Eit vassklosett er eit klosett med kum og sete over som står kopla til ei spylekasse slik at urin og avføring kan skyljast ut. Det er også kalla WC eller wc, etter engelsk water closet. Avføringa blir fjerna ved hjelp av vatn gjennom eit avløpsrøyr til oppsamling i septikktank eller til offentleg kloakk og eventuell reinsing. Vassklosett kan ofte samstundes fjerne toalettpapir. Vassklosett kan vere ei nemning både på sjølve innretninga og rommet.[treng kjelde] Alternativ til vassklosett er mellom anna tørrklosett eller utedo.

Vassklosett med dekorert dosete

Konstruksjon endre

Vasstanken med skyllevatnet sit vanlegvis anten i ryggen av toalettet eller er montert høgare opp på veggen. (eldre utgåver) Vatnet blir utløyst gjennom ein trekkmekanisme som opnar proppen i vasstanken og slepp vatnet ned i klosettskåla. Tanken blir stengd og blir fylt automatisk etter nedskyllinga, og ein enkel flottør-mekanisme stoppar vasstilførselen straks tanken er full. Vassklosett brukar vasslås i avløpsrøret bak toalettskåla. Det er eit S-forma røyr som vert verande fylt med vatn mellom nedskyllingane og dermed sperrar for vond lukt og gassar frå kloakken. vasslåsen fungerer òg som ein hevert som akselererer nedskyllinga.

Vassklosett er vanlegvis kopla til eit kloakksystem som fører avfallet vekk for handsaming eit annan stad. Det finst òg mobile, lukka system med ein oppsamlingstank, til dømes på busser, tog og fly. Der skjer ofte tømming av klosettskåla ved utsuging i staden for direkte spyling.

Dei fleste vassklosetta i vår del av verda er laga med ein stol av porselen med dosete eller setering i tre eller plast.

Vannbesparende klosett brukar berre 1,5 til 3 liter vatn ved kvar utspyling til skilnad frå konvensjonelle typar som brukar rundt 10 liter.

Historikk endre

  • Omkring 26. hundreår f.Kr.: Klosett med vasskylling vart første gong brukt, i Induskulturen. I byane Harappa og Mohenjo-daro var det vassklosettet i nesten alle hus, knytt til seg eit forseggjort kloakksystem.
  • Omkring 18. hundreår f:kr.: Klosett med vasskylling konstruert i Knossos.
  • Omkring 15. hundreår f.Kr.: Vassklosett i bruk i den minoiske byen Akrotiri.
  • 1. – 5. hundreår: Vassklosett i bruk mange stader i Romerriket.
  • Oldtidens vassklosett vart gløymt. Vassklosettet i moderne form vart patentert i 1775 og innebar ei stor hygienisk forbetring for byane då systemet vart innført i større omfang frå slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Det keramiske toalettet vart utvikla i England på 1870-talet.[1]

I Noreg endre

Utvikling i Kristiania endre

I Noreg, og då særleg i Kristiania (Oslo), såg på ein lengje at klimaet var for kaldt for vassklosett. Kloakknettet var ikkje tilstrekkeleg utbygget, og faren for forureining av fjorden var årsak til at byen var seint ute med vassklosett. Men den største hindringa var lobbyverksemda frå alle som hadde næringsinteresser i avfallet frå tørrklosetta i byen – dotømmarar, pudrettfabrikkar og gartnarar. Vassklosett vart difor ikkje vanlege i hus og leilegheiter i den norske hovudstaden før eit stykke inn på 1900-talet.

Spørsmålet om når dei første vassklosetta vart installert i Kristiania har vore omstridt. Vass- og avløpsetaten i byen seier at dei første kom rundt 1860, og detta virke truverdig. Røyrleggarmeisterlauget påstår at det første vassklosettet kom i 1892, men denne påstanden stemmer ikkje med andre kjelder som fortel at røyrleggar Carl Martin Mathiesen bygde eit moderne bad med vassklosett i ein villaDrammensveien i 1890.[2][3] Vass- og avløp seier at det fanst berre 18 vassklosett i 1900.[4] Oslo byarkiv seier at det fanst 106 leilegheiter med vassklosett i Kristiania i 1900. Dei førebels første sikkert dokumenterte «Waterclosets» kom likevel allereie i 1858 i nybygget på Kyrkjegata 6 hos konsul og bankier Nicolai August Andresen og leigebuarane hans i same gard.[5]

Grand Hotell fekk installert vassklosett i 1897 til erstatning for bøttedoer. Klosetta var tilkopla eit lukka reinseanlegg i kjellaren til hotellet.

I 1904 var det 32 hus av totalt 7 257 i hovudstaden som hadde vassklosett (0,44%). Eit kommunalt kloakkanlegg vart innført som er prøveordning frå 1910 med ein septiktank ved Skarpsno og ein separatorskive ved Filipstad. I 1911 var det 1 269 vassklosett i bruk. Etter første verdskrig 10 000, og i 1920 12 000. Først frå 1928, då det vart avgjort at kloakken kunne gå fritt ut i fjorden, skaut utviklinga fart. I 1940 var det 75 000 vassklosett i Oslo.

Frå 1945 til 1960 vart dei fleste norske bustader utstyrt med vassklosett.

Økologi, økonomi og miljø endre

Overgangen frå utedass til vassklosett vart verdsett som eit stort framsteg i #den rike landa i verda i første halvdel av 1900-talet. Men det tok ikkje mange år før alle kunne sjå at denne nye, komfortable og tilsynelatande enkle løysinga hadde store og kostbare miljøkonsekvensar.

I Oslo vart det første renseanlegget for kloakk bygd i 1910 samstundes med at mengda vassklosett hadde kome opp i vel 1200. Dåverande stadsingeniør O. M. Andersen åtvara mot systemskiftet frå privét til vassklosett av økonomiske grunner. 90 år seinare er argumentasjonen utvida og overgangen karakterisert som ein «økologisk systemfeil».

Frå 1928 vart krava om reinsing oppheva i Oslo. Problema vart synlege umiddelbart. Dei lett tilgjengelege og populære sjøbada innanfor bygrensa måtte nedleggjast. Stadig større kloakkmengder vart spylt rett i fjorden. Slammet frå dei renseanleggene som eksisterte vart dumpa ved Langøyene og òg reinsing gav forureining. Slamtømminga i fjorden varte fram til 1974. Ove Owe som var vassverkssjef frå 1931 argumenterte allereie den gongen for å byggja anlegg for slamhandsaming. Han var irritert over sløsinga med nyttig gjødsel og meinte det måtte gå an å utnytta denne ressursen på ein betre måte. Det tok meir enn 50 år før fleirtalet tenkte likt og detta lét seg gjennomføra. Først i 1987 vart all kloakk frå byen leidd til meir moderne reinseanlegg der det meste vart fullreinsa.

Problemet med vassklosett er at eitt toalettbesøk som i seg sjølv produserer 0,5 liter avfall, gjev eit forbruk frå 6 til 20 liter vatn av drikkevasskvalitet. I Frankrike blir forbruket av reint vatn rekna til 27,5 liter per person per dag, og 20% av drikkevatnet som blir levert i Frankrike hamner i vassklosett. Dette inneber at eitt dagleg WC-besøk for éin person føreset ein drikkevassproduksjon på 10 000 liter årleg. Gjennomsnittsprisen for drikkevatn i Noreg er 0,79 øre pr. liter.[6] Eitt menneske forbrukar reint vann for 7 900 kroner årleg med eitt dagleg besøk på WC. Prisen for å sleppa ut vatn ligg i Noreg på om lag det dobbelte av prisen for drikkevatn. Kostnaden ved å senda ut 10 000 liter avløpsvatn i offentlege røyrsystem er difor om lag 15 000 kroner.

Tanum kommune i Sverige (12 000 innb.) i Bohuslän vakte oppsikt då den i 1992 vedtok å setja stopp for installering av konvensjonelle vassklosett i nye hus. For å retta opp igjen krinsløpet valde politikarane i Tanum at det berre skulle installerast «kildesorterende» toalett (komposterande biodoer eller skilledoer der urinen blir lagra i eigen tank) i ny busetnad, og dei oppmuntra eigarane av eksisterande hus til å byta ut den konvensjonelle WC'ein. Ved nybygg i områr som blir omfatta av reguleringsplan er dette nå eit krav. Tanums døme har seinare inspirert fleire andre svenske kommunar til å ha som mål i sina miljø- eller Lokal Agenda 21-planar å skifta toalettsystem.[7]

Referansar endre

  1. Rørleggerfagets historie, arkivert frå originalen 14. juni 2008, henta 20. september 2018 
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 23. desember 2009. 
  3. [1]
  4. Kristiania arkivet til kommune.
  5. 4 Christiania-Hus i Noregs Kvartalet til bank
  6. Norske drikkevassprisar
  7. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 29. april 2015. 

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vassklosett