein vandrar som viser til dei einsame, langdistanseflygingane dei gjer.[13]
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Wandering Albatross» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012, bl.a. var følgjande referansar gjevne:
- BirdLife International (2008(a)). «Wandering Albatross - BirdLife Species Factsheet». Data Zone. Arkivert frå originalen 2. januar 2009. Henta 17 Feb 2009.
- Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathon (2006). «Accidentals, Extinct Species». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth utg.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 467. ISBN 978 0 7922 5314 3.
- Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First utg.). New York, NY: Simon & Schuster. s. 29–31. ISBN 0 671 65989 8.
- Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 191. ISBN 0 8160 3377 3.
- Harrison, Colin; Greensmith, Alan (1993). «Non-Passerines». I Bunting, Edward. Birds of the World (First utg.). New York, NY: Dorling Kindersley. s. 48. ISBN 1 56458 295 7.
- Rattenborg, Niels, C. (11 May 2006). "Do Birds Sleep in Flight? Arkivert 2019-09-25 ved Wayback Machine.". Naturwissenschatten, Vol. 93 Number 9.
- Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 113–116, 118–119. ISBN 0 7876 5784 0.
- Shirihai, Hadoram (2002) [2002]. «Great Albatrosses». Antarctic Wildlife The birds and mammals. Finland: Alula Press. s. 90. ISBN 951-98947-0-5.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Robertson, C. J. R. (2003)
- ↑ 2,0 2,1 Dunn, Jon, L. & Alderfer, Jonathan (2006)
- ↑ Peter C. Harper, Kinsky F. C. (1978). Southern Albatrosses and Petrels: An Identification Guide. Victoria University Press. ISBN 9780705506670.
- ↑ 4,0 4,1 Wood, Gerald (1983). The Guinness Book of Animal Facts and Feats. ISBN 978-0-85112-235-9.
- ↑ Carboneras, C., Jutglar, F., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2017). Wandering Albatross (Diomedea exulans). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. desember 2017
- ↑ Ehrlich, Paul R. (1988)
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Harrison, C. & Greensmith, A. (1993)
- ↑ 8,0 8,1 BirdLife International 2017 Diomedea exulans.IUCN Red List of Threatened Species. Version 2017.3. <www.iucnredlist.org>. Henta 26. desember 2017.
- ↑ About Science X Is foraging efficiency a key parameter in aging? (2010)
- ↑ Shihirai 2002 p.90
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Norske namn på palearktiske artar som ikkje er godtatte artar i eBird/Clements Checklist. Vedlegg til artikkelen Nye norske fuglenavn, Norsk navnekomité for fugl (NNKF), 21. desember 2017
- ↑ Gotch, A. F. (1995)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av vandrealbatrossar hos Internet Bird Collection