Verdscupen i langrenn 1993/Menn
Verdscupen i langrenn for menn i 1993-sesongen omfatta 13 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 12. desember 1991 og vart avslutta 20. mars 1993. Dei 13 individuelle renna bestod av to tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, ei på 25 km, fire tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Ramsau am Dachstein (2) i Austerrike, Val di Fiemme (2) i Italia, Kavgolovo i Russland, Ulrichen (2) i Sveits, Bohinj i Slovenia, Falun (5) i Sverige, Lahti (2) i Finland, Lillehammer og Oslo i Noreg, samt Štrbské Pleso (2) i Slovakia.
Norske Bjørn Dæhlie vann FIS-pokalen for andre gong i rad, framfor Vladimir Smirnov frå Kasakhstan og Vegard Ulvang på tredjeplass. Dæhlie var bestemann i fem enkeltrenn, Smirnov og svenske Torgny Mogren sigra begge i to individuelle tevlingar, medan nordmennene Ulvang og Sture Sivertsen, italienaren Marco Albarello og russaren Aleksej Prokurorov, alle saman vann kvar sitt enkeltrenn.
Individuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Bjørn Dæhlie | Noreg | 696 |
2 | Vladimir Smirnov | Sovjetunionen | 649 |
3 | Vegard Ulvang | Noreg | 576 |
4 | Torgny Mogren | Sverige | 488 |
5 | Marco Albarello | Italia | 351 |
6 | Silvio Fauner | Italia | 308 |
7 | Mikhail Botvinov | Sovjetunionen | 292 |
8 | Sture Sivertsen | Noreg | 285 |
9 | Aleksej Prokurorov | Sovjetunionen | 251 |
10 | Terje Langli | Noreg | 234 |
11 | Václav Korunka | Tsjekkoslovakia | 226 |
12 | Giorgio Vanzetta | Italia | 207 |
13 | Jan Ottosson | Sverige | 199 |
14 | Christer Majbäck | Sverige | 194 |
15 | Erling Jevne | Noreg | 181 |
16 | Maurilio De Zolt | Italia | 171 |
17 | Gianfranco Polvara | Italia | 170 |
18 | Igor Badamsjin | Sovjetunionen | 157 |
19 | Johann Mühlegg | Tyskland | 149 |
20 | Thomas Alsgaard | Noreg | |
Gudmund Skjeldal | Noreg | 130 | |
22 | Jari Isometsä | Finland | 126 |
23 | Hervé Balland | Frankrike | 121 |
24 | Jochen Behle | Tyskland | 120 |
25 | Andrej Kirillov | Sovjetunionen | 119 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup_1992/93» frå Wikipedia på tysk, den 7. desember 2020.